Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Susanne blir tømt», publisert 2.april 2025.
Susanne ligg og svevar og skrevar i si vesle, varme verd, der skiljeveggane med dei nedtrekkbare gardinene i den ubestemmelege, grågrønblåe fargen dannar yttergrensene for hennar univers. Kva som er utanfor er ukjent og irrelevant. Bølgjer av eufori og ekstase går gjennom den oppsvulma kroppen i ein endelaus straum. Ansiktet har no nådd sitt siste og endelege stadium, ballongtryne-nivå. Kjakane er digre og raude, auga er for det meste igjen. Når dei ein sjeldan gong opnar seg, er dei kryssa og symjande. Dei lukkar seg raskt igjen. Her er ikkje mykje å sjå.
Brått opnar dei nedtrekkbare gardinene seg. Blondina Agneta og brunetta Natalia står der i sine søte pleieuniformer. Dei har med seg noko som ser ut som eit dusjhovud. Dusjslangen går til noko utanfor «universgrensa» som Susanne ikkje kan sjå. Auga driv rundt i eit forsøk på å danne meining av kva som skjer. Jentene tek på seg gjennomsiktige stellefrakkar i plast, i tillegg til blå eingongshanskar. Brunetta fører noko som ser ut som eit lite badekar under den vektlause kroppen nede på golvet.
Skal dei vaske ho? Korleis vaskar dei ein vektlaus kropp?
Agneta held dusjhovudet i sine små, varsame jentehender. Ein svak straum av herleg, varmt vatn byrjar å renne mot den ekstremt kjenslevare huda til Susanne. Auga hennar lukkar seg og ho er på randa av orgasme. Noko stoppar ho frå å gå over kanten – truleg den fullstendig lamma muskulaturen. Det krevst nemleg ein viss innsats frå kroppen si side for å oppnå klimaks. Hennar heilage høneheim berre dirrar, utan dei herlege, rytmiske rykningane. Kroppen vil, vil, vil, men får det rett og slett ikkje til.
Ååååå, kor det kitlar! Susanne trur ho skal tørne galen!
Agneta fører dusjhovudet over heile kroppen, frå hovud til tå. Heile undersida og heile oversida av den stasjonære kroppen blir vaska og kjærteikna på mest sadistiske maner.
Natalia, som fram til no berre har hatt rolla som observatør, tek fram såpe og byrjar å smørje utover kroppen. Dei ekstremt varsame, ekstremt mjuke, hanskedekte hendene er om mogleg endå meir uuthaldeleg pirrande. Dei handsamar ho som om ho skulle ha vore laga av skrøpeleg krystall. Spesielt dei enorme struttepuppane og det formeleg skummande underlivet. Auga hennar lukkar seg og opnar seg, lukkar seg og opnar seg. Munnen er halvopen og lett siklande. Ein del av ho håper dette aldri tek slutt, ein annan del vil rett og slett forlate dette livet.
Den sprengfulle blæra gjer ikkje ting betre. Det må vere eit symjebasseng der inni no. Om dei berre kunne tømme ho. Ho sukkar tungt djupt inni seg. Noko seier ho at tømming ikkje kjem på tale no. Når tømde dei ho sist? Ho hugsar ikkje. Ho hugsar knapt kva dag det er. Eller kva månad det er. Ho har greidd det som «alle» i Vesten prøver å oppnå: å leve i augneblinken.
Natalia tek ein annan såpetype og smør varsamt i underlivet. Ho formeleg leikar seg med dei ekstremt oppsvulma kjønnsleppene og den erigerte, bankande, dirrande klitoris. Susanne ser desperat til side med sine kryssa auge. Om dette hadde vore ein erotisk draum, hadde ho vakna for lenge sidan i sitt livs orgasme. I staden skjer det absolutt ingenting. Ho kunne like gjerne ha vore ein statue som blir tafsa på av tilfeldig forbipasserande.
Den sokalla tørkinga skjer med ein annan type slange. Varm luft tørkar den særs kjenslevare huda frå topp til tå. Spesielt underlivet tek dei seg god tid med å blåse varm luft i.
Den stakkars dama er bresteferdig av frustrasjon, på randa til gråt, når Agneta og Natalia er ferdige med å vaske ho. Dei nedtrekkbare, grågrønblåe gardinene lukkar seg for denne gong. Dei kryssa auga lukkar seg. Tårene sprengjer i auga, men kjem seg ikkje ut. Som alle andre kroppsvæsker er dei òg fanga i denne naturstridige ballongkroppen.
*
Rådmannen i den vesle vestlandsbygda sit i telefonen med nokon inne på sitt digre kontor i rådhuset. Han er alvorleg i stemme, ansikt og fakter. Ute skin sola so vakkert og intenst, og kjærteiknar dei herja bygningane og det vêrbitne landskapet med sjeldan varme og stjernekjærleik. Han legg til slutt på med eit grav-alvorleg «vi snakkast».
Han prøver å ringje eit anna nummer fleire gonger.
Med djupe rynker i den tilårskomne panna tek han opp telefonen og ringjer ordføraren, som strengt teke sit i naborommet.
«Vi må ta oss ein prat,» seier han kort.
Like etter troppar ordføraren opp inne på kontoret. Ho er ei blondine som akkurat har fylt 21, staseleg kledd i ein kvit kjole som utmerka viser brystvortene på dei mellomstore puppane; ein sokalla puppekjole, som mellom anna influenser og påstått justisminister Emilie Enger Mehl var med på å gjere populær. Rundt halsen blenkjer tre gullsmykke med ymse anheng, og i dei raude øyra dinglar gulløyreringar lett og leikent.
«Vi har eit problem, Julie,» seier rådmannen. Han gestikulerer at ho skal setje seg, og blondina gjer lydig som ho får beskjed om. Ho sit der med sine store dådyrauge og lyttar med hovudet lett på skakke. «Eg snakka nettopp med mottaksleiaren i asylmottaket. Susanne har ikkje dukka opp til avtala tid. Ho skulle vere der klokka 11, og no er klokka tre.»
«Har du prøvd å ringje ho?» spør Julie med si vevre jentestemme.
«Fleire gonger. Ingen svarer.» Han sukkar tungt. «Dette er ikkje bra. Ho veit betre enn å ikkje møte opp på noko so viktig.»
«Trur du det kan ha skjedd noko med ho? Det er ein lang veg å køyre, og bilen hennar er ikkje akkurat ny.»
«Det finst noko som heiter veghjelp. Og ho burde i det minste ha ringt og varsla oss om slikt skjedde.»
«Det…» Stemma hennar skjelv lett. «Det kan jo ha skjedd ei ulykke. Tenk om ho ligg medvitslaus og hardt skadd i vegkanten ein stad?»
«Hmmm, vi burde kanskje etterlyse ho.» Rådmannen gnir seg på haka. «Veit du skiltnummeret hennar?»
«Nei, eg hugsar jo ikkje slikt i hovudet.» Jenta vrir lett på seg i stolen. «Vi kan ta ein prat med lensmannen. Han veit kva vi skal gjere.»
«God idé. Kan du springe over gangen og hente han?»
Ordførarjenta nikkar og sprett opp på sine unge, spreke bein.
Snart sit lensmann Ove-Bjarte inne på kontoret. Ordførar-Julie må stå, sidan det ikkje er fleire stolar på det vesle kontoret. Lensmannen lyttar alvorleg medan rådmannen forklarer situasjonen. Rektor Susanne kan ha blitt råka av ei ulykke som har gjort ho ute av stand til å utføre sine pålagde oppgåver. Dette må avklarast so snart som råd er.
«Eg forstår,» seier lensmannen. «Eg skal køyre med min beste mann og leite etter ho.» Ein kort pause. «Altso sonen min.»
«Høyrest bra ut,» seier rådmannen med eit nikk.
Den tilårskomne mannen forlèt kontoret. Ute skin sola so svikefullt vakkert.

Ove_Bjarte er neppe istand til å finne ut av bremsespora i si eiga truse, vil eg tru!
LikarLikt av 1 person