Vernevest i trøbbel – dødeleg kule greidde å smette seg inn

7.januar 2025 kom NRK med ei slags oppdatering av politidrapssaka som har skakt ved sjølve innvolane til det «trygge» norske samfunnet. 25 år gamle Markus Botnen hadde på seg skotsikker vest, men døydde likevel av ei kule frå våpenet til 41 år gamle Geir Roald Hodne. No viser det seg at den skotsikre vesten ikkje dekte området der politibetjenten vart skoten. Bistandsadvokaten til familien seier det er bra at politiet undersøkjer tryggleiken rundt sokalla «vernevest».

Det at desse vestane no blir kalla vernevestar, er nok fordi dei diverre ikkje viser seg å vere skotsikre.

NRK skriv at skotet trefte frå sida i venstre overarm, og gjekk derfrå vidare inn i overkroppen. Den tunge vernevesten til politiet har «delvis beskyttelse av overarmene». Skotet trefte heilt i ytterkanten av overarmsbeskytttelsen slik at det vart hòl i ytterstoffet til vernevesten. Politiet seier vidare at akkurat der skotet gjekk gjennom ved kantsaumen, er det ikkje beskyttelsesmateriale som er designa for å stanse skot.

Det ser no altso ut til at vernevesten har blitt ein av dei «mistenkte» i den snart henlagte saka. Kripos skal nemleg undersøkje nemnde vernevest vidare for å forsøke å finne ut «hvordan overarmsbeskyttelsen var plassert når prosjektilet traff Markus».

Det er førebels ukjent om vernevesten skal få sin eigen bistandsadvokat.

Bistandsadvokaten til dei etterlatne til Botnen seier til NRK at «[a]v hensyn til politiets sikkerhet synes de det er en god ting at de går ut med opplysninger om verneutstyr». Han legg òg til at dei er i ei stor og botnlaus sorg.

Tryggleiksutstyr er ein viktig del av arbeidsantrekket til politi når dei står i vegkanten og utfører trafikkontroll. Det kan nemleg vere kaldt og surt ute, og med vinterens tydelegvis kataklysmiske snøfall er det nok mange bandittar der ute som har vinterdekk som ligg lite grann under tillatne mønsterdjupn. No når det i tillegg er mørkt ute, er det nok mange kjeltringar som slurvar med å skifte lyspærer som plutseleg ikkje fungerer. Då er det bra at politiet – med fungerande verneutstyr – er der og kan drive inn ein bråte med forenkla førelegg til statskassa. Enkelte reagerer alltid negativt på slik sanksjonering, og då må vernevestar fungere slik dei skal.

Det er for både NRK og Saksyndig ukjent kven som produserer desse tydelegvis defekte vernevestane for politiet. Vi reknar med at slik informasjon er hemmelegstempla.

Frå spøk (?) til alvor: Det at gjerningsmannen er død, ser ut til å få politiet til å rette fokus mot dei meir tekniske delane av etterforskinga. Og då kom vernevesten inn som ein reddande dødsengel.

Kommenter innlegget