«Synchronicity»: Mogleg evidens for at vi lever i ei datasimulering – mi personlege erfaring

Tanken har ofte streifa både meg og andre fritenkjande individ: Lever vi eigentleg i ei datasimulering?

På engelsk har ein uttrykket synchronicity, «synkronisitet», som inneber at dersom du har korrekt tankesett, so skjer det brått ein serie heldige lykketreff der du oppnår alle dine mål og ønske. Ein kan bokstavleg tala tenkje seg til suksess. Dette er ikkje berre forsøk frå life coach-ar, influencerar og helseguruar på å selje seg inn hjå lettlurte, blåøygde kundar – dette hevdar òg dei som har ingen økonomiske incentiv for å gjere det.

Lat oss ta eit døme frå mitt eige liv. I slutten av 2023 såg alt særs mørkt ut for meg. Eg hadde vore arbeidsledig i lengre tid etter den usaklege oppseiinga frå den private sjukeheimen. Det var umogleg for meg å finne arbeid i ein sektor som visstnok skrik etter folk. Den kommunale helsetenesta i nabokommunen bad meg nærast om å ryke og reise på mitt førebels siste jobbintervju hjå dei. Elles møtte eg skepsis, tvil og regelrett misnøye hjå andre arbeidsgjevarar. Trass at eg hadde ein karriere på 17 år i helsesektoren, hengte alle som éin seg opp i kvifor eg hadde blitt oppsagt frå den sjukeheimen eg knapt jobba eit halvt år på.

Ei rekkje uheldige hendingar i fortida hadde gjeve meg dårlege erfaringar med leiarar – spesielt kvinnelege leiarar, der enkelte kanskje burde ha valt ein annan karriere for si eiga mentale og fysiske helse si skuld. Tre ganske alvorlege personalkonfliktar hadde øydelagt mitt gode namn og rykte i den lokale helsesektoren, og «pandemien» og all kontroversen knytt til synspunkta mine rundt den og mRNA-injeksjonane hadde gjeve meg arbeidsforbod i den kommunale helsesektoren i landets nest største kommune.

Utan betre ting å ta meg til, og med nesten inga inntekt, valde eg å tilbringe nokre veker i Sunnfjord, der eg passa huset til foreldra mine medan dei var i utlandet. Like etter at eg køyrde dei 20 mila opp dit, kom det store mengder snø som i praksis gjorde vegane ufarbare. Vintervedlikehaldet av vegane i området er i beste fall diskutabelt, og erfaringsmessig kunne det vere regelrett farleg å ferdast på vegen om det var dårleg føre. Eg køyrde dit måndag føremiddag. Måndag ettermiddag hadde det kome store mengder snø, og to av tre vegar til regionen hadde blitt stengt på grunn av rasfare. Den tredje vegen vart like etter stengt på grunn av vegarbeid.

I ettertid kan det sjå ut som eg akkurat greidde å kome meg opp til Sunnfjord før det vart dårleg føre. Dette kan sjåast på som Synkronisitet 1.

I den lokale bygda måtte eg ein naudsynleg tur innom det lokale vinmonopolet, og ein like naudsynleg tur innom apoteket i nabolokalet. Der trefte eg ein gammal klassekamerat. Då eg gjekk i klasse med han for nesten 30 år sidan, var han ein ufordrageleg jævel, og i ungdomstida hadde han slege inn på ei kriminell løpebane. Nokre år tidlegare miste han lappen etter å ha køyrt og krasja i fylla, og hadde i lengre tid vore utan jobb.

Han fortalde meg at nyrene song på siste verset, og at han hadde ein søknad om uføretrygd til behandling i NAV-systemet. Ventetida var under ein kvar kritikk, med hans eigne ord. I mellomtida budde han heime hjå foreldra sidan han ikkje fekk nokon ytingar frå NAV. Leilegheita han leigde i næraste by hadde han for lengst flytta ut av. Leiga på 14 000 i månaden – straum ekskludert – var ikkje foreinleg med hans låge inntektsnivå. Eg valde å ikkje spørje han korleis han eigentleg fekk tak i pengar, fyren hadde jo mildt sagt rulleblad.

Han spurde korleis det gjekk med meg. Eg svarte temmeleg ærleg at det ikkje gjekk so bra. Eg gav ei rask oppsummering av stoda mi, at eg hadde slite meg ut «i alle år» i helsesektoren og omsider møtt veggen. Det var snakk om NAV-tiltak. Han nikka gjenkjennande. NAV-tiltak hadde han vore gjennom òg, og dei vurderte han som ueigna til lønt arbeid. Kanskje ville dei dømme meg annleis. Eg hadde på den tida i fullt alvor vurdert søknad om uføretrygd, men då eg høyrde korleis det gjekk med han, ombestemte eg meg. Dette kan sjåast på som Synkronisitet 2.

På den tida var det mykje alvorleg sjukdom i familien, sannsynlegvis som ei følgje av ein viss «vaksine». Fleire var særs bekymra for meg, for mora mi hadde fortalt dei om personalsaka mi, og kor urimeleg arbeidsgjevar hadde vore. Alle undra seg over kva for ein plass eg jobba, der eg plutseleg vart oppsagt fordi to kollegaer sendte ein e-post med løgner til leiinga.

I ettertid burde eg aldri ha søkt jobb på den sjukeheimen. Fleire år tidlegare, rundt 2015, då eg jobba på ambulerande team, hadde eg søkt på ei stilling på den sjukeheimen. Då min dåverande sjef, ei tysk dame med bein i nasen (som var konstituert leiar medan «Carina» jobba på sjukeheim), høyrde namnet på sjukeheimen, gjorde ho «korsets teikn» og bad meg droppe heile greia. Eg tok like etter ein telefon til dåverande leiar og fortalde at eg ikkje lenger var interessert i stillinga.

I 2021 søkte eg igjen på stilling på den sjukeheimen. Då førde dårlege referansar frå ein viss kommunal sjukeheim til at leiaren – som var same leiaren som sa meg opp usakleg to år seinare – gav meg avslag.

I ettertid hadde universet gjeve meg to klare indikasjonar på at eg ikkje burde jobbe der. Likevel søkte eg altso jobb der igjen i slutten av 2022. Valet stod mellom den sjukeheimen og eit sjukehus i andre enden av byen. Eg hadde avtala jobbintervju med sjukehuset då eg fekk telefon om jobbtilbod frå den private sjukeheimen av den då mannlege leiaren. Korttidsavdelinga hadde ein kort periode ein mannleg leiar, men han hadde sagt opp i prøvetid og slutta då eg omsider byrja der i mars 2023.

Kvifor valde eg so den private sjukeheimen? Truleg fordi eg fekk jobbtilbod der. Og fordi sjukehuset låg i andre enden av byen og hadde meir enn dobbelt so lang reiseveg. I tillegg var det jo dette med bompengar og den «berykta» Fløyfjellstunnelen, som såg ut til å vere stengt i tide og utide. Det at eg valde det logistisk lettaste alternativet, skulle eg seinare bli straffa hardt for. Kanskje ville noko at eg skulle velje akkurat den private sjukeheimen – berre for å vise meg at mi tid i den dysfunksjonelle, underbemanna, sjukdomsherja helsesektoren var over.

Synkronisitet 3 er sopass spesiell at den må delast opp i fleire «under-synkronisitetar», og vil bli skildra i neste artikkel.

Kommenter innlegget