Kan vi forvente høgreekstreme åtak i det sjølvgode og moralsk forderva ineptokratiet Noreg?

Nyleg kom det ut tre sokalla «trugselrapportar» frå norske styresmakter, meir presist frå dei tre aktørane som opererer under norsk tryggleikspolitikk: Etterretningstenesta (E-tenesta), Politiets sikkerhetstjeneste (PST) og Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM). Som Olav Boye korrekt påpeiker i ein artikkel publisert på Steigan 8.februar 2025, er det fyrst og fremst Russland som blir utpeikt som ein sentral trugsel mot Noregs tryggleik. Han meiner at oppfatninga av Russland som ein «trugsel» mot Noreg er både historisk og noverande uriktig, mellom anna ved at Russland aldri har gått til åtak på Noreg.

I skarp kontrast til løgna om at Russland utgjer ein fare for Noreg, kjem det at Noreg, NATO og USA sine eigne krigshandlingar ikkje blir nemnt med eit ord. Dei driv ifølgje Boye «omfattende spionasje mot Russland, etter ordre fra USA». Han skriv at USA har ønske om å svekkje den russiske føderasjonen ved å dele opp Russland i minst sju nye statar. Målet er å få kontroll over dei store mengdene av olje, gass og viktige mineral på det enorme russiske landområdet. USA ønskjer i tillegg å svekkje EU, «for egen maktbase», og har difor «omringa» Russland med eit stort tal militære basar, «en strategi som Norge er en del av med våre mange USA-baser på norsk jord».

Eg ventar ikkje at dei sokalla «tryggleikstenestene» kan eller vil sjå bjelken i eigne auge. Dei får for godt betalt til det.

Eit anna punkt som til dømes PST – eit av dei tre hovuda til det norske etterretningstrollet – vel å rette merksemd mot, er det dei kallar «høgreekstreme» (folk som ikkje blindt følgjer autoritet og rådande «korrekte» meiningar). Følgjande sitat er henta frå side 40 i PST sin rapport «Nasjonal trusselvurdering 2025» (uthevingar er Saksyndig sine eigne):

«Det er imidlertid noen overordnede utviklingstrekk og hendelser som kan påvirke terrortrusselen fra høyreekstremisme i Norge. Dette er særlig utvikling som kan underbygge høyreekstremisters konspirasjonsteorier om at ‘den hvite rase’ er truet. For mange høyreekstremister vil faktisk eller opplevd økt ikke-vestlig innvandring til Vesten være en slik mobiliserende faktor. Økt innvandring til Norge fra land i Midtøsten og Afrika som følge av pågående kriger og humanitære kriser er et slikt eksempel. For andre vil opplevelsen av at det norske samfunnet er i moralsk forfall være mobiliserende. For høyreekstremister kan dette være det norske samfunnets aksept for liberale kjønnsidentiteter og vedvarende normalisering av LHBT+-rettigheter.»

Auka ikkje-vestleg innvandring til Vesten er ikkje ein «konspirasjonsteori», men eit dokumenterbart faktum. Dette kan enkelt avdekkjast ved å føreta demografiske analysar av til dømes norske byar og tettstader, og so samanlikne tala med korleis samansetninga av nordmenn og ikkje-nordmenn var for til dømes tjue år sidan (sokalla diakron analyse, sjølv om dette omgrepet gjerne blir nytta innan språkforsking for å dokumentere endringar i språket over tid). Denne faktiske auka innvandringa harmonerer særs godt med nordmenn si opplevde erfaring av at det blir stadig fleire «nye landsmenn» i det norske samfunnet. Og når det gjeld «pågåande kriger og humanitære kriser», er det på sin plass å spørje kven som har starta desse krigane og krisene. Akkurat som Boye rettar eg ein harmdirrande finger på USA og NATO. Ingen andre driv nemleg på slik.

Side 46 i same rapport:

«Høyreekstremister ser på myndighetene som landssvikere, og anklager dem for å legge til rette for utsletting av ‘den hvite rase’. Samtlige politikere blir sett på som representanter for eliten og den korrupte staten. For norske høyreekstremister har den politiske venstresiden, og særlig Arbeiderpartiet, en sentral plass i disse konspirasjonsteoriene. Oppfattet tilrettelegging for ikke-vestlig innvandring og opplevde negative konsekvenser av innvandring vil fortsatt virke mobiliserende på myndighetshatet i høyreekstreme miljøer.»

Det er ikkje berre tilnærma ukontrollert innvandring som har ført til at folk har minka tillit til styresmaktene. Plandemien, der samfunnet vart stengt ned etter ordre frå høgste hald, og der grunnlaget for nedstengingane har fått 60 års hemmeleghald, er ein særs tungtvegande faktor som absolutt svekkjer – eller burde svekkje – tilliten folk har til styresmaktene. Om «våre» politikarar ikkje hadde noko å skjule, hadde der heller ikkje vore noko hemmeleghald. Å overlate eit land til ei framand makt, slik norske og andre vestlege politikarar so tydeleg gjorde, er i dei aller fleste lovverk rekna som landssvik. Og etter Andre verdskrig vart landssvikarar dømt til døden og familien stempla for all framtid. Berre sjå kva som skjedde med den ganske so ukjende sonen til landssvikar Henry Rinnan.

Kritikken om moralsk forfall i Noreg og andre vestlege land kjem mildt sagt ikkje ut av det blå. Kvifor har det som før vart sett på som avvik og til og med psykiatrisk diagnostisert, plutseleg blitt allestadsverande? Og kvifor reagerer dei aller fleste nordmenn negativt på påstanden om at Noreg er ein gjennomkorrupt bananrepublikk, ei blanding mellom demokratur og ineptokrati, slik Terje Hansen so glimrande seier det i ein artikkel publisert 5.februar på Foreningen Lov og Helse? Den norske befolkninga er etisk og moralsk forderva, i tillegg til å lide av urealistiske stordomstankar om si eiga fortreffelegheit. Den norske sjølvgodheita får utlendingar til å sjå på oss som eit ganske so «uspiselig» folkeslag. Kven vil ha noko som helst å gjere med hjernevaska narsissistar som fullstendig manglar bakkekontakt, og som er so fulle av seg sjølve at dei tek selfiar medan dei køyrer bil?

Dei tre «leiarane» som styrer dei uhyre røyndomsfornektande norske tryggleikstenestene forventar terroråtak frå «høgreekstreme», medan det gjerne er visse andre aktørar som faktisk utfører slike åtak – kanskje dei sjølve. Om vi lèt den intellektuelle og spirituelle utviklinga i Noreg gå som den går, vil vi ikkje lenger behøve indre eller ytre fiendar for å øydeleggje samfunnet; vi klarer det fint åleine. Akkurat som Romarriket vil skipet gå ned av seg sjølv medan kaptein og mannskap står på dekk og tek selfiar.

Kommenter innlegget