Av Mary Villareal, Natural News. Omsett av saksyndig.
Kayla Lemieux, ein transkjønna ungdomsskulelærar i Ontario, Canada, fekk global merksemd då bilete og videoar av ho dukka opp på sosiale media der ho viste fram sine sinnssjukt store, falske bryst.
Under press frå foreldre kom skuledistriktsstyret i Halton (HDSB) med ei melding der dei forklarte at dei ikkje kunne gjere noko på grunn av menneskerettskodeksen til provinsen.
Uheldigvis for Lemieux var elevane ved Oakville Trafalgar High School sjølve ikkje tilhengjarar av teateret hennar, der fleire slutta seg til ein liten protest utanfor skuleområdet. Ein av dei erklærte «dette er ein skule, ikkje eit sirkus. Vi ønskjer berre å lære ting.»
På eit skulestyremøte kom det forslag om å vurdere å endre kleskoden deira – og det kan seinare få som konsekvens at Lemieux vil måtte kaste vekk sine protesepuppar, som kan seljast for so mykje som 1000 dollar på nettet.
HDSB sa at dei anerkjenner rettane til elevar, personale, foreldre og føresette, og medlemmer av lokalsamfunnet når det gjeld likeverdig behandling utan diskriminering basert på kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. «Kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk er beskytta med heimel i Ontario Human Rights Code,» sa HDSB i ei melding.
Derimot dukka ein gjeng med demonstrantar opp ved innkøyrselen til skulen 23.september, der dei ropte at skuletilsette måtte beskytte barna.
Fleire andre heldt òg opp skilt der det stod «inkludering er ikkje noka orsaking for perversjon» [på engelsk Inclusivity is no excuse for depravity], og «Ein lærars personlege propaganda høyrer ikkje heime i klasserommet.»
Ein petisjon frå Campaign Life Coalition som krev at Lemieux får sparken, har allereie samla over 3500 signaturar av eit mål på 4000. Petisjonen skriv: «Personar som identifiserer seg som ‘transkjønna’ får ikkje gjere som dei vil når det gjeld å groome barn og utsetje dei for seksualisering og seksuelle bilete,» som gjeld i saken, sidan «dette er ei form for seksuell utnytting av barn gjort av ein lærar som tilsynelatande er i djup ubalanse.»
Elevar som deltok i protesten sa at dei var knytte til ein kleskode som forbyr synlege brystvorter eller vising av genitalia, so dei undra seg over kvifor dei same reglane ikkje gjeld Lemieux.
Demonstrantar frå ei trubasert gruppe kalla Action 4 Canada bad òg om at medlemmer av rektoratet og skulestyret måtte trekkje seg frå embetet fordi dei hadde mislykkast i å beskytte elevane.
Medan all denne ståheien gjekk føre seg, beskytta skulen Lemieux ved å frakte ho ut av skulen via innkøyrselen til ein nærliggjande YMCA-barnehage, der ho vart køyrt vekk frå området.
Dette stoppa ikkje demonstrantane, som lovde å halde fram kampen, og som allereie planlegg fleire demonstrasjonar.
Skulestyret seier at dei er «forplikta» til å beskytte Lemieux
På eit nyleg HDSB-møte, la medlem Tracey Ehl Harrison fram eit forslag, som deretter vart vedteke einstemmig, at direktøren blir beden om å levere til styret ein rapport i november som adresserer kleskoden.
Utan å kome med namn, snakka Harrison om meldingane ho fekk om korleis læraren såg ut, og sa at somme av dei var fæle meldingar som nådde grupper langt utanfor grensene til Canada.
Dersom ein kleskode blir handheva, kan Lemiex måtte kvitte seg med brysta.
Derimot gjentok HDSB-direktør for utdanning, Curtis Ennis, at styret er forplikta til å beskytte læraren.
«Leia av vår plikt i den fleirårige strategiplanen og plikta vår til ansvarleggjering- og handlingsplanen for menneskerettslikeverd, The Way Forward, har Halton-distriktsskulestyret som mål å handtere denne merksemda på ein måte som vedlikeheld verdiane våre, respekterer privatlivet og verdigheita til elevane og personalet, og med tryggleiken og velværet til elevane og personalet som vår høgaste prioritet,» las han frå ei i forkant skriven melding.
«Medan eg forstår ønsket for informasjon av folket, verken kan eller vil vi offentleg diskutere noko emne som identifiserer personalet vårt direkte eller indirekte. Eg stoler på at folket vil forstå dei parameterane som styrer oss,» sa han vidare.
Lemiex er beskytta både av eit privat tryggleiksfirma og betjentar frå Halton sitt regionale politi. Lemiex, som skulestyret, nekta å svare på førespurnader om intervju, og valde i staden å vere stille om problemet.
Sjå denne videoen for ein rask titt på den transkjønna kanadiske læraren som gjekk viralt på nettet.