Anstendig kaffi og subtil gift på Bergen storsenter

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er meir eller mindre oppdikta. Sjå òg «Hersketeknikkar og subtil gift på Loddefjord-bussen», publisert 12.februar 2025.

Ein mann i slutten av 30-åra med briller og rufsete, raudblondt hår går inn på Bergen storsenter frå den travle Busstasjonen. Blikket hans prøver å finne eit biletvakkert, men farleg ansikt i havet av «nordfjordingar», arbeidssky trygdedamer og skuleskulkande snøflak-ungdommar. Han treng ikkje leite lenge, for Karl dukkar opp som troll i øskje, berande på eit klirrande nett frå det lokale Vinmonopolet. Dei to handhelsar på kvarandre, før Karl nikkar mot bakeriet i andre enden av lokalet. Det er tilfeldigvis eit ledig bord med to stolar der, og dei to mannfolka går bort til disken, der det står ei vakker blondine med store puppar på utstilling. Perleøyredobbane og det lekre sølvsmykket glitrar like vakkert som dei perfekte tennene hennar i det ho tek i mot ein ordre på to koppar anstendig kaffi.

Då ho ser Karl sin imponerande fysikk, blir brystvortene synlege på det lyseblå stoffet på den tettsitjande skjorta ho går med. Den stakkars jenta kan ingenting gjere med dette synlege teiknet på seksuell opphissing. Med raudnande kjakar glir ho over til kaffikannene.

Snart sit dei to karane ved det ledige bordet. I lokalet summar det av stemmer frå dei mange mangfaldsbrune ansikta, norsk er ikkje å høyre der i det heile.

«Flott at du kunne møte meg,» seier mannen med briller.

«Eg var likevel i byen,» seier Karl der han sit tilbakelena på stolen som om han ikkje hadde ei bekymring i denne verda. «So, Stian, no når vi sit her… Kva har du på hjartet?»

«Vel, fyrst vil eg berre beklage at eg kom tjue minutt for seint til møtet vårt. Du vil sikkert ikkje tru meg, men bussen min frå Loddefjord køyrde i grøfta like før Damsgårdtunnelen fordi to ‘nordfjordingar’ byrja å ha sex i midtgangen! Bussjåføren sat og filma det heile. Brått svinga vegen, men det gjorde diverre ikkje bussen.»

«Eg trur deg.» Karl smiler roleg. «Det har vore ein del slike ‘uhell’ i det siste. Det ser ikkje ut som den gjengen greier å styre lystene sine. Du kan ta eit menneske ut av ‘Nordfjord’, men du kan ikkje ta ‘Nordfjord’ ut av eit menneske.» Han tek ein slurk frå kaffikoppen. «Men nok om det. Snakk til meg.»

«Hmm, kor skal eg byrje… Ingeborg Senneset byrjar å bli litt vel plagsam. Folk høyrer altfor mykje på ho. Ho har fått ein megafon når ho heller burde ha fått ein ball-gag, om du skjøner.»

«Eg skjøner utmerka kva du snakkar om. Og eg og mine folk er på saka. Vi held på å løyse Senneset-problemet

«Det var då bra. Kva har de tenkt å gjere med ho? Har de tenkt å…?» Han fører ein finger over halsen sin.

«Hehe, vi er ikkje mafiaen!» Karl flirer der han sit. Blondina med dei store puppane og dei altfor synlege brystvortene kastar han eit langt blikk frå bak disken der ho hjelpelaust står på utstilling. «Vi lyt tenne ein medie-motbrann

«Jaha?» Stian tek ein slurk frå kaffien medan han sit bøygt over bordet. Berre halve ræva hans er på stolen.

«Vi må ta i bruk vår vesle armé av skribentar. Dei må lure subtil gift inn i minnet på folk. Sjølv om dei kanskje ikkje hugsar det dei har lese eller høyrt på grunn av 5G-strålinga, vil undermedvitet deira hugse det. Dei vil dermed utvikle ein ganske so subtil aversjon mot Senneset på grunn av desse ‘innplanta’ meiningane. Tenkjetankar driv med slikt heile tida, og dette veit propagandaapparatet å utnytte. Vi må bruke hersketeknikkane og den subtile gifta mot ho. Ho lyt få smake sin eigen medisin. Iallfall smake på noko, for dama er so tynn at ho ser ut som ho skal knekke i eit vindkast.»

«Huff, enkelte burde beskyttast mot seg sjølv! Ein skulle ikkje tru vi hadde spesialhelseteneste i landet lenger!»

«Nei, helsesektoren slik vi alle kjenner den kollapsa i 2021.» Karl tek ein ny slurk av kaffien. «Tenk på det. Dei som takka nei til ‘vaksinen’ vart fjerna. Dei som takka ja, vart arbeidsudyktige. Sjå på stoda i dag. Når var du sist innom eit helseføretak? Då eg var på Haraldsplass i januar på… på rekognosering, trudde eg at eg hadde enda opp i Nigeria!»

«Hmm, eg har lurt på kvifor det er so mange neg—» Han avbryt seg sjølv. «Øh… so mange ‘nordfjordingar’ overalt.»

«Djupstaten importerer dei frå land i Afrika med låg mRNA-injeksjonsprosent. Injiserte er jo altfor sjuke til å vere i arbeid. Kanskje ei deltidsstilling eller helgestilling til naud. Noreg kjem berre til å bli fattigare og svart—» Karl avbryt seg sjølv. «Øh… meir «nordfjordsk» etter kvart som tida går. Men nok om det. Våre folk er på saka, og Senneset kjem etter kvart til å forsvinne. Sakte, men sikkert.»

«Kva om djupstaten beskyttar ho?»

«Det gjer djupstaten allereie. Men dei er ikkje so mektige som ‘alle’ vil ha det til. Det finst svake ledd i kjeda. Utru tenarar som er leie av all vondskapen, korrupsjonen og barneofringane.»

«Ofrar dei barn?» Stian sit der med store auge.

Karl nikkar alvorleg. So seier han:

«Trump er tilbake i Det kvite hus, der han høyrer heime. Biden har sannsynlegvis fått fast plass på aldersheim, der han utan tvil høyrer heime. Dei kvite hattane vil sigre, men det vil nok ta litt tid. Du skjøner, Stian…» Han tek ein ny slurk av kaffien. «Eliten er driven av vondskap, medan det store fleirtalet er drive av dumskap. Vondskap kan ein kjempe mot, for den er rasjonell. Dei skryter til og med i full offentlegheit over det dei har tenkt å gjere, slik at vi alltid kan liggje eit hestehovud framfor dei. Dumskap, derimot, er irrasjonell og dermed umogleg å kjempe mot; ein veit liksom aldri kor ein har dei, eller kva dei kan finne på. Alle idiotane må vi berre lære oss å leve med – medan dei framleis er blant oss, vel å merke.» Han trekkjer på skuldrene. «No… Er det noko meir du lurer på medan eg er her?»

«Vel…» Stian gnir seg på haka der han sit og tenkjer.

Begge kaffikoppane er tomme. Den søte, unge blondina med dei store puppane med synlege brystvorter listar seg bort til dei med ei diger kaffikanne.

«Øh, vil de ha påfyll…??» spør den synleg kåte jenta.

«Er påfyllet gratis?» spør Karl, på ingen måte flørtande eller smigrande.

«G-gratis…??» Ho blir raud som ein tomat medan blikket flakkar. «Eg har eigentleg ikkje lov av sjefen…!! Påfyll er—» Dei store puppane eser medan ho hiv etter pusten. «Påfyll er halv pris…!! Diverre…!!»

«Heilt i orden. Vi vi ikkje ha.» Karl smiler høfleg til ho. Jenta stikk seg tilbake til sin faste utstillingsplass bak disken. Stian ser at ho formar ordet «faen!» på dei vakre leppene.

«No har eg funne ut kva eg vil ha svar på,» seier Stian, medan han ikkje heilt kan sleppe blikket frå den stakkars jenta. «Kva er det eigentleg med Coop-Malin? Kor er ho hen? Ho er ikkje på Coop OBS på Vestkanten lenger, kan det verke som.»

Noko mørkt dukkar opp i auga på Karl. Det er akkurat som om det samlar seg mørke skyer over bordet. Han rettar ein nærast åtvarande peikefinger mot Stian og seier svakt med ei stemme som er ein halv oktav djupare:

«Ho snakkar vi ikkje om.»

«Jaja, greitt!» Stian løftar hendene med eit avvæpnande smil.

«No må eg gå. Eg har bilen i Bygarasjen. Eg skal køyre til Førde.»

«Førde? Kva skal du der?» Stian ser lettare himmelfallen ut der han sit.

«Det er hemmeleg,» svarer han bryskt i det han reiser seg. Polnettet klirrar i neven hans. Det er akkurat som ei gardin har lukka seg.

«Å ja…» Stian reiser seg òg. «Vel, takk for tida di.»

Karl forlèt lokalet med raske steg utan å svare. Stian ser etter han der han forsvinn i det mørke folkehavet.

Kommenter innlegget