Russia Today (RT.com) skriv 28.september 2022 at EU kjem med forslag om å forby russisk toalettpapir. Andre russiske produkt på denne føreslegne forbodslista omfattar barberingsprodukt, såpe, tanntråd og deodorantar. Desse skal bli forbodne å importere frå Russland og inn i EU.
Ifølgje nettstaden er dette den åttande bølgja av anti-russiske sanksjonar, som vart avdekt i Brüssel sist onsdag (28.september 2022). Forbodet vil òg omfatte fleire stålprodukt, og forsøke å innføre eit pristak (priskontroll, engelsk price cap) på russisk olje.
Priskontroll som intervensjon skal aldri seiast å ha fungert i praksis; eit slikt statleg kontrolltiltak vil berre føre til at produsentar sluttar å produsere vara som blir gjenstand for priskontroll, fordi forteneste blir umogleg. Til dømes, om staten innfører priskontroll på brød, vil følgjande scenario utspele seg:
Det kostar brødprodusenten 5 kroner å produsere eit brød. Han sel brødet for 10 kroner, og sit igjen med 5 kroner i forteneste. Inflasjon fører til at det kostar 10 kroner å produsere brødet. Han må dermed selje brødet for meir enn 10 kroner for å unngå tap. Resultatet er at prisen på brød stadig stig etter kvart som produksjonsprisen aukar. Staten pålegg han derimot via priskontroll å framleis selje brødet for 10 kroner, i eit forsøk på å unngå ågerprisar. Fortenesta blir dermed null. Inflasjonen fører snart til at det vil koste 15 kroner å produsere eit brød, men på grunn av priskontroll må produsenten framleis selje brødet til 10 kroner stykket. Han taper på å produsere brød, noko som er stikk i strid med eigne interesser. Dermed vil produsenten anten gå konkurs, eller velje å ikkje lage brød i det heile. Dette er ei forenkling av prosessen, men logikken bak er at priskontroll aldri vil løyse auka produksjonsprisar, men gjere det ulønsamt og til slutt umogleg å produsere produktet.
Men, tilbake til nemnde artikkel på RT.com… President i Europakommisjonen, Ursula von der Leyen er av RT sitert på å seie følgjande:
«Vi aksepterer ikkje den bedragerske folkerøystinga og noka slags form for annektering i Ukraina, og vi er bestemte på å få Kreml til å betale for denne eskaleringa.» Ho refererer til det at fire regionar i Ukraina (Donetsk, Kherson, Luhansk og Zaporizjzja) nyleg har halde folkerøystingar om å få bli med i Russland. Ukraina og vestlege nasjonar har avfeia desse røystingane som ugyldige og ulovlege.
Det er her verdt å merke seg at berre nokre dagar før von der Leyen sine ytringar, begjærte Hakle, ein av Tysklands største toalettpapirprodusentar, seg konkurs på grunn av dei skyhøge prisane på energi og kjeldemateriale. Som RT skriv:
«Hakle og andre tyske selskap har bede den føderale regjeringa om å innføre priskontroll på energi som ein måte å halde seg solvente på – men det var før ein serie av eksplosjonar på måndag [26.september 2022] skadde dei to Nord Stream-røyrleidningane og stengde Tyskland ute frå russisk naturgass, kanskje permanent. I mellomtida har tenestepersonar i regjeringa instruert tyskarar om å dusje mindre og bruke vaskeklutar, for å spare på varmtvatnet.»
Talskvinne for det russiske utanriksministeriet, Maria Zakharova, trekte samalikningar mellom sparinga på sanitærprodukt og vatn, og det at den franske keisaren Napoloen for 200 år sidan visstnok fortalde kona si Josephine «ikkje vask deg».
Med ein Tysklands største toalettpapirprodusentar konkurs, og eit forbod mot import av russisk toalettpapir, er det spennande å følgje med på den vidare utviklinga rundt sanitærprodukt-situasjonen i EU. Burde dei bruke utskrifter av EU-direktiv til å tørke seg i ræva med i staden for?