iNyheter rapporterer: I 2024 auka utbetalingane av sosialhjelp med 23%, medan talet mottakarar steig med 15% samanlikna med året før (2023). Dette er ifølgje tal frå NAV. Blant unge under 30 år var veksten 13%. Arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte seier til VG at dette er høge tal, men dei er diverre ikkje overraskande.
Auka levekostnader tvingar ifølgje NAV fleire til å søkje sosialhjelp for å dekkje grunnleggjande utgifter som mat, og Kirkens Bymisjon kallar utviklinga «urovekkende». NAV trur at mykje av auken skuldast ukrainske flyktningar og fleire trygdemottakarar som ikkje lenger klarer seg utan «supplerende støtte».
Det er eit faktum at levekostnadene har auka dramatisk sidan 2020 og starten på plandemien. So kom den på alle måtar framprovoserte stadfortredarkrigen til NATO mot Russland i Ukraina, som førde til ei rekkje sanksjonar som var meint å ramme Russland, men som i staden ramma alle andre. Det er òg eit faktum at det per dags dato bur særs mange ukrainske flyktningar i Noreg, og at alle er fordelt meir eller mindre tilfeldig over heile landet. UDI skriv på sine heimesider at per 15.januar 2025 har 92 000 ukrainarar kome til Noreg sidan krigen braut ut 24.februar 2022. Regjeringa har derimot gjort innstrammingar i regelverket for kollektiv beskyttelse for ukrainarar det siste året, slik at ukrainarar som kjem frå sokalla «trygge område» ikkje lenger er omfatta av ordninga med mellombels kollektiv beskyttelse. I tillegg har talet søknader om beskyttelse frå ukrainarar i 2024 gått ned med over 47% samanlikna med 2023.
Ukrainske flyktningar er ein del av forklaringa, men ettersom det ser ut til å kome færre ukrainarar til landet – og talet personar på sosialhjelp har gått opp – kan det tyde på at mottakarar av sosialhjelp stort sett er nordmenn eller norske statsborgarar. Fleire trygdemottakarar som ikkje lenger klarer seg utan «supplerende støtte».
Som vanleg aular det av sterke meiningar i kommentarfeltet til iNyheter. «Roxtar» («rock star») skriv:
«Vi får håp ungdommene ikke forvandles til sosialistiske snøflak, men skjønner at de må opp om mårra’n og gjøre noe selv, om det skal bli lykke og velstand i livet.»
Ein lesar ved namn «Roger Moore» skriv:
«Men det er jo bra nyheter for myndighetene. Dette er jo hva de vil. De importerer klienter til NAV. Så klag ikke at det går for mange på sosialen når dere importerer dem hit. Start å sende folk UT istedenfor INN så vil tallene falle dramatisk.»
Desse to kommentarane representerer etter mitt syn to ytterpunkt i diskusjonen om moglege årsaker til den auka førekomsten av sosialhjelp. Ungdommar er for late til å få seg skikkeleg jobb, og klientar frå enkelte land har funne ut at det er enklare å utnytte velferdssystemet enn å slite seg ut i ein tung jobb i eit land der dei har vanskar med å skjøne språket. Eg kjenner personleg mange ukrainarar, og eg tviler sterkt på at det er hjå dette folkeslaget problemet ligg – dei er generelt særs arbeidsviljuge, i motsetnad til visse andre folkeslag. Faktum er at alle asylsøkjarar ei tid lever på sosialhjelp i form av utbetalingar frå UDI to gonger i månaden. Dermed blir dei ein del av statistikken – fram til dei får fast opphald og dermed greier å skaffe seg jobb.
Har ein fyrst hamna på trygd, ser det derimot mørkt ut. Om prisen på billegaste merke av grillpølser og karbonadar omtrent doblar seg frå eine veka til den neste, seier det seg sjølv at det blir smalhans. Heldigvis ligg prisen på billegaste ølmerke på Rema 1000, Coop og Kiwi framleis på eit nokolunde anstendig nivå, so full dommedag er det ikkje enno.

DIGGER at Saksyndig kaller PLANdemien for PLANdemi! 🙂 Kanskje ikke kontrollert oppo likevel?
Men burde kanskje FOKUSERE mer på planetfengsel gridden…..?
Tog du an? Fokusere? 😀
stop5g.cz
Bitchute.com: 60 ghz, graphene oxide, 60 ghz and oxygen-absorption
LikarLikt av 1 person