Soga om Sidsel Sjukemeldt

Som lesaren truleg er klar over, jobba eg 15 år i den kommunale helsesektoren i ein større vestlandsby. I åra 2012 til 2016 hadde eg den uoffisielle rolla som nestleiar på eit ambulerande team for heimebuande utviklingshemma i ein folketett bydel, og den offisielle rolla som overordna verneombod («resultateiningsverneombod» / «REVO»). I 2014 vart dei ambulerande teama i to bydelar slegne saman til eitt, i tråd med etaten sitt usunne behov for utvikling, sokalla «utviklingstvang». Teamet eg jobba på fekk over natta dobbelt so stort arbeidsområde, og nær dobbelt so mange brukarar, utan at bemanninga vart auka tilsvarande. Arbeidsforholda vi jobba under førde til so mange kritikkverdige episodar at eg til slutt valde å varsle Arbeidstilsynet. Dette fann stad i november 2015, etter at mislykka forsøk på dialog med leiinga og vernetenesta hadde funne stad over lengre tid. Det skjedde på ny ei omorganisering, og teamet mitt fekk igjen berre ansvaret for dei ambulerande tenestene i den eine bydelen. Leiinga vedgjekk derimot aldri at forholda var kritikkverdige; dei var einige med meg i handling, men ikkje i ord. På lang sikt førde dette og andre moment til at eg hausten 2016 vart tvangsomplassert gjennom sokalla «konfliktsanering».

Her kjem ein anekdote relatert til den administrative sfæren. På grunn av det eg i ettertid har kalla «Den store samanslåinga» (der ei fiktiv, lettare humoristisk utgåve som forklarer konseptet, er å finne her), fekk administrasjonen i etat for utviklingshemma to einingsleiarar, der den eine skulle ha ansvaret for det som frå no av blir kalla Bydel A, medan den andre skulle ha ansvar for Bydel B. Frå 1.november 2014 var samanslåinga eit faktum, og to kontor i administrasjonsbygget vart tildelt kvar av dei to einingsleiarane. Eg skal her skyte inn og presisere at teamet mitt òg hadde kontor i det bygget, og at eg difor til ei kvar tid hadde oversikt over stoda i etasjen. I etat for tenester til utviklingshemma i den bydelen var dette ein unik situasjon. Administrasjonen var under normale omstende utilgjengeleg for «dei på golvet».

Einingsleiar A, ein bælfeit brande som eg her kallar «Tore», hadde allereie kontor i bygget. Det var det fysisk største kontoret, og låg på solsida av bygget. Ein lønnskonsulent hadde nettopp gått av med pensjon, so det vesle kontoret til vedkomande stod ledig. Det vart reservert for einingsleiar B, som eg her kallar «Sidsel». Eit namneskilt hadde blitt hengt opp på døra til kontoret. Ho jobba før det i nabobydelen, den nemnde Bydel B, og skulle etter planen ha vore med og leia eit informasjonsmøte i administrasjonsbygget 1.november. Ho dukka aldri opp på møtet, so Tore måtte halde møtet åleine. Etter å ha forhøyrt meg i administrasjonen, fekk eg vit på at Sidsel var sjukemeldt, og at ho hadde vore det «ein periode». Det var uvisst når ho kom tilbake i arbeid. I mellomtida stod det vesle kontoret ubrukt og tomt. Døra var låst, og ingen såg ut til å ha nøkkel. Den nytilsette lønnskonsulenten måtte dele kontor med ein av vernepleiarkonsulentane sidan kontoret skulle stå klart til at Sidsel skulle overta det. Sannsynlegvis (eller forhåpentlegvis!) i næraste framtid.

Nede i kjellaren stod det ei ubrukt parkeringslomme som var spesifikt reservert Sidsel. Ingen andre fekk bruke den, og ei kjegle hadde blitt installert der.

November gjekk over til desember, og inga Sidsel hadde sett sine bein i administrasjonen. Under eit møte spurde eg einingsleiar Tore om når den nye einingsleiaren eigentleg ville kome her. Då hadde eg registrert at lønnskonsulenten av og til måtte gjere arbeidet sitt ute i kantina, sidan vernepleiarkonsulenten ho delte kontor med hadde ein tendens til å kaste ho ut når han hadde brukarar der, eller når han berre ville ha fred. Tore svarte nokso bryskt at Sidsel framleis var sjukemeldt, og at han ikkje visste når ho ville kome tilbake. Det hadde han strengt teke ikkje noko med, sa han – dette var hans overordna, etatsdirektøren, sitt domene. Eg spurde han om ikkje nokon skulle bruke kontoret mellombels medan Sidsel var vekke, til dømes den stakkars lønnskonsulenten. Då svarte Tore at dette ikkje var mitt problem. Deretter reiste han seg opp og vagga over golvet i veg mot sitt digre, solbada kontor.

Desember 2014 vart til januar 2015. Sidsel var framleis sjukemeldt, og både kontoret og parkeringslomma stod ubrukt. Ein morgon stod ei lettare forvirra vaskedame utanfor det vesle kontoret og prøvde å låse opp døra. Ho såg gjennom den vesle vindaugsglipa at støvlaget låg temmeleg tjukt i vindaugskarmen, og der var antydning til spindelvev oppe i takhjørnet. Ingen av nøklane hennar passa. Tore kom tilfeldigvis forbi, sveitt og tomatraud i ansiktet, stressa som få. Eg spurde han om han hadde nøkkel til kontoret. Han rista irritert på hovudet. Vaskedama måtte berre ignorere det vesle rommet.

Eg snakka ofte med dei andre tilsette i administrasjonen, dei pla ofte å stikke innom kontoret når eg sat og skreiv rapport etter å ha vore ute hjå dei heimebuande brukarane. Eg spurde dei ofte om Sidsel. Til mi store overrasking hadde ingen faktisk møtt ho. Men ei av dei kjende tilfeldigvis ein avdelingsleiar i eit bufellesskap i Bydel B som kjende Sidsel både som privatperson og einingsleiar. Bufellesskapet hadde tilfeldigvis avtale med teamet om å vere med oss på tunge stelloppdrag i den bydelen. Ein dag tidleg i februar 2015 kom eg omsider i prat med nemnde avdelingsleiar. Ho sa at Sidsel hadde vore sjukemeldt sidan tidleg oktober 2014. Ho var uviss på kvifor. Men Sidsel hadde mykje fråvær då ho var sjefen til avdelingsleiaren, og dette hadde vakt reaksjonar i bydelen. Den store samanslåinga hadde ført til at ho hadde fått lang pendleveg, og ho lika ikkje å køyre i den tette bydelstrafikken. Men kva som eigentleg var årsaka til at Sidsel aldri såg ut til å kome seg på jobb igjen, var avdelingsleiaren anten genuint uvetande om, eller ho ville ikkje seie det. Det var ikkje hennar sak, men det var i aukande grad hennar problem. Einingsleiar Tore (hennar nye sjef) måtte nemleg gjere Sidsel sine arbeidsoppgåver i tillegg til sine eigne, og dette dobbeltarbeidet såg ut til å tære på mannen. Han var ikkje akkurat ein ungdom, og han sleit med helsa. Eg trudde på ho, for ein fyr med ein slik diger mage kunne umogleg vere frisk!

Månadene gjekk og Sidsel heldt berre fram med å vere sjukemeldt. Skiltet med namnet hennar hang på døra heilt til oktober 2015. Då vart det over natta fjerna. I tillegg stod ein framand bil parkert i den no ledige parkeringslomma nede i garasjen. Grunnen var for meg openberr: Etter eit års sjukemelding er den sokalla «verneperioden» mot oppseiing over, og det vil vere lettare for arbeidsgjevar å seie opp ein tilsett som berre er sjukemeldt. Eg spurde forsiktig einingsleiar Tore om Sidsel ikkje lenger «jobba» som einingsleiar. Mannen berre snudde i døra og gjekk tilbake dit han kom frå. Ein månad seinare, i november 2015, opphøyrde samarbeidet mellom dei to bydelane når det gjaldt ambulerande team for heimebuande utviklingshemma. Varselet mitt til Arbeidstilsynet kan ha vore medverkande årsak, men i ettertid har eg grunn til å tru at prosjektet likevel hadde blitt avslutta utan mitt «inngrep» i den kommunale forvaltninga. Tore hadde jobba seg frå sans og samling i eit år, og dobbeltarbeidet hans hadde ført til at han ikkje hadde tid eller lyst til å ta seg av dei interne stridigheitene på teamet. Til dømes at eg vart trakassert av ein kollega med psykopatiske trekk, og at sjefen min ein periode vart mobba vekk frå arbeidsplassen og leiarstillinga si.

Ein morgon stod døra inn til det vesle kontoret open. Ein nytilsett HR-konsulent var i ferd med å flytte inn tinga sine, og fekk hjelp av ein vernepleiarkonsulent å flytte inn møblement. Lønnskonsulenten som måtte dele kontor med ein annan vernepleiarkonsulent, var det ingen som heilt visste kor hadde teke vegen. Ettersom vi framleis fekk lønn, tyda det på at ho hadde fått kontor i eit anna bygg i etaten der ho kanskje kjende seg meir velkommen. Kven veit.

I løpet av det skandaløse året 2014-2015 vart Sidsel i mitt interne univers heitande Sidsel Sjukemeldt. Ho vart sjølve skuleeksempelet på ein tilsett som berre gjekk sjukemeldt, og som ingen fekk lov å stille spørsmål om. I seinare år, når ein tilsett gjekk sjukemeldt vinter og vår, vart denne tilsette av meg gjeve det generiske tilnamnet Sidsel Sjukemeldt. Etaten gjorde i si tid ei fabelaktig kommunal feilinvestering ved å tilsetje ein einingsleiar som faktisk ikkje gjorde eit handverk det året ho liksom skulle ha ansvaret for ein heil bydel med psykisk utviklingshemma heimebuande.

Endelaust fråvær eller fråvær i tide og utide skaper naturlegvis store problem for dei fleste verksemder. Det fekk Tore erfare, då han måtte gjere jobben til ein kollega som valde å aldri kome på jobb. At Byrådsavdelinga via etatsdirektøren (og sannsynlegvis kommuneadvokaten) til slutt valde å gripe inn og avslutte arbeidsforholdet til Sidsel, reknar eg som sannsynleg. Sidsel hadde ifølgje avdelingsleiaren i Bydel B ei forhistorie med mykje fråvær, og same kva som er årsaka, vart det til slutt temmeleg openbert at fråværet ville skape problem òg i framtida. Det var her skjerpande omstende at einingsleiar Tore til slutt vart sjukemeldt på grunn av sine helsemessige utfordringar, og dei kan ha blitt forsterka av det som må ha vore ei drepande arbeidsmengd. Det var òg skjerpande omstende at eg som overordna verneombod til slutt måtte varsle Arbeidstilsynet fordi det interne varslingssystemet hadde brote saman på grunn av «sprengt arbeidskapasitet», i mangel av betre ord.

Sidsel hadde ikkje plikt til å informere arbeidsgjevar om eventuelle diagnosar. Ho hadde derimot plikt til å informere ærleg om eiga funksjonsevne, kor lenge ho trudde fråværet ville vare, og moglegheiter for å leggje til rette for ho på arbeidsstaden. Eg nemnde ein gong til sjefen min at sidan Sidsel tydelegvis ikkje var i stand til å jobbe som einingsleiar, so burde ho faktisk få seg ein litt mindre krevjande jobb. I eit sjeldant raseriutbrot ropte sjefen min «du har ikkje monopol på sanninga!!». Ein slik reaksjon på ein kommentar kunne tyde på at ho kanskje visste meir om den eigentlege grunnen til Sidsel Sjukemeldt si ekstreme arbeidsvegring.

Som hovudregel kan ein tilsett vere sjukemeldt med sjukepengar i inntil eit år, før vedkomande må finne andre kjelder til livsopphald. Dette gjeld òg gradert sjukemelding. I oktober 2015 fekk Sidsel Sjukemeldt endeleg kniven på strupen av arbeidsgjevar. Ho måtte 1) kome seg tilbake i arbeid, 2) gå over på attføring, eller 3) bli vurdert for uføretrygd. Frå november 2015 og til eg vart fjerna frå kommunen i juni 2021 søkte eg ofte på namnet til Sidsel i det interne registeret over kommunalt tilsette. Ho dukka aldri opp igjen der, so då er det nærliggjande å tru at ho gjekk over på trygd. Det er til sjuande og sist endestasjonen når ein tilsett ikkje lenger kan (eller vil) vere i ordinært arbeid.

Er arbeidsplassen din plaga av ei Sidsel Sjukemeldt? Fortvil ikkje, for ingen kan gå sjukemeldte og skape problem for arbeidsgjevar på ubestemt tid.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s