Sjå òg Del 1 og del 2 (publisert 6. og 7.mars 2022).
Frå 2006 til 2021 jobba eg i den kommunale helsesektoren i ein større vestlandsby. Allereie frå byrjinga av fekk eg høyre frå kollegaer at dette var ein totalitær arbeidsgjevar som historisk var kjent for å usynleggjere og umenneskeleggjere dei fleire tusen tilsette som jobba rundt om på dei mange helseføretaka. Vi var berre ubetydelege brikker i eit digert system, og leiinga på toppen kunne like gjerne ha vore fantasifigurar; vi gjorde alt arbeidet, dei tok all æra for det. Den fyrste historia eg høyrde om, var den sokalla Landås-saka, der ein hjelpepleiar var mistenkt for å ha teke livet av ti bebuarar medan ho jobba som nattevakt på sjukeheim. Saka vart henlagt på grunn av bevisets stilling, men ho fekk ikkje lenger jobbe i helsesektoren. NRK-dokumentaren «Dødsengelen» frå 1995 antydar at dama vart offer for ein særs vondsinna konspirasjon av personalgruppa, som oppfatta ho som ein tanke eksentrisk eller rar. At ei personalgruppe kunne gå so langt som å anklage ein kollega for mord og øydeleggje livet hennar, fann eg ubegripeleg. Seinare framstod dette for meg som meir sannsynleg, då eg sjølv byrja å sjå mørke sider av denne arbeidsgjevaren. Eg ante konturane av det eg kallar psykopatisk forvaltning.
Dei fyrste seks-sju åra av arbeidsforholdet jobba eg som ringjevikar i eit bufellesskap for psykisk utviklingshemma. Dette var ei tid fullstendig utan kontroversar og personalsaker. Eg var populær i personalgruppa og godt lika av bebuarane, som smilte frå øyre til øyre kvar gong dei såg meg kome gåande ned bakken frå hovudvegen. Seinare fekk eg greie på at ein annan kollega faktisk hadde blitt offer for ein konspirasjon i den personalgruppa. Fyrst trudde eg ikkje heilt på vedkomande, men i seinare tid framstår dette som meir truverdig. Kollegaer er ikkje alltid so hyggjelege som dei gjer inntrykk av, og dersom nokon utmerkar seg litt for mykje, kjem piggane ut og planar for å bli kvitt vedkomande blir lagt i all hemmelegheit. Jantelova står diverre framleis sterkt i Noreg. Kollegaen det gjaldt vart kalla inn til møte i administrasjonen der ho vart skulda for å bry seg for mykje om bebuarane, og gje blaffen i kollegaene. Eg hadde på ingen måte det inntrykket av ho. Ho vart omplassert til eit anna bufellesskap i bydelen, og treivst langt betre der.
Hausten 2012, i samband med at eg hadde byrja å utdanne meg til helsefagarbeidar etter at universitetskarrieren min stagnerte, byrja eg å ta ekstravakter på eit ambulerande team som reiste rundt til heimebuande utviklingshemma i to bydelar. Kollegaene mine i bufellesskapet såg på dette som ei «oppgradering» og at eg «steig i gradene». På dette teamet vart eg kjent med avdelingsleiaren «Carina», ei dame i 50-åra som var utdanna vernepleiar. Vi fekk eit so godt forhold at ho byrja å delegere leiaroppgåver til meg, og våren 2013 fekk eg eit årsvikariat av einingsleiar fordi eg var under utdanning, og skifta dermed formelt arbeidsstad frå bufellesskapet og over i det teamet.
Dette lika ein av dei andre vernepleiarane særs dårleg. «Tiril» var ei dame som nett hadde bikka 50, og som hadde utvikla leddgikt, ein tilstand som til tider kunne vere smertefull. Det tok ikkje lange tida før ho byrja å kome med usanne påstandar om meg til Carina, mellom anna at eg ikkje gjorde jobben min, og at eg misbrukte arbeidstida. Carina gav ho beskjed tilbake at brukarar og pårørande fortalde det motsette, dei var fornøgde med jobben eg gjorde. Og «misbruk av arbeidstida» var utføring av arbeidsoppgåver som leiar hadde pålagt meg å gjere, nettopp fordi Tiril ikkje ville gjere dei sjølv. Etterkvart kom det fram, mellom anna frå Carina og fleire andre tilsette, at Tiril hadde vore eit uromoment på dette teamet i mange år, og at ho hadde plaga Carina med psykisk terror og trugslar i fleire år. Bakgrunnen skal ha vore at Tiril var sjalu på Carina fordi Carina var leiar og ikkje ho. Tiril hadde vore leiar i eit bufellesskap i nabobydelen, men skal visstnok ha blitt fjerna frå stillinga.
Carina forsvann brått frå teamet i 2013 og byrja å jobbe i eit årsvikariat på ein sjukeheim i andre enden av byen. Ho gjekk frå å ha gåavstand til jobben, til å bruke over ein halvtime med buss. Eg personleg følte på den tida at ho verka ein tanke overkvalifisert for ein slik jobb. Kvifor skulle ein avdelingsleiar plutseleg byrje å jobbe i eit 60% vikariat på sjukeheim? Vernepleiarar jobbar som regel ikkje på sjukeheimar, sidan den primære målgruppa deira er personar med psykisk utviklingshemming; det at dei er generalistar og kan jobbe overalt, tydar ikkje at dei bør. Etterpå fann eg ut frå ein kollega at Carina gjorde dette for å sleppe unna Tiril. I Carina sitt fråvær kom det ein annan leiar, og ho fann seg ikkje i tullet og tøyset til Tiril. I året Carina var vekke tok eg fagbrev og greidde å «krangle» meg til ei fast 80%-stilling på teamet. Då hadde eg søkt på faste stillingar ved fleire høve, men fått avslag på grunn av problem med referansar.
2014 var året alt klaffa for meg. Eg tok fagbrev, fekk fast stilling, kjøpte meg mi fyrste leilegheit i ein alder av 30, og vart valt til verneombod. Det verka som om dess meir eg fekk til, dess vanskelegare vart Tiril å ha med å gjere. Ho var rett og slett misunneleg på meg fordi ho nok såg på seg sjølv som mislykka. Ho hadde derimot periodar der ho var sjukemeldt, og i den tida fekk eg eit pusterom frå dette mennesket. I 2015 vart eg valt til resultateiningsverneombod – REVO – som var bindeleddet mellom hovudverneombodet og dei andre verneomboda i bydelen. Like etter intensiverte Tiril sin kamp mot meg.
I oktober 2015 konfronterte Tiril meg med at eg skal ha gjort narr av ho overfor kollegaene fordi ho var so mykje sjukemeldt. Eg skal ha kalla dette for «betalt ferie» og «skulking», og sagt at eg kunne tenkt meg litt sjukemelding sjølv. Eg stilte meg uforståande til at eg skal ha sagt dette, men Tiril heldt på sitt. Eg hadde gjort meg sjølv til hennar fiende, og no skulle det kome det ho kalla «konsekvensar». Etterpå gjekk eg til Carina og fortalde kva som hadde skjedd, og einingsleiaren oppretta personalsak på Tiril. Vi vart kalla inn til personalsamtale i november, men denne saboterte Tiril ved å ta med seg to kollegaer som «personleg støtte». Einingsleiar nekta ho dette, sidan kollegaene hadde ingenting med saka å gjere. Som eit resultat vart møtet avlyst. Fleire andre forsøk på å ha møte med oss vart av Tiril på liknande vis sabotert. I mellomtida kunne ho fritt sverte meg overfor kollegaer, pårørande og til og med bebuarar medan leiinga verka makteslause. Sakte, men sikkert vart mitt gode namn og rykte øydelagt.
Sommaren 2016 møtte eg ei venninne av ein kollega av meg som eg forelska meg i. Ho budde i ein annan større vestlandsby, og den sommaren prøvde eg å få eit avstandsforhold til å fungere. Tiril greidde på utspekulert vis å sabotere forholdet ved å fortelje usanne ting om meg til denne kollegaen. Historia om dette er komplisert, og bør lesast for seg. Enderesultatet vart at eg til slutt vart offer for ein konspirasjon, og det frå min eigen sjef som eg stolte mest på av alle på det teamet.
Følgjande skjedde på seinsommaren 2016: Carina overtala meg til å byrje på vidareutdanning i miljøarbeid for psykisk utviklingshemma, eit kurs som vart halde av ein privat fagskule. Eg meldte meg naturlegvis på sidan eg var genuint interessert i ei vidareutdanning. Eg hadde jo ikkje lenger eit forhold å prøve å få til å fungere. Samstundes hadde eg på fritida byrja å undervise utlendingar i norsk på Frivilligsentralen. Kurset fann stad i sentrum kvar måndag, og eg søkte etter råd frå Carina om lønt permisjon måndagane sidan eg som regel jobba kvar måndag. Like etter at eg byrja på kurset, kom einingsleiar og informerte meg at kommunen ikkje hadde avtale med denne private skulen. Han informerte med eit smil at permisjonen min hadde blitt innvilga, men den var ulønt. Eg ville med andre ord tape betydeleg med inntekt, noko som ville ruinere meg.
Han hadde derimot «løysinga». Dei søkte etter 100% stilling som helsefagarbeidar i eit årsvikariat i eit bufellesskap for multihandikappa, og dersom eg takka ja til stillinga, ville eg på papiret framleis ha same stillingsprosent som eg hadde då. Eg takka difor særs motviljug ja til vikariatet, og tida mi på teamet var dermed forbi. Det hadde i praksis skjedd det eg kallar ei «konfliktsanering» og «tvangsomplassering».
Heng du med? Carina og einingsleiar lurte meg til å byrje på eit kurs der dei visste at eg ville bli trekt i løn, og dei visste òg at eg aldri ville godta noko slikt. Dei ville bli kvitt meg, for det var tydelegvis enklare å bli kvitt ein helsefagarbeidar enn vernepleiaren Tiril. På den tida nekta Tiril å kome på jobb dei vaktene ho jobba med meg, og leiinga var nok ein gong sjanselause. Tiril var kronisk sjuk, og dermed «freda». Eg og einingsleiar hadde i tillegg roke uklar etter at eg som REVO varsla Arbeidstilsynet i november 2015, so dette var nok hemn frå hans side. Einingsleiar brukte i september 2016 styringsretten sin til å splitte teamet. Tiril vart verande, Carina byrja som vanleg miljøterapeut i eit anna bufellesskap (ho degraderte seg sjølv fordi ho nok hadde mist trua på seg sjølv som leiar og var utsliten etter årevis med psykisk terror), medan eg byrja det eg i ettertid har kalla ein dom på elleve månader i det tyngste bufellesskapet i bydelen.
Desse elleve månadene i bufellesskapet frå helvete var faktisk so jævlige at eg veit ikkje om eg nokosinne orkar å fortelje om dei. Kort fortalt hadde eg som REVO vore med på å levere inn formell klage på sjefen i dette bufellesskapet vel eit år tidlegare – kor godt forhold trur de vi to fekk? Eg er den dag i dag overbevist om at einingsleiar gjorde dette for å straffe meg, sjølv om han aggressivt nekta for det på den tida. Enden på visa, etter mykje styr og rabalder, vart at eg gjekk med på å erklære meg sjølv «overtallig» i etaten og byrja å jobbe på sjukeheim hausten 2017.
Meir om forholdet mellom meg, Carina og Tiril kan lesast i artikkelen «Psykopaten er vår fiende, men han kan vinnast over», publisert 22.mars 2022. Det er ikkje ei hyggjeleg historie, for i ein kamp mot ein psykopat er der ingen reell vinnar.
So, kor var eg… Eg skulle vel eigentleg skrive litt om leiaroppgåvene eg gjorde då eg var uoffisiell nestleiar frå 2014 til 2016. For å seie det kort, so var ikkje det faktiske arbeidet eg gjorde på langt nær so interessant som den alvorlege konflikten på teamet, ei heller miljøarbeidet eg gjorde med dei mange brukarane (som eg jo ikkje har lov å skrive om uansett sidan det er tausheitsbelagt). Eg hadde ansvar for mellom anna økonomien til dei brukarane eg var primærkontakt for, taxi-rekvisisjonar, inntak av vikarar, og var ved eitt høve med Carina på jobbintervju der eg tok avgjerda å tilsetje vedkomande. Då eg i 2017 byrja på sjukeheim, hadde eg ansvar for legevisitt på avdelinga då vår psykisk sjuke (?) leiar var langtidssjukemeldt, noko ho var ved fleire høve. So nyleg som tidleg 2021 gjorde eg dermed det som kan klassifiserast som leiaroppgåver, og det midt under verste koronahysteriet der leiinga hadde gjort meg til fiende og oppretta personalsak på meg.
Det var trist at ting gjekk som dei gjekk, både på teamet, i bufellesskapet med dei multihandikappa og ikkje minst på den sjukeheimen. Noko av det var nok min feil, men eg er langt ifrå den som har all skuld. Dette var ein kollisjon mellom ego, katastrofalt dårleg kjemi og det eg i ettertid ser på som hybris frå mi side. Når so «pandemien» dukka opp, var alt lagt til rette for ein skitstorm av episke proporsjonar. Og til og med på den aude sjukeheimen vart eg offer for det eg oppfattar som ein konspirasjon. Vil det same skje på den nye arbeidsstaden? Truleg ikkje, for det er ei grense for kor mykje faenskap eit menneske kan ta imot før vedkomande ligg med buken i vêret. For å ta ei oppsummering av mine samla erfaringar, ser somme ut til å vere ute av stand til å tenkje at ein «simpel» helsefagarbeidar kan drive med andre ting enn helsefagarbeid. Å late visse personar leve i den sæle trua at dei er betre enn eg, er nok det tryggaste, same om dei er leiarar, nestleiarar eller sjølverklærte leiarar. Enkelte menneske er rett og slett farlege, og dermed mindre menneske enn resten av oss.