Dødsbøner til sjukepleiarar – greier dei å motstå freistinga?

Sjå òg «Eliten vil AVLIVE våre eldre for å spare pengar», publisert 11.mars 2025.

1000 tilfeldige medlemmer av Norsk Sykepleierforbund (NSF) har fått spørsmål om dødshjelp, og nesten ein tredjedel har sagt at pasientar har bede om hjelp til å døy. Dette rapporterer Sykepleien. På det konkrete spørsmålet «Har pasienter bedt deg om hjelp til å dø?», svarer 32,2% «ja», 62,3% svarer «nei», medan 5,5% er usikre eller ønskjer ikkje å svare. Ifølgje kreftsjukepleiar Bente Westad, som Sykepleien har intervjua, handlar det om at pasientar ikkje orkar meir. Dei er ofte redde for å døy i smerte.

Dette er symptomatisk på alvorlege sjukdommar slik som langt framskriden kreft, men òg symptomatisk på rolla den moderne sjukepleiaren har teke på seg som portvakta over liv og liding på den eine sida, og død og lette på den andre. Enkelte har diverre teke på seg den rolla med langt større iver enn andre. Dei elskar å myrde, og dei elskar å kunne kontrollere kven som skal «få sleppe», som er den godtekne sjukeheimseufemismen for å døy.

Eg skjer naturlegvis ikkje alle sjukepleiarar under éin kam, men sjukepleiarar generelt ser ut til å ha blitt meir positive til aktiv dødshjelp, som Sykepleien ganske nyleg skreiv. Ifølgje deira eigne spørjeundersøking blant 1000 tilfeldig utvalde medlemmer av NSF, svarer 37,8% av dei spurde «ja» på spørsmålet «Synes du Norge skal legalisere aktiv dødshjelp?». 36,5% svarer «nei», medan 25,7% er usikre.

Enkelte sjukepleiarar har praktisert si eiga liberale tolking av lovverket i ei årrekkje, men har diverre aldri blitt straffa for det. Eit lite fleirtal er heldigvis framleis sopass anstendige at dei heller vil fokusere på palliativ pleie (slik som smertelindring) enn å systematisk avlive pasientane sine. Dei seier heilt klart at dei ikkje vart sjukepleiarar for å ta liv, «men for å lindre og bidra til helbredelse». Dei er framleis i fleirtal – enn so lenge. Visse sjukepleiarar som har myrda pasientar heile karrieren har diverre ei eineståande evne til å intimidere og korrumpere. Sykepleien burde ha laga ei ny spørjeundersøking der dei stiller spørsmålet:

«Om du hadde fått valget mellom å avlive pasienter og slutte i jobben, hva hadde du valgt?»

Å finne ny jobb i våre dagar er ikkje berre-berre, noko eg personleg har mykje erfaring med. Då gjer det ikkje ting lettare om to halvgamle kjerringar som vart tekne på fersken i å myrde pasientar går til sjefen og lyg, slik at referansar frå den arbeidsstaden blir ubrukelege. Om eg sjølv hadde fått valet mellom å avlive ein pasient eller misse jobben, hadde eg nok gått til politiet. Enkelte er diverre so lite mentalt oppegåande at dei hadde teke «utfordringa» på høgste alvor.

Sjå òg «Er vi omringa av NPC-ar?», publisert 14.mars 2025.

iNyheter skreiv òg om saka om dødsbøner til sjukepleiarar. NSF-leiar Lill Sverresdatter Larsen karakteriserer dette som ei «høyst reell utfordring for helsepersonell». Ho skildrar det i tillegg som ein «konkret og krevende del av arbeidshverdagen», og etterlyser meir støtte til sjukepleiarar som står i slike etiske dilemma, i tillegg til å krevje auka kompetanse på lindrande (palliativ) behandling.

Ho nemner diverre ikkje med eit ord alle dødsenglane som har infiltrert helsesektoren, og som dagleg avlivar pasientar medan dei står der og kniser, på randa av orgasme. Dei er dårlege menneske med mørke sinn – noko særleg meir er det ikkje å seie om den saka frå mi side. Eg prøvde å eksponere dei, men vart fjerna.

Som vanleg er kommentarfeltet langt meir underhaldande (?) enn sjølve artikkelen. Her følgjer eit representativt utval.

Astraios skriv:

«Norske sykehus og kvinnelige sykepleiere har 25 % sykefravær. Det er dødsrisiko nok.

Og med AP har ventetiden på helsehjelp vokst til 71 dager – for hos AP er det greit at folk dør i helsekø så lenge den er offentlig

Wolverine skriv:

«Først går Venstre ut og lufter tanken på aktiv dødshjelp:
https://www.document.no/2025/03/09/venstre-vil-utrede-aktiv-dodshjelp/

Så kommer en artikkel om pasienter som ber om hjelp til å dø.

Ser vi starten på en propaganda til for fremme aktiv dødshjelp i Norge?

Jeg synes ikke dette bare ser ut som tilfeldigheter

Odd skriv (ganske so urovekkjande):

«På det sykehjemmet min far måtte være på var det ingen som spurte om noen ville avslutte livet. Men de ansatte satte opp kraftig kald gjennomtrekk så de gamle fikk lungebetennelse og døde inkludert min far. Jeg klaget, men de ringte anonymt hjem til meg og truet meg.
Det var deres måte for å kunne ta imot nye pleietrengende. Politikerne vil gjerne ha bort dem som ikke lenger betaler skatt. Jeg synes ikke slikt er riktig selv om politikerne ønsker å gi bort enda mer penger til krig

Polardego skriv:

«Avliving kalles det, når du er lei av bikkja drar du til veterinæren og får den avlivet, og når du er lei av din gamle bestemor drar du til fastlegen og får henne avlivet

Sjå òg «Dødsenglar har invadert helsesektoren: Varslar seier NHS gav ordre om eutanasi for å blåse opp talet Covid-19-dødsfall på sjukehus», publisert 30.juni 2023.

One comment

Kommenter innlegget