Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta. Sjå òg «Strategi på omsorgssenteret», publisert 22.april 2025.
Klokka er kvart på elleve om kvelden på togstasjonen i Bergen sentrum. Mørket har noko motviljug seinka seg over den våryre vestlandshovudstaden, og gatelysa kastar området i eit grelt, unaturleg lys. Karl spaserer med raske steg inn i den staselege bygningen og les raskt på informasjonsskjermane kva slags tog han skal ta. Vy, som toga i Noreg for tida heiter, går frå perrongen på slaget 23:00. Forventa ankomst på Oslo S er klokka 6:27 i morgon tidleg.
Han studerer billetten som Inger-Lise har sendt han på mobilen. Det er ingen setereservasjon, for det er billegast. Han går inn i ei tilfeldig vogn, der det nesten ikkje er folk. Dei aller fleste normale menneske føretrekkjer å sove i ei seng om natta, og ikkje på eit tog som dundrar over eit 150 år gammalt jarnbanenett. I kupeen er det berre han, to jenter og ei halvgammal kjerring med gulløyreringar og tre gullsmykke av ulik lengd. Alle sit med ryggen mot køyreretninga, slik at Karl ser rett på dei. Den halvgamle dama sit der med eit særs søvndrukke uttrykk i ansiktet. Ho ser ut som ho har vore vaken i fleire døgn, og at ho skal falle i søvn når som helst.
Karl humpar ned i setet. Augeloka er temmeleg tunge på han. Søvn ser ut til å bli uunngåeleg, og det passar fint. Her er ikkje so altfor mykje å sjå.
Kanskje bortsett frå dei to ungjentene som sit borte ved veggen, nær den vesle trappa opp til toalettet. Ei blondine og ei brunette. Blondina er høg og tynn, medan brunetta er kort og epleforma. Blondina er kledd i ein lyseblå treningsgensar med tynt stoff, og eit par svarte treningstights. Ho har på seg eit tynt, tettsitjande sølvsmykke med eit lite hjarte som kviler mot halsen. Dei lange, lekre beina er avslappa spreidde – og den vesle dokkehanda til brunetta er av ymse årsaker planta på innsida av låret på blondina. Brunetta sjølv er kledd i ein sølvfarga onepiece som får ho til å sjå ut som ein forvaksen kosebamse. Ein tattoo-choker og eit gullsmykke pyntar den korte, småfeite halsen.
Klokka er presis 23:00. Det blir blåse i ei fløyte, og toget byrjar å gli ut av stasjonen.
Akkurat i det toget varsamt køyrer inn i den lange Ulrikstunnelen, kjem konduktøren trippande med rolege, spøkjelsesaktige rørsler inn i kupeen. Det er ei kort, ung dame med svært langt, raudt hår. Håret er nesten like langt som ho sjølv, og er knytt i fletter for å gjere det litt kortare. Det når ho likevel ned på baken og vel so det. I øyra glitrar det udødelege perleøyredobbar. Om ho går med smykke er uvisst, sidan uniformsskjorta er knappa heilt opp til haka.
«Billetten, takk,» seier ho på Oslo-dialekt (som i praksis er standard bokmål). Karl viser ho mobilen sin. «Takk.»
Ho går bort til den aldrande dama med gulløyreringane og dei tre gullsmykka. Auga har allereie lukka seg. Konduktøren pikkar ho lett på skuldra, og eit rykk går gjennom den godt brukte kroppen. Dama ser på ho med store, isblå auge som lett kryssar seg.
«Billetten, takk,» seier konduktøren. Lettare forvirra og i ørska fiskar dama fram ein papirlapp. «Takk.»
Konduktøren går bort til dei to jentene. Brunetta viser ho mobilen sin, utan å fjerne handa frå innsida av låret til blondina. Konduktøren held fram si ferd vidare.
Den halvgamle kjerringa med det glitrande gullet sloknar som eit lys. Snart ligg ho tilbakelena i setet med gapande kjeft som det sakte renn slev ut av. Den lett rynkete halsen får sakte eit glinsande spor, og vil nok bli våtare og våtare i løpet av natta.
Toget stoppar på Arna stasjon. Ingen går på, og ingen går av. Her er det ikkje eit menneske. Parkeringsplassen bortanfor togstasjonen er fullstendig tom. Alle er heime, fleirtalet har sannsynlegvis lagt seg. Toget rullar vidare inn i ein ny tunnel.
Utan noko betre å ta seg til, sit Karl der med tunge augelok og kjenner seg meir og meir døsig. Det har vore ein lang dag, for å seie det mildt. Han ser på dei to jentene nokre meter framme. Handa til brunetta flyttar seg sakte nærare underlivet til blondina, som sakte, nesten umerkeleg, vrir på seg og kastar ho eit sløvt, kjærleg blikk. Dei to utvekslar eit kyss. So byrjar fingrane sakte, sakte, saaaakte å pirre det herleg svulmande underlivet. Blondina bit seg ømt i leppene.
Slik sit, halvvegs ligg dei og koser seg. Pirringa er subtil, varsam og endelaus. Blikket hans ligg festa på dei to, og korleis fingrane aldri tek seg pause. Minutt etter minutt. Tunnel etter tunnel. Stasjon etter stasjon.
Like etter Voss stasjon, i halv eitt-tida, er det akkurat som om det allereie sparsame lyset i kupeen blir ein tanke mørkare. Alt får eit uverkeleg skjer. Det verkar som om alt er mogleg. Konduktøren med det lange, lange håret nærast svevar forbi dei med sitt høflege steinansikt. Ho verkar ein smule bleik, men er rolegare enn dei fleste nattevakter Karl har kjent. Dei to jentene held fram med å kose seg. Fingrane gjev seg aldri. Halsen til den halvgamle kjerringa har no fått to spor med slev.
På eit tidspunkt vender blondina og brunetta brått blikka sine mot Karl. Han ligg der døsig og lamma og greier ikkje eingong å fjerne blikket sitt. Dei to smiler nesten umerkeleg til han. So utvekslar dei eit kyss medan dei held blikkontakt med han. Han held på å eksplodere der han sit. Dei flirer so søtt. Pirringa held fram utan stans. Blondina strekkjer sakte på seg medan eit frustrert stønn slepper ut av ho. Ho er fanga av fingrar og si eiga kjæte. Målstreken kunne like gjerne ha vore i ein annan galakse. Akkurat som søvn no like gjerne kunne ha vore i ein annan galakse for vår mann.
Då dei forlèt Geilo stasjon (02:42 etter rutetabellen), dannar eit tredje spor med slev seg på den rynkete halsen til den sovande kjerringa. Ingen har gått av eller på toget sidan Bergen. Det er berre Karl, dei to jentene og slevhals-kjerringa.
Konduktøren sitt bleike ansikt og det lange, lange raude håret viser seg i det fjerne. Ho lyser som ei einsam, søvnlaus stjerne i det uverkelege trolldomslyset. Ho står og strekkjer på seg so dei anstendige puppane står rett ut. Den søte uniforma ser nesten litt for trong ut til ho. Ho er tilknappa, tilgjort og fanga.
Fingrane pirrar, pirrar og pirrar. Karl er so pissetrengt at han trur han skal eksplodere. Men han kan ikkje røre ein muskel i den særs tunge kroppen. Det må vere slik ballongtryna på Håkonsvern med Å kjenner seg, tenkjer han i sitt urgamle sinn.
Blondina bit seg i leppene og stønnar frustrert. Brunetta flirer og kyssar ho lett og leikent på den lange, lekre svanehalsen. Blondina kjærteiknar halsen på brunetta, inkludert tattoo-chokeren. Karl sine auge kryssar seg. Ute er det framleis mørkt. Det vil aldri bli dag. Eit fjerde spor med slev dannar seg på halsen til den for alltid sovande kjerringa.
«Mister…!» seier ei kåt jentestemme i det fjerne.
Held gardinene til den trygge verda på å opne seg? Han svevar og skrevar, kanskje meir enn den desperate blondina. Ho må ha dei blåaste kjønnsleppene på heile Bergensbanen! Dei rir inn i æva på denne bølgja av startfase-eufori.
«Mister…!!» lyd den kåte jentestemma atter ein gong.
Blondina kviskrar stønnande noko til den sadistisk pirrande brunetta, som svarer med å kysse ho langt og intens på halsen. Det kjem garantert til å bli sugemerke. Og heile Oslo kjem til å sjå det.
«Mister!» lyd ei streng damestemme. Nokon rykkjer borti skuldra til Karl.
Vår mann vaknar i forvirring. Han ser rundt seg. Dagslys. Eit daudt, stygt byområde. Dei to jentene er borte. Den halvgamle dama gjespar og strekkjer på seg. Halsen er glinsande av slev som ho ikkje eingong legg merke til.
Konduktøren står der og ser alvorleg på han. Han oppdagar at jakka hans ligg over fanget hans.
«Kva gjeld det?» spør han med ei søvndrukken stemme.
«Vi kommer til Oslo S om fem minutt,» svarer ho.
«Åh, takk for opplysinga,» seier han. Han skal til å reise seg frå setet som har halde han fanga heile natta, då ho stoppar han ved å leggje si søte, mjuke jentehand på skuldra hans.
«Vent litt.» Jentestemma høyrest myndig og bestemt ut.
Den halvgamle, søvndrukne dama med den glinsande halsen tuslar med langsame steg ut av kupeen. Gulløyreringane og dei tre gullsmykka glitrar like mykje som slevspora på halsen.
«Jeg må snakke litt med deg,» seier konduktørjenta. Karl ser merksam på ho. «Du har sikkert lagt merke til at jakka di ligger over fanget ditt.»
«Ja, eg ser det. Var det du som gjorde det?» Jenta nikkar. «Gjorde du det for at eg ikkje skulle få frost i meg?»
«Nei…!» Ho vrir lett på seg der ho står. Dei store puppane ser ut som dei skal rive opp uniforma. «Du satt der og snorksov med ståtiss…! Jakka er der for å skjule…! Ikke alle trenger å se det…!»
«Åh… Vel, når eg søv har eg so å seie gjeve frå meg kontrollen der nede.»
«Kanskje…!» Ho tek opp ei blokk og byrjar å skrive. «Men det er visse typer oppførsel som ikke hører hjemme på et tog…!»
Karl ser i lettare vantru på ho. Har ho tenkt å gje han ei bot for å ha ein nattleg, fullstendig ufriviljug ereksjon?
Med eit nesten umerkeleg smil gjev ho han ein lapp der det står namnet «Kristine» og eit telefonnummer. Ho bøyer seg sakte fram og kviskrar han i øyret:
«Jeg bor på Alnabru…!»
Deretter trippar ho langsamt ut av kupeen. Karl speidar etter ho med ein perpleks grimase.
