Sjå òg «Totalovervaka C40-byar eit faktum innan år 2030 – Jan Terje Voilaas: Sel alt de eig og har og røm til avsidesliggjande øyar langs norskekysten!», publisert 22.september 2023.
World Economic Forum (WEF), som for tida førebur seg til orgiar med prostituerte og luksusmat i alpinlandsbyen Davos, har etablert eit program dei kallar C40, som har som mål å skape sokalla «smartbyar». Dette er eit høgst dystopisk samfunn der eliten totalovervakar og totalkontrollerer livet til innbyggjarane (les: fangane) på digitale måtar. Dei som kjenner den britiske TV-serien Black Mirror får ei viss aning om korleis denne framtida vil bli.
I ein smartby kan alle tenester bli fjernkontrollert og potensielt stengt ned av styresmaktene, inkludert matrasjonar (for det vil bli rasjonering!), elektrisitet, transport og internett-tilgang. Dette som ei form for straff eller under kriser som herskarane erklærer.
No åtvarar Shyam Batra, ein kandidat for ordførarembetet i London, at C40-initiativet vil føre til ein situasjon der byar liknar på «opne fengsel» med streng kontroll over borgarane sine rørsler, tilgang til ressursar og til og med dagleg kaloriinntak. Innføringa av C40 er allereie undervegs i sjølvaste hovudstaden til eliten og den internasjonale djupstaten, London, der ein har planar om å utvide prosjektet til andre storbyar. Dette involverer øydelegginga og gjenoppbygginga av bysentrum (tenk «build back better»), som ein ser i det hypotetiske scenarioet der Los Angeles skal bli gjenoppbygt til 2028-olympiaden. Dette antydar, slik S.D. Wells skriv i ein Natural News-artikkel, ein vidare agenda av sosial kontroll under dekke av teknologiske framsteg og miljøberekraft.
Som Wells skriv (mi omsetjing):
«Smartbyar er eit dystopisk mareritt som WEF prøver å implementere akkurat no, der alt er elektrisk og kan bli skrudd av med eit trykk på ein knapp av herskareliten, inkludert digitalvaluta, elektriske KI-kontrollerte køyretøy, mikrohus med smartmeter, all offentleg transport, internett og all mat – dette vil bli rasjonert ut dagleg av diktatorane gjennom ei kaloriavgrensa maksimalmengd tildelt via SMS-ar. Dette kan ein ikkje dikte opp.»
Black Mirror-manusforfattar Charlie Brooker gjorde ei rekkje ærlege forsøk i nemnde serie, der fleire episodar framstiller nettopp ei framtid med totalovervaking. I episoden «Nosedive» («svalestup»), som hadde premiere 21.oktober 2016, er innbyggjarane i ein smartby heilt tilgjengelege av å bli «likt» på Facebook for å få tilgang til ressursar og tenester i samfunnet. Dei som ikkje greier det, blir utstøytt og til slutt innesperra i forvaringsfasilitetar. Her er det i praksis eit sosialkredittsystem som er bunde opp til sosiale media.
Wells skriv vidare:
«Kandidaten til ordførarembetet i London, Shyam Batra, varslar no om kor vond denne planen verkeleg er, og seier at all mat, kraft, elektrisitet og bankverksemd kan bli skrudd av med eit tastetrykk om befolkninga bryt nokre reglar. La du nettopp ut kritikk av regjeringa på sosiale media? Les di innkomande tekstmelding frå C40-diktatoren: ‘Ingen matkreditt-rasjonar for deg i dag; du braut ‘community standards’.
Sa nokon at nokon ein eller annan stad i byen har influensa? Det må vere den neste pandemien. Les di innkomande tekstmelding frå C40-diktatoren: ‘Kriseåtvaring: Heile byen er stengt ned på grunn av eit utbrot av eit nytt virus. Ingen straum til elektriske køyretøy vil vere tilgjengelege inntil vidare. Ikkje forlat heimen dykkar av nokon grunn. Dei som bryt lova vil bli straffeforfølgt og ingen matrasjonar vil bli leverte til dykk.»
Shyam Batra skildrar vidare C40 som eit «ope fengsel», som ein «uendeleg covid-19-pandemi-situasjon». Og vidare:
«Der vil ikkje vere nokon jobbar for nokon i byen som ligg utanfor 15-minuttsbyen, og der vil ikkje vere nokon køyretøy, maskiner, traktorar eller produksjonsverk som fungerer på gass eller diesel i det heile. Det er ein diabolsk plan om å kontrollere kvart eit aspekt av kvar person sitt liv, so ikkje bli lurt til å tenkje at det berre er ein slags kul, moderne, grøn måte å redde verda frå klimaendring. Det er skjult avfolking, og tvangsvaksinering med trugsel om våpenbruk vil kort tid etter følgje i alle C40-ar.
Det er meir sannsynleg enn usannsynleg at Los Angeles blir brent ned til grunnen akkurat no for å førebu oppbygginga av den som ein C40-by i førebuing for 2028-olympiaden. Forvent at fleire storbysentrum plutseleg bryt ut i flammer dei neste par åra for å tvinge alle til lydigheit. George Orwell hadde rett om alt. På ein eller annan måte kjende han framtida – anten det, eller so følgjer WEF rett og slett hans fiktive ‘spelebok’.»
Sjå òg «Lèt dei Los Angeles brenne ned med vilje slik at dei kan byggje ein smartby?», publisert 15.januar 2025.
