Tok Deagel feil om dramatisk folketalsfall i Vesten?

Saksyndig har ved fleire høve skrive om den mystiske nettsida Deagel.com, og deira nifse prognosar for Noreg og resten av Vesten. Som eg skreiv i den fyrste artikkelen, publisert 9.februar 2022, er sida ei privat nettkjelde for den militære evna til verdas nasjonalstatar, og kjem mellom anna med analysar og prognosar av folketal, BNP, forsvarsbudsjett og meir. Dei er tett knytt til amerikansk og internasjonal etterretning, og førebur konfidensielle briefing-dokument for mellom anna National Security Agency (NSA), FN og Verdsbanken.

Prognosar om året 2025 skal ha dukka opp 26.oktober 2014. Eg siterer frå nemnde Saksyndig-artikkel:

«26.oktober 2014 kom Deagel med prognosar for året 2025, der dei kom med anslag for BNP, militærbudsjett og kjøpekraft. For å seie det mildt, var prognosane særs dystre mellom anna for Noreg og USA. USA vil gå frå å ha eit folketal på 326 620 000 i 2014 til å berre ha 99 553 100 menneske i 2025. BNP, militærbudsjett og kjøpekraft vil bli tilsvarande drastisk redusert. For Noreg hadde dei nesten like illevarslande tal: ein reduksjon i folketal frå 5 150 000 i 2014 til 2 535 820 i 2025. Medan USA vart spådd å få meir enn 70% reduksjon av folketalet, spådde Deagel at folketalet i Noreg ville bli meir enn halvert.

Deagel kom med eit langt notat på slutten av dokumentet. Der skriv dei mellom anna at den oppsiktsvekkjande reduksjonen av spesielt USA sitt folketal vil kunne skuldast migrasjon på grunn av ein kollaps av det vestlege finanssystemet. Amerikanarar vil rett og slett migrere til Latin-Amerika og Asia. Dei som blir igjen, i hovudsak eldre på pensjon, vil truleg døy av di kollapsen av økonomien vil stanse alt av trygdeytingar. Mange vil òg i fortviling ta livet av seg fordi dei ikkje klarer å tilpasse seg det nye verdsparadigmet, der land som Russland og Kina vil ha same posisjon som USA har hatt inntil no. Ei tidlegare verdsmakt vil nærast bli om til eit utviklingsland – og korleis vil Noreg sjå ut om vi lid same lagnad? Landa vil ikkje vere gjenkjennelege, og levestandarden vil vere langt dårlegare.»

Ein faktor som kom inn i biletet i 2020, var «pandemien», som Vesten såg ut til å bruke som eit påskot for å førebu Den store nullstillinga (The Great Reset). I høve covid-19-prosjektet, vart det tilbake i 2022 spådd at alle covid-vaksinerte kom til å døy innan 2025. Det har sidan den gongen døydd ein god del, men langt frå alle. I tillegg er folketalet i Noreg openbert ikkje under tre millionar. Den heilt store massedøden som Deagel spådde har rett og slett ikkje skjedd. Tydar det at dei tok feil?

Sjå òg «Det er på tide å snakke om Deagel sin dystre 2025-prognose igjen», publisert 4.november 2023, og «Hadde Deagel rett? Globalistane har nifse planar om å utrydde den vestlege sivilisasjonen», publisert 26.april 2023.

Ein faktor som dukka opp i 2022, tilfeldigvis same månad som eg skreiv om Deagel fyrste gong (februar 2022), var NATO og USA sin stadfortredarkrig mot Russland – kjent som Ukraina-krigen. Spådommen til Deagel, som dette kartet viser, er at Ukraina no i 2025 skal ha hatt ein reduksjon i folketalet på 17,1%. Til sjokkerande samanlikning skal det norske folketalet ha blitt redusert med heile 50,8%. Folketalet i Noreg er, ifølgje Statistisk sentralbyrå, for tida i underkant av 5,6 millionar.

Ein annan blogg som skreiv om Deagel sine spådommar, er Jostemikk. I ein artikkel publisert 4.april 2020, like etter at Koronaprosjektet vart lansert, reflekterer den anonyme bloggaren over det han kallar «[d]isse forferdelige prediksjonene fra de som står bak nettsiden Deagel.com […]». Han skriv:

«Den store svakheten med påstanden, eller svakhetene, det finnes flere, er at de ikke forteller om årsaken til dette grusomme fallet i antall innbyggere i vårt land. […] Deagel har holdt stand lenge, og de har etter hvert som årene har gått, redusert sine dystre spådommer med ganske mange mennesker. Første gang jeg selv nevnte dem offentlig, påsto de som står bak disse estimatene at det kun ville være 2,4 millioner igjen av oss innen 2025. Dette var deres rapport fra 2012. Også ettersom årene har gått, har de fått med seg at svært mange har bedt dem forklare denne troen på en fullstendig kollaps i den vestlige verdens befolkning. De har på en måte svart på dette, men dere må selv lese og tolke disse svarene.»

I 2017 påstod Deagel at Noreg skulle bli fattig og folketomt i 2025. No er vi i 2025, og verken «pandemien» eller Ukraina-krigen ser ut til å ha redusert folketalet i nemneverdig grad. Men 2025 er langt frå over, og mykje kan framleis skje.

Kommenter innlegget