Av Ethan Huff, Natural News. Omsett av saksyndig.
I tilfelle du ikkje har funne det ut enno, so handla den ekte plandemien aldri om eit luftbore virus. Det har alltid vore dei sokalla «vaksinane», der innhaldet no drep hundretusenvis av folk kvar veke, ifølgje den nyaste statlege rapporten.
Dei «fullvaksinerte» er dei levande døde, der dei går rundt med eit skadd immunforsvar plaga av piggprotein og andre dødelege toksin som overveldar helsevesenet med sjuke og døyande pasientar.
Du vil ikkje høyre om dette på «nyheitene», naturlegvis, fordi dei tel ei heilt annleis historie enn den som blir spreidd av dei som styrer, som ønskjer at vi alle skal tru at sprøytene «reddar liv». Sanninga er at sprøytene utfører ein massiv befolkningsreduksjon no, rett føre auga våre.
Talet daglege rekvireringar av ambulansar i England, som eitt døme, er no so høgt at systemet der har problem med å sende mannskap å rykkje ut til kvart oppdrag. Sjukehus blir òg overvelda med pasientar som lid av sprøyte-skapte sjukdommar, noko som gjer at få, om nokon, sjukehus har senger for andre pasientgrupper.
CDC: Myokarditt-risikoen er 133 gonger høgare blant fullvaksinerte
Britiske National Health Service (NHS), ifølgje ein informasjonsfridom-førespurnad, har bekrefta at talet hjarterelaterte naudsituasjonar dobla i 2021, samanlikna med 2020 og tidlegare år. I 2022 so langt, held talet framleis fram med å stige raskt etter kvart som den langsiktige konsekvensen av sprøytene køyrer sitt løp.
Vi veit frå dei siste datadiagramma – du kan sjå dei på Global Research – at ambulanserekvireringar held fram med å stige månad etter månad, med ingen ende i sikte.
Mange av desse oppdraga gjeld yngre menneske, berre for å gjere det tydeleg, og ikkje berre dei eldre. Unge menneske som elles ville ha vore spreke som fjordingar, er no svekte med eit skadd hjarte, som i mange tilfelle resulterer i hjarteinfarkt eller slag.
Overtalsdødsfall skyt òg til himmels når injiserte piggprotein samlar seg opp inni kroppane på folk og dannar proppar som, i mange tilfelle, endar opp med å resultere i død.
Ha i minne at når sjukehusa fyrst stengde ned på grunn av «viruset», var eigentleg personalet på ferie. Der var aldri verkeleg eit utbrot av sjukdom av nokon nemneverdig storleik til etter Operasjon Warp Speed vart sett i verk, som i seg sjølv sleppte helvete laust i verda.
No, takka vere sprøytene, er fleire hundre millionar menneske vandrande tidsinnstilte bomber som går i lufta tilsynelatande heilt tilfeldig. Og helsevesenet er ute av stand til å handtere alle av dei.
Det amerikanske Centers for Disease Control and Prevention (CDC) har visst om dei hjarteskadande effektane av sprøytene i lang tid. Dei publiserte ein studie tilbake i januar, der dei sette fokus på det faktum at folk som blir injiserte for Fauci-influensa [Covid-19], har 133 gonger større sannsyn enn dei ikkje-injiserte for å utvikle myokarditt.
«Dette tydar at covid-vaksinasjon aukar risikoen for å lide av myokarditt med sjokkerande 13 200%,» rapporterte Global Research.
«Til slutt skader myokarditt hjartet slik at resten av kroppen ikkje får nok blod. Proppar kan då danne seg i hjartet, som fører til slag eller hjarteinfarkt. Andre komplikasjonar av tilstanden inkluderer plutseleg hjartedød.»
«Der finst inga mild utgåve av myokarditt, det er ekstremt alvorleg på grunn av at hjartemuskelen er ute av stand til å gjendanne seg. Difor, når skaden fyrst er gjort, finst det ingen måte for å skru klokka tilbake.»
Ifølgje Office for National Statistics (ONS) i Storbritannia, sprengjer overdødelegheit i Operasjon Warp Speed sin alder alle skalaer, spesifikt blant dei som er delvis eller fullstendig injiserte. I mellomtida viser dei uvaksinerte ingen slike effektar.