Bensinstasjon i Vågå oppfordrar kundane til tolmod overfor språkutfordringar blant dei utanlandske tilsette

NRK bringer 8.april det dei sjølve ser på som ei solskinshistorie frå Vågå i Innlandet. Ein lapp frå dagleg leiar på YX Vågå ber kundar vere tolmodige dersom nokon av dei tilsette (som er blant anna frå Ukraina og Eritrea) ikkje forstår med éin gong kva kunden seier. På lappen står det å lese:

«Kjære kunde 😊

Vi er så heldige at vårt team består av ulike nasjonaliteter: Afrika, Ukraina og Norge.

Dette kan noen ganger medføre språkutfordringer. Noen kan både norsk og engelsk, andre litt mindre

Alle er kjempeglade for å ha den mulighet til å bidra til fellesskapet, da blant annet ved å hjelpe deg. Hjelp oss gjerne med å gjøre vårt team tryggere ved å ha litt ekstra tålmodighet. Kanskje må du repetere deg selv en eller to ganger 😉

Alt av læring er god læring!

Skulle det være noen som ikke har denne tålmodigheten, så ring «ben redik fyfasan» på tlf: 90522335. Vi ønsker ikke at det skal gå utover våre ansatte! Takk for forståelse og tålmodighet.

Ha en fin dag videre 😊»

Hans Olav Lahlum delte denne lappen på Facebook, og den har i etterkant fått stor merksemd. Ben Redic Fy-Fazan» er ein rollefigur frå filmen Flåklypa Grand Prix. Nummeret høyrer til dagleg leiar, Lill-Bente Lian.

Lahlum fortel at «Innlandet er et distriktsområde hvor det ikke alltid står norske søkere i kø. Da er det viktig at de som kommer hit, får muligheten til å komme seg ut i arbeid.»

Dagleg leiar fortel til NRK at «noen ansatte har opplevd ubehagelige situasjoner knyttet til språkbarrierer». Ho seier til NRK:

«Vi ville unngå at de følte seg utrygge. Det er ikke enkelt å få tak i norsk arbeidskraft overalt, og vi er glade for at vi har folk som vil jobbe og bidra til samfunnet […].»

Saksyndig har som kommentar at det er ei utfordring for dei aller fleste å lære seg eit nytt språk, spesielt i vaksen alder. Det er langt frå alle som møter ein nybyrjar i eit framandspråk med tolmod og forståing. Som eit døme til skrekk og åtvaring vil eg trekkje fram mine eigne erfaringar som 19-årig utvekslingsstudent i Frankrike for over 20 år sidan. Fleirtalet viste ikkje akkurat tolmod og forståing, men dette vart på den tida godteke. Norsk var eit underleg språk frå det kalde nord, i motsetnad til «prestisjespråket» fransk. «Barbarane» si regelrette valdtekt av dette lekre språket fall tydelegvis mange franskmenn tungt for brystet. Folk med slike haldningar kunne gjerne ha hatt godt av å lære seg eit nytt språk – då blir ein kanskje hakket meir audmjuk overfor utlendingar som slit med å lære seg norsk. Enkelte norske lydar – slik som u, y, æ og ø – er vanskelege å uttale for mange.

Når det gjeld ukrainarar, er det for tida over 90 000 av dei i Noreg, og mange ser ut til å ha bestemt seg for å bli verande. Dette føreset at dei lærer seg norsk, og som all annan framandspråkstileigning tek dette tid og tolmod – og dette tolmodet gjeld både elevar og innbyggjarar. Ein kan gjerne òg stille seg spørsmålet om ukrainarane sjølve hadde vore like tolmodige og forståingsfulle om nordmenn hadde prøvd å lære seg ukrainsk – eller russisk, som fleirtalet av dei jo snakkar, sidan dei kjem frå den russisktalande delen av landet.

So går vi frå det lingvistiske til det politiske aspektet. Når det gjeld kvifor bensinstasjonen på Vågå har valt å tilsetje utlendingar (og dermed er nærast garantert språkutfordringar), antydar både Lahlum og dagleg leiar at dei ikkje får tak i norsk arbeidskraft. Er dette tilfellet?

Ein NAV-artikkel publisert 29.november 2024 skriv at arbeidsløysa i Innlandet gjekk opp med 16% frå 2023 til 2024 (477 fleire arbeidsledige). I utgangen av november 2024 var 3403 personar heilt arbeidsledige i fylket, altso 1,8% av arbeidsstyrken. 1044 arbeidsledige var i arbeidsretta tiltak gjennom NAV, 146 fleire enn året før. Flest arbeidsledige var det i alderen 30-39 år med 959 ledige. I tillegg hadde aldersgruppa 25-29 år ein auke på 10% (38 fleire). I Vågå kommune var 17 heilt utan arbeid. Ein del av dei ville nok ha blitt særs glade for å få jobb på YX Vågå, vil eg tru. Og dei snakkar sannsynlegvis flytande norsk heile gjengen.

Utifrå denne statistikken kan det sjå ut som «Ben Redic Fy-fasan» har hatt god tilgang på norske arbeidssøkjarar, men heller valt utlendingar og språkutfordringar. Dette er ikkje eit ukjent fenomen – slik har det blitt gjort i helsesektoren ganske lenge. Ein kan forsiktig konkludere at enkelte arbeidsgjevarar heller tilset utlendingar enn innfødde nordmenn. Då er det vel fleire enn berre kundane som misser tolmodet.

Nummeret til dagleg leiar ligg her. Nokon bør kanskje ta ein telefon til ho og få ho til å sannsynleggjere at ingen norske søkjarar har meldt seg…?

Kommenter innlegget