NRK fremjar prompeturar: Skal vere bra for fordøyinga

20.februar 2025 beviste NRK nok ein gong at vi må revurdere den tvinga betalingsordninga til statskanalen. Ein artikkel byrjar med følgjande ord: «En gåtur etter at du har spist er bra for fordøyelsen, særlig hvis du promper samtidig.»

Artikkelen har som bilete dei to lesbene Hilde og Helle, som går tur (og visstnok fis) i det kalde, klare solvêret på Grünerløkka i tjukkaste Oslo. Kjærasteparet har kasta seg på den nye trenden, som på godt «norsk» blir kalla fart walks – «prompeturar». Dei synest trenden er veldig morosam, og snakka dagen før om å gjere det etter at dei hadde ete ute, slik at dei slapp å liggje og fise om natta.

Trenden skal ha starta med den kanadiske skodespelarinna Mairlyn Smith, der ho la ut videoar av prompeturar med mannen. Målet med desse «vindfulle» turane er å lette på fordøyinga. Saksyndig vil leggje til at det ikkje er det slag løye at slikt fisesnakk kjem frå nettopp Canada, sidan landet har vore plaga med ein WEF-diktator i mange år, var eit totalitært regime under covid-tida, og har eit eutanasi-lovverk som i praksis opnar opp for å avlive utviklingshemma, psykisk sjuke og fattige. Alle slike underlege utspel frå folk flest der borte er difor å vente. Dei er eit skadd folkeslag som ikkje veit betre. Og det at nordmenn no apar etter denne fisetrenden, viser at vi kanskje er like skadde i hovudet.

For å sitere Hilde:

«Jeg tenker at det er veldig fornuftig. Da får man i gang systemet. Og så er det sykt befriende å bare gjøre det i fri luft i stedenfor å holde den inne.»

Professor i fordøyingssjukdommar Asle Willhelm Medhus bekreftar at aktivitet (inkludert spaserturar) er fra for fordøyinga. Det å gå «strekkjer ut systemet», i forhold til å sitje eller liggje. Og for inneklimaet sin del er det vel òg betre å gå rundt og småfise utandørs enn å liggje på sofaen og fise og vri på seg.

I det siste har det vore særs kaldt vêr ute, og det ein kan kalle rekordførekomst av luftvegsvirus. Mange har vore heime frå jobb og stort sett lege på sofaen og hosta, nose og kanskje prompa. No når folk byrjar å bli friske luftvegsmessig, kan ein då vente å sjå (og høyre!) forelska jentepar som går hand i hand rundt om i solbada parkar medan dei slepper ut søte jentefisar? Ikkje naudsynlegvis. Det er eit vêrskifte på gang no etter at halve februar har vore eit iskaldt Sibir-mareritt, so alt regnet og vinden vil nok få desse trendfisane spreidd for alle vindar. Det er på høg tid at regnet kjem og vaskar vekk visse ureine element som har fått feste seg i det norske landskapet.

Kommenter innlegget