Staten avslører strategi for å ideologisk handtere menneske som ikkje tenkjer «riktig»

I desse dagar har Regjeringa lagt fram to store pakkar på éin gong. Den fyrste heiter «KI-forordningen» og regulerer kunstig intelligens. Den andre utvidar verktøykassen for å førebyggje ekstremisme. Kvar for seg høyrest dei begge fornuftige ut ved fyrste øyrekast. Når ein ser på pakkane som ei samla eining, framstår dei derimot som ein «infrastruktur hvor staten får historisk stor makt over informasjon, holdninger og teknologi». Dette skriv Rune Andersen i ein artikkel på Steigan som vart publisert 23.mars 2025.

Spesielt Med. St. 13 (2024-2025), «Forebygging av ekstremisme», gjev grunnlag for bekymring. Andersen skriv om den (uthevingar er hans eigne):

«Dette er ikke bare en strategi mot vold. Dette er en strategi for å kartlegge, kategorisere og ideologisk håndtere mennesker som avviker fra det staten mener er «riktig tenkning». Med begreper som motstandskraftinkluderingholdningsarbeid og samarbeid på tvers av sektorer, legges det opp til:

  • Overvåking av ideer og meninger, ikke bare atferd.
  • Endring av taushetsplikten for å lette informasjonsflyt mellom politi, helsevesen, NAV, skole og barnevern.
  • Opprettelse av et nasjonalt senter for radikaliseringsforebygging – som skal følge utviklingstrekk, yte veiledning, samle informasjon og støtte lokale tjenester.
  • Utvikling av et nasjonalt risikovurderingsverktøy for å «fange opp individer i risikosonen».
  • Økt kontroll over digitale plattformer via strategier mot desinformasjonhatpratekstreme holdninger og digitale miljøer.
  • Statlig styrte holdningsprogrammer i skolen, med eksplisitt mål om «styrket oppslutning om menneskerettigheter og demokrati» – der staten selv definerer hva det betyr.

Dette er byggesteiner for en ideologisk styringsmaskin – en soft-versjon av det mange kjenner som deep state. Ikke hemmelig, ikke skjult bak lukkede dører – men fullt åpen, bygd i «folkets navn», uten at folket har blitt spurt.»

Det er ikkje berre handlingar som skal hindrast, men haldningar. Staten skal ikkje berre følgje med på dei som planlegg åtak, men òg dei som uttrykkjer skepsis, mistillit, systemkritikk eller «avvikende virkelighetsoppfatninger». Dette gjeld konservative kristne, små parti og systemkritiske miljø, alternative media, foreldre med bekymringar for kjønnspolitikk, skulepensum, eller migrasjon, innvandrarar med eigne kulturverdiar, og sist, men ikkje minst, ungdom som uttrykkjer misnøye utanfor dei offisielle rammene.

Kort fortalt gjer dei to pakkane det norske ytringsrommet endå trongare enn det allereie er. Dette er ein farleg utviklingstendens. Ei lita gruppe menneske for ansvar for å definere kva som er radikalt, farleg, akseptabelt og «i tråd med våre verdier». Med Andersen sine ord:

«Det er her deep state-problemet starter: En struktur som selv definerer både lov, sannhet og trussel

Andersen oppfordrar bekymra borgarar til å skrive e-postar til dei to ansvarlege departementa:

Han legg òg ved ein e-postmal, som Saksyndig her publiserer:

«Emne: Bekymring for maktkonsentrasjon og ytringsfrihet

Hei, Jeg er bekymret for hvordan både AI-forordningen og ekstremismemeldingen åpner for overvåking, informasjonskontroll og kategorisering av borgere basert på holdninger og meninger. Dette kan ramme kristne, konservative, alternativ media og politiske minoriteter.

Tiltakene bør utsettes inntil det har vært reell offentlig debatt og bredt høringsgrunnlag.

Vennlig hilsen [set inn namnet ditt]»

Nok ein gong prøver makta bak makta å knuse ytringsfridom og retten til eigne meiningar. Alle skal pressast inn i den same, tronge malen som dei sauene dei trur vi er.

Kommenter innlegget