Av Amy Mek, RAIR Foundation USA. Omsett av saksyndig.
Dåverande helsestatsråd Matt Hancock lykkast i oppdraget sitt med å «skremme buksevatn på alle», og tragisk nok gjorde mange barn og eldre britar slutt på livet sitt på grunn av hans kriminelle taktikkar.
Spaltist Allison Pearson har kravd arrestasjon av den britiske «covid-ministeren» Matt Hancock for forsettleg feilåtferd i ein meiningsartikkel i britiske Daily Telegraph. Ho ønskjer òg at «den slimete ormen blir dregen framfor ein Select Committee og beden om å svare for sine handlingar og den enorme skaden desse har forårsaka.»
Telegraph har publisert dei mest oppsiktsvekkjande og fordømmande historiene om maktmisbruk (og «vitskap») av tidlegare helsestatsråd Matt Hancock og kabalen hans under pandemien, sa Pearson. «Eg veit ikkje kva de synest, men etter å ha lese so mykje om deira umogne politiske posering og raknande likesæle, spesielt for barn og eldre, er Raseribøtta mi tom, og eg er redusert til å kaste opp galle,» sa spaltisten.
Ti tusen lekne WhatsApp-meldingar sett av den britiske pressa har avslørt korleis den britiske regjeringa hadde som mål å bruke «frykt» og «skuld» til å tvinge fram masselydigheit under landet sitt nedstengingsregime. Dei avslørte, blant andre ting, at Hancock ønskte å skremme folk.
I ei utveksling sendt i desember 2020 diskuterte Hancock korleis ein best kunne erstatte snakk om Det konservative partiets Brexit-nederlag i media med frykt om pandemien, og såg ut til å føreslå eit strategisk slepp av nyheiter relatert til ein ny covid-variant for å høgne fryktresponsen til folk, rapporterer Breitbart.
«Vi skremmer buksevatn på alle med den nye varianten,» sa han i ein chat med Helsedepartementets medierådgjevar før han deretter spurde nøyaktig når staten burde «sende ut» den nye varianten av viruset for å maksimere verknaden og best nedkjempe anti-nedstengingselement innåt i både Det konservative partiet og Storbritannias Mail on Sunday-avis.»
Sorg
«Sjølv midt i Andre verdskrigen brukte Regjeringa aldri propaganda til å skremme sitt eige folk. Denne gjengen gjorde det. Barn tok livet av seg, og den mentale helsa kollapsa. Utilgjeveleg, Matt Hancock burde bli arrestert for forsettleg feilåtferd i eit offentleg embete,» sa spaltisten på Twitter.
Ho peiker på at Hancock laug om smekkfulle sjukehus. Omsorga stoppa heilt opp på grunn av nedstengingane. Hancock tilbaud til og med NHS [National Health Service; det britiske offentlege helsevesenet; oms.an.] senger for franske covid-pasientar medan han bad det britiske folket om å ikkje plage helsetenesta si slik at dei vart «overvelda». Ho vil at han skal bli kasta i fengsel for all den mentale og fysiske lidinga han har forårsaka.
Søksmål
Slektningar til bebuarar på sjukeheimar planlegg å bruke WhatsApp-meldingar i søksmål mot den tidlegare omsorgsministeren. Pearson rapporterer:
«Somme familiar av sjukeheimsbebuarar førebur eit sivilt søksmål mot Hancock, veit eg. Crown Prosecution Service må då avgjere om det er i folkets interesse å gå vidare med det. Lockdown Files burde tilby kritiske bevis.»
Forskaren dr. Eli David skreiv på Twitter at «den fyrste dominobrikka er fallen». David sa at dette er fyrste gong at ein større hovudstraumsmedieformidlar i eit vestleg land har kravd arrestasjon og straffeforfølging av ein helseminister for sine korona-brotsverk.