Proppen på toppen får kniven på strupen

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Kontoret er halvmørkt. Klokka er kvart over fem om ettermiddagen. Ute er det grått og regn. Bergen sentrum ligg tungt innhylla i skodde, heile den tett folkesette Bergensdalen er godt synleg frå denne høgblokka. Som ein arkitektonisk ereksjon står den og ruvar i terrenget, og fortel alle at her jobbar det rike, mektige menneske – om ein då kan kalle dei menneske i det heile.

Bak eit mektig skrivebord sit ei biletvakker blondine i 30-åra og onanerer. Ho bit seg i leppene og vrir på seg medan fingrane arbeider under det svarte, korte skjørtet. Den kvite skjorta er knappa opp og vidopen. Dei store puppane står rett ut og eser medan ho hiv etter pusten – brystvortene er stive og sprengjeferdige. Ho stryk seg over puppane og den nakne magen. Perlene glitrar på kvar side av det raude ansiktet. Eit stramt gullsmykke med ein liten medaljong følgjer kvar ein kontur på den vakre svanehalsen. Slik har ho kosa seg ei god stund, og byrjar snart å nærme seg målstreken. Auga er lukka i eufori.

Brått landar ein kniv lett og leikent på strupen hennar. Dei vakre, brune auga hennar opnar seg.

«Hald fram med å onanere,» seier ei mannsrøyst.

I mørket bak ho står vår mann Karl. Den oppskjørta, panikkslegne dama gjer som ho får beskjed om. Eit svakt stønn slepper ut av dei lett skjelvande leppene hennar. Målstreken har blitt flytta. Fingrane held fram med å kjærteikne den våte, svulmande fitta.

«K-kven er du…??» spør den kåte karrierekvinna.

«Eg er frå den norske motstandsrørsla,» svarer Karl.

Dama ser ut som ho veit kva han snakkar om.

«Korleis kom du deg inn…??»

«Eg kjenner ein fyr. Eller, rettare sagt, eg veit ein del ting om han som han ikkje vil skal kome ut. Han skuldar meg ei teneste.»

«Kva vil du…??»

«Eg vil ha informasjon.»

«Kva slags informasjon…??» Ho er skjelven og bivrande der ho sit.

«Eg har forhøyrt meg litt om deg. Du er Ann-Helen, 38 år gammal og øvste leiar i det berykta vikarbyrået KarmaCare. Det er du og dine medsamansvorne som bestemmer kven som skal få jobbe i helsesektoren over mesteparten av Vestland fylke. Meir presist kven som ikkje skal få jobbe der. Du er proppen på toppen, kan vi trygt seie. Men det er berre på overflata, og irrelevant. Kva du gjer på fritida, er derimot av største interesse. So… Gje meg det eg er ute etter, og so kan du få kome i mål når eg har gått. Avtale?»

Kniven pressar lett mot strupen. Fingrane hennar jobbar metodisk der nede.

«A-avtale…!!»

Det er dørgande stille i rommet. Berre den vage kjærteikninga av den søkkvåte høneheimen lyd. Ute trommar regnet lett og leikent mot taket og vindauga. Karl held fram:

«Eg har snakka med mange kjelder, og alle peiker på deg, Ann-Helen. Du er djupt involvert i det medisinske eksperimentet ute på Håkonsvern med Å, og alt tydar på at dei treng fleire forsøkskaninar. Du har i din vikarpool ein gjeng ‘nordfjordingar’, som alle får fyrsteleg betaling frå dykk for å rekruttere folk til prosjektet. Nokre av dei har vi greidd å eliminere, men det ser ut til at eit visst apparat framleis ikkje er å oppdrive. Fortel meg kor apparatet er, og du kan halde fram ditt tarvelege liv som proppen på toppen i Noregs største vikarbyrå.»

«E-eg veit ikkje kva slags apparat du snakkar om…!!» Fingrane jobbar iherdig. Den stakkars, sprengkåte dama er desperat etter klimaks.

«Ikkje so fort. Du skal ikkje kome enno.»

Eit frustrert stønn lyd frå den stakkars blondina, og ho må pent roe tempoet. Lukta av våt fitte ligg tungt i rommet.

«Kor er apparatet?» spør Karl. Kniven pressar litt hardare mot strupen. Dei store, nakne puppane eser i det ho hiv etter pusten.

«Kva slags apparaaat…??»

«Det apparatet din vesle armé av ‘nordfjordingar’ bruker for å blende sjåførar i vegkanten ute i distriktet, slik at dei køyrer av vegen og slår seg helselause og blir ballongtryne. Gje meg det eg vil ha, Ann-Helen.»

«Åh, dei kjem til å drepe meg om eg fortel det…!!»

«Og eg kjem til å skjere av deg klitoris og begge brystvortene om du ikkje fortel det. Eit liv utan desse tre knottane er ikkje eit liv verdt å leve. Kanskje stikk eg ut auga dine òg, berre for å gjere livet ditt endå mørkare…»

Blondina stønnar ut ei adresse som får Karl til å rynke på panna. Det er i ein liten utkantkommune på nordsida av Sognefjorden, tre timar med bil frå Bergen.

«Spøkjer du no?» spør han stille.

«Nei…!! Det er sant…!!»

«Kan du bevise det?»

Ho seier i desperasjon eit mobilnummer som Karl tastar inn på mobilen sin med den ledige handa si. Han gjer eit raskt nummersøk, og finn adressa Ann-Helen seier. Ute i ingenmannsland, ein aude plass sjølv til å vere den vesle kommunen.

«Dei kjem til å drepe meg…!!» seier ho i det ei falsk krokodilletåre renn nedover den tomatraude kjaken.

«Kanskje, men det er ikkje mitt problem.» Kniven forsvinn frå strupen hennar. «No kan du kome.»

Den gråtkvelte blondina held febrilsk fram med å onanere. Kontoret er atter mørkt og tomt. Målstreken er fjernare enn nokosinne.

*

Karl spaserer nedover vegen, ei gate som går parallelt med Bybanen. Brann stadion kan skimtast litt lenger oppe, og mektige Ulriken kneisar over Bergensdalen. Skyene er svarte som heksegryter, men det er eit sjeldan opphald i regnet. Han tek fram mobilen sin og ringjer sjefen.

«Hei, Karl,» svarer den milde, dempa damestemma. «Kva har du å rapportere

«Eg må reise opp til Sogn i morgon tidleg,» seier Karl. «Ann-Helen har gjeve meg ei adresse og eit namn. Tydeleg ‘nordfjordsk’ opphav.»

«Godt jobba, agent Heldal. Du vil få dekt alle utgifter som vanleg. Men prøv å ikkje skade bilen din igjen. Leigebilar er ganske dyre.»

«Hmm, det er ikkje akkurat som eg gjer det med vilje. Men eg skal vere forsiktig. Oppdraget er farleg nok allereie.»

Ein kort pause oppstår i den andre enden.

«Trur du at du må utføre eliminasjon?» lyd damestemma.

«Kanskje. Men eg vil helst unngå det. Det er so grådig mykje arbeid å rydde opp igjen.»

«Vil du ha nokon med deg

«Absolutt ikkje. Det er for risikabelt. I våre dyrtider kan kven som helst gå over til fienden om betalinga er god nok.»

«Greitt. Ring meg so fort oppdraget er utført. Kor lang tid reknar du med å bruke

«Ein heil arbeidsdag. Det spørst kva som skjer. Ein veit aldri kva som dukkar opp. Spesielt ikkje ute i ingenmannsland.»

«Den er grei. Vi snakkast

Karl legg på. Han har gått ned til travle, tett trafikkerte Danmarksplass. Ein buss som går nordover til Åsane har tilfeldigvis stoppa ved eit busstopp. Vår mann går inn på bussen og finn eit ledig sete.

Dette kan bli farleg. Han er nærare målet enn nokosinne. I motsetnad til stakkars, dødsdømde Ann-Helen. Han flirer skummelt for seg sjølv. Proppen på toppen vil snart bli erstatta.

Kommenter innlegget