Av Bo Banks, Big League Politics. Omsett av saksyndig.
Under sin nylege tale i FN, bad New Zealands statsminister Jacinda Ardern om at Internett må sensurerast.
«Som leiarar er vi med rette bekymra for at sjølv dei mest lettbeinte tilnærmingane til desinformasjon kan tolkast som å vere fiendtlege vil verdiane til ytringsfridom som vi verdset so høgt,» hevda ho.
«Men medan eg ikkje kan fortelje dykk i dag kva svaret er på denne utfordringa, kan eg seie med komplett visse at vi kan ikkje ignorere det. Å gjere det utgjer ein like stor trugsel mot normene som vi alle verdset,» la ho til.
Mest markant argumenterte Ardern for at uregulert fri tale på Internett var eit «krigsvåpen».
«Trass alt,» heldt statsministeren fram i talen. «Korleis kan de vellykka avslutte ein krig dersom folk blir leia til å tru at grunnen for at den eksisterer ikkje berre er juridisk, men nobel?»
«Korleis taklar de klimaendring dersom folk ikkje trur at den finst?»
Ho la til: «Våpena kan vere ulike, men målet til dei som held fram med å bruke dei er ofte det same: Å skape kaos og redusere andre sin evne til å forsvare seg sjølve, å oppløyse lokalsamfunn, å kollapse den kollektive styrken til land som arbeider saman.»
«Men vi har eit høve her til å sikre oss at desse spesielle krigsvåpena ikkje blir ein etablert del av krigføring.»
Ardern har møtt mykje motbør sidan ho heldt talen sin. Mange kritikarar avslører hennar «det er for alle sitt beste»-retorikk, nedlatande tone og fortidig hykleri når det gjaldt Covid-19-nedstengingar, og hennar falske medkjensle.
«Ein av dei farlegaste talane du kjem til å høyre i år, eller neste år. Den liberale, totalitære impulsen er i aukande grad openberr,» skreiv den konservative politiske kommentatoren Dan Bongino.
«Ho likar ikkje ‘kaos’. Hugs at det motsette av kaos er total kontroll. Når ho seier at dei har ‘våpen’ for å takle alt som utfordrar hennar utgåve av sanninga,» sa Bev Turner, mediepersonlegdom. «Ho er verkeleg den verste typen totalitære leiar som bruker behova til kollektivet ‘for ditt eige beste’. Skremmande.»
«Klimaendring har alltid eksistert, i millionar på millionar av år. Berre i dei siste 100 åra har vondsinna kommunistar påstått at dei kan kontrollere den for å slavebinde toskane som dei kan skremme til å tru på dei,» delte skodespelar Nick Searcy.
Frå talen ber Ardern om sensur av alle som går mot politisk korrektheit og hovudstraumsforteljinga.
Dersom Ardern får det som ho vil, vil kvar form for dissens bli fjerna frå offentleg diskurs. Dei som framleis tek del i desse «krigsvåpena» vil visseleg stå overfor konsekvensar som liknar Covid-19-nedstengingane på New Zealand.
Aldri gløym kor langt desse tyrannane er viljuge til å gå for å oppnå makt og kontroll.