Den skjulte faren over oss: Chemtrails, HAARP og kampen om kontroll over planeten

På himmelen kan ein ofte sjå kvite striper som sannsynlegvis er kondensstriper etter fly. Enkelte har derimot i mange år hevda at dette er sokalla chemtrails som fly med vilje slepper ut for å forgifte befolkninga eller påverke vêret. Kombinert med HAARP, som dei påstår bruker høgfrekvente bølgjer for å varme opp ionosfæren, blir dette del av ein hemmeleg agenda for å kontrollere både miljøet og menneskeheita. Kontroll over vêret kan til dømes negativt påverke avlingane til bønder og på denne måten skape høge matvareprisar. Visse sjukdommar hjå menneske, slik som luftvegsproblem, nevrologiske tilstandar og noko som blir kalla Morgellons, skal vere knytt til chemtrails.

Desse påstandane er det Elana Freeland som kjem med i si provokative bok Chemtrails, HAARP, and the Full Spectrum Dominance of Planet Earth [«Chemtrails, HAARP og fullspektrums-dominansen over Jorda»]. I ein omtale av boka skriv Kevin Hughes i Natural News (Saksyndig si omsetjing):

«Verket til Freeland dukkar ned i dei kontroversielle teoriane rundt chemtrails og High-frequency Active Auroral Research Program (HAARP] [«program for høgfrekvent, aktiv forsking på nord- og sørlys»; forsøk på omsetjing frå Saksyndig], og antydar at desse teknologiane er del av ein større, hemmeleg agenda for å kontrollere planeten og innbyggjarane. […]

I fleire tiår har folk sett på himmelen og lagt merke til lange, vedvarande striper etter fly. Medan mange avfeiar desse som harmlause contrails – kondens frå flymotorar – trur Freeland og andre at dei er del av ein nifs operasjon. Ifølgje forskinga hennar er desse sokalla chemtrails-ane ladde med leiande metallpartiklar, polymerar og til og med biologisk skapte patogen. Det påståtte føremålet? Å skape ein konstant ionisert atmosfære, noko som legg til rette for avansert teknologisk kontroll over miljøet.

Desse kjemikaliane, åtvarar Freeland, blir ikkje verande i himmelen. Dei endar opp i jordsmonnet vårt, der dei forureinar vatnet vårt og infiltrerer kroppane våre. Helseimplikasjonane er særs alvorlege, og er knytte til luftvegsproblem, nevrologiske tilstandar og ein mystisk tilstand kjent som Morgellons. Morgellons, som av hovudstraumsmedisin ofte blir avvist som ein innbilt sjukdom, blir skildra av Freeland som ei biologisk konstruert plage forårsaka av nanopartiklar som kjem seg forbi immunforsvaret og blir ein del av menneskevevet.

Inn i biletet kjem HAARP, eit program som offisielt er laga for å studere ionosfæren. Freeland målar derimot eit langt meir illevarslande bilete. Ho hevdar at HAARP bruker høgfrekvente radiobølgjer for å varme ionosfæren, noko som skaper ein «spegel» som er i stand til å reflektere energi tilbake til Jorda. Denne teknologien, argumenterer ho, er ikkje berre for vitskaplege undersøkingar, men for å manipulere vêrmønster, noko som forstyrrar kommunikasjonsformer og til og med påverkar menneskehelsa.

Freeland antydar at HAARP og chemtrails opererer saman, og tek del i ein «pumpe og dumpe»-prosess for å endre atmosfæriske forhold. Dette samarbeidet, slår ho fast, handlar ikkje berre om vêrmodifisering, men om å oppnå «fullspekter-dominans» – ein terminologi lånt frå militærstrategi som impliserer kontroll over kvart aspekt rundt miljøet og menneskeliv.

Implikasjonane til desse teknologiane går forbi berre det å manipulere miljøet. Freeland legg fram at dei er grunnleggjande for danninga av eit globalt trådlaust Smart Grid [«smartnett»], eit C4-system (command, control, communications og computing / «kommando, kontroll, kommunikasjon og datakraft»], som integrerer overvaking og datainnsamling i ein hittil usett skala. Dette systemet, påstår ho, blir driven av at sjølve atmosfæren blir endra av chemtrails og HAARP.

Hemmeleghaldet rundt desse programma er omfattande. Varslarar slik som Clifford Carnicom, ein forskar som har etterforska chemtrails og Morgellons, har blitt utsett for dødstruglar og cyberåtak. Denne undertrykkingskulturen, argumenterer Freeland, er laga for å halde publikum i mørket om den sanne naturen til desse teknologiane og deira potensielle farar.»

Menneskeheita må vakne opp over heile kloden. Alle må gjere eigne undersøkingar og lære seg opp rundt desse temaa, og saman krevje transparens og motstå kreftene som er ute etter å kontrollere miljøet og liva våre. Akkurat som løynde krefter er ute etter å styre økonomien og gjere oss alle til slavar og leiglendingar, er desse same kreftene ute etter å kontrollere vêret og helsa vår. Hughes skriv avslutningsvis:

«Kampen om dominans over planeten, som Freeland skildrar den, er ikkje berre ein kamp om miljøhelse, men for sjølve essensen til menneskeheita. Det er ein påminnar om at lufta folk pustar, himmelen over dei og teknologiane som dei tek for gjevne kan vere kontrollverktøy i hendene på dei med skjulte agendaer.

Når menneskeheita ser mot framtida, utfordrar verket til Freeland alle til å stille spørsmål ved narrativa dei blir fôra med, og til å søkje sanninga bak sløret av hemmeleghald. Kampen om planeten er òg ein kamp om menneskefridom – og den byrjar med å vere klar over stoda.»

Kommenter innlegget