«Ukraina» vil ikkje ha fred, seier talskvinne i Kreml

Den kokainavhengige, fallerte komikaren som for tida er illegitim president i utarma, utbomba Ukraina, vil ikkje ha fred. Å gje etter for krava til motparten vil visstnok føre til at hans bakmenn hengjer han i ein galge i Kiev til skrekk og åtvaring for andre som ønskjer å bli venner med Russland. Ukraina under det korrupte oligarkiet sin leiarskap har halde fram med å bombe Russland i strid med ei nyleg inngått delvis våpenkvile. Ukrainarar vil ingenting anna enn at krigen skal ta slutt, men Zelensky og hans bakmenn verken kan eller vil gje seg.

No har «Ukraina» brote den nylege våpenkvila som vart inngått mellom Moskva og Kiev. Talskvinne for Kreml, Maria Zakharova, seier at russisk sivil infrastruktur framleis blir angripe av Ukraina, noko som viser at Kiev eigentleg ikkje ønskjer fred. The People’s Voice skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Etter ein telefonsamtale mellom den russiske presidenten Vladimir Putin og hans amerikanske motpart, Donald Trump, førre veke, vart Moskva og Kiev einige om ei delvis våpenkvile og lovde å stoppe åtak på begge siders infrastruktur i 30 dagar.

Det russiske forsvarsministeriet har derimot sidan rapportert om fleire ukrainske droneåtak på russiske energifasilitetar slik som olje- og gassrøyrleidningar.

RT rapporterer: Det mest nylege åtaket fann visstnok stad to om morgonen måndag på oljepumpestasjonen Kropotkinskaya i den russiske Krasnodar-regionen. Stasjonen blir operert av Det kaspiske røyrleidningskonsortium (CPC), som arbeider med amerikanske energikjemper slik som Mobil og Chevron. Russiske luftforsvarssystem avbraut eit ukrainsk droneåtak rundt sju kilometer frå fasiliteten, der fragment fall ned i området rundt ein jarnbanestasjon, ifølgje Forsvarsministeriet.

I ei oppdatering måndag hevda Det russiske forsvarsministeriet at Ukraina òg hadde lansert droneåtak på gasskondenseringsfeltet Glebovskoye på Krim 23.mars, og på eit gassdistribusjonssenter i Belgorod-regionen 22.mars.

I ein kommentar til dei nylege åtaka, hevda Zakharova at det er typisk åtferd frå Kiev, spesielt i forkant av internasjonale hendingar slik som denne vekas Russland-USA-samtalar i Saudi-Arabia.

‘Kvar gong er det same leksa. Før nokon kontaktar, inkludert besøk til Moskva av utanlandske delegasjonar, utfører Kiev-regimet terrorhandlingar, åtak på sivil infrastruktur, på sivile objekt, ekstremistiske handlingar, og so vidare… Dei treng ikkje fred. Dei har gjenteke dette om og om igjen,» sa Zakharova til journalistar.

Kreml-talsmann Dmitry Peskov har understreka at trass dei gjentekne brota frå Kiev, held Moskva fram med å halde energiåtaks-våpenkvila, og at president Putin ikkje har kome med nye ordrar til dei væpna styrkane i landet.

Derimot åtvara Zakharova over helga at Russland reserverer retten sin til å svare på åtaka frå Ukraina, inkludert ‘symmetrisk’, dersom Kiev held fram sin ‘destruktive kurs’.»

Kokainklovnen har fått instruksar om å halde fram krigen for ein kvar pris, elles

Kommenter innlegget