Den norske offentlege «debatten» har i mange år truga folk flest med ei Eldrebølgje ® som vil overbelaste velferdstenestene og få helsesektoren til å bryte saman. «Alle» må utdanne seg til helsefagarbeidarar og sjukepleiarar, slik at dei altfor (?) mange eldre kan bli godt ivaretekne. Og vi er for få nordmenn i landet til at dette kan skje, so vi må importere utanlandsk arbeidskraft i hopetal.
Dette ser ut til å vere haldninga til norske politikarar, om ein skal tru på den nylege rapporten til Kvinnearbeidshelseutvalget. I eit innlegg publisert på Uten Filter 28.april 2025 skriv Øystein Steiro Sr. om dette. Han skriv innleiingsvis:
«Det er ikke eldrebølgen som truer velferdsstaten! Det er innvandringstsunamien som skyller over landet. Sammen med ukontrollert vekst i de offentlige utgiftene og politikere som bruker velferdsordningene til å kjøpe seg velgere, er det dette som er i ferd med å undergrave velferdsstaten.»
Stikkorda her er ukontrollert innvandring, ukontrollert vekst i den allereie altfor store offentlege sektoren og korrupte politikarar som sløser med offentlege midlar for å fremje sin eigen politiske karriere. Kvar for seg er desse stikkorda politisk sprengstoff som får folk flest, som lever i sine bobler av realitetsfornekting, til å steile og sjå raudt. Steiro Sr. skriv vidare:
«Arbeidsminister Tonje Brenna mener at vi må legge til rette for å få enda flere kvinner i jobb. Finansminister Jens Stoltenberg vil at vi skal jobbe lenger. De påpeker at vi ikke har nok arbeidskraft til å dekke det voksende behovet i helse- og omsorgssektoren i årene som kommer.
De skylder begge på eldrebølgen. Men det er feil. Det er ikke våre eldre, de som har arbeidet, bygget landet og betalt sin skatt, som er problemet. Det er en myte og en bortforklaring! Norge har heller ikke mangel på arbeidskraft dersom alle som kán jobbe, virkelig jobbet! Fortellingen om eldrebølgen og at vi trenger innvandring — er et falsk narrativ!
Innvandringen fra Midtøsten, Afrika og Asia, fører ikke bare til at befolkningen skiftes ut: Den lave yrkesdeltakelsen i innvandrerbefolkningen koster skattebetalerne flere hundre milliarder kroner i året. Kostnadene kommer bare til å øke.»
Frå 1975 til 2025 auka innvandrarbefolkninga frå 1,7% av totalbefolkninga til 21,5% av befolkninga. 11,6% kjem frå dei sokalla MENA-landa (Midtausten og Nord-Afrika). Dei fleste av desse innvandrarane har låg eller inga utdanning og låg arbeidsdeltaking, og 450 000 av desse er muslimar. Desse fører til 182 000 tapte årsverk, 418 milliardar i årleg tapt verdiskaping, auka infrastrukturbehov og eit stort overforbruk av velferdstenester og helseytingar. Sistnemnde skjer fordi dei kjem frå land med eit helsevesen som fungerer langt dårlegare enn det vi har i Vesten – sjølv i vår post-plandemiske æra. Mange som er medisinsk evakuerte frå til dømes Gaza, lid ofte av sjukdommar og tilstandar som har vore ubehandla i lengre tid – og dette «etterslepet» råkar no ein allereie overbelasta og underbemanna helsesektor.
I tillegg til denne innvandringstsunamien, eser den offentlege sektoren ut som magen på ei høggravid dame. Men den blir stadig meir dysfunksjonell og ineffektiv. Den sokalla produktiviteten i offentleg sektor er so liten at ein i røynda kan snakke om skjult arbeidsløyse. Dei mange papirflyttande byråkratane er eigentleg berre der på oppbevaring og tiltak. Denne oversysselsetjinga skal visstnok vere på 150 000 årsverk, som til saman utgjer 255 milliardar kroner i tapt verdiskaping. Folk med unyttige tullejobbar bidreg ikkje nemneverdig til samfunnet, for å seie det kort og greitt.
Som toppen på kransekaka kjem den særnorske sjukelønnsordninga som motiverer folk til å heller velje senga enn jobben om dei har ein dårleg dag. Alle som kan jobbe, må jobbe, elles sluttar samfunnet slik vi kjenner det å fungere. Og dei som ikkje kan jobbe, må bli ivaretekne ved hjelp av eit velferdssystem som i fyrste omgang vart oppretta utan skumle baktankar.
Sjå òg «Det nye, barbariske verdssystemet ønskjer fyrst og fremst å fjerne deg so fort du blir ‘ubrukeleg’ i deira auge», publisert 4.oktober 2022.
Om alle som kunne jobba hadde jobba, hadde vi ikkje hatt «mangel på arbeidskraft». Som Steiro Sr. skriv avslutningsvis:
«Vi trenger å ta vare på våre syke og våre gamle. Men det er ikke eldrebølgen som er problemet. Vi trenger ikke innvandrere til å ta vare på dem. Om alle som kan jobbe, virkelig jobbet, kunne vi ta vare på dem selv. Men vi trenger å effektivisere offentlig sektor. Vi trenger å rydde opp i et skakk-kjørt trygdesystem.»
Steiro Sr. treffer spikaren på hovudet. Det typiske norske helseføretaket har til dømes lågaste tillatne minimumsbemanning nede på golvet, og minst ei handfull direktørar på toppen med millionlønningar. Saman med «konsulentar» og «rådgjevarar» utgjer dei den desidert største utgiftsposten, og hadde vore til langt meir nytte som ekstra personale i avdelinga.
Synet på eldre som ei «bølgje» som overveldar velferdsysstemet og helsesektoren er ikkje heilt utan kontrovers. I kommentarfeltet til artikkelen skriv «Frida Buschmann»:
«Nå må dere slutte å kalle pensjonistene for en ‘eldrebølge’ og ‘Tsunami’ Dette er innbyggere av landet som har vært her hele sitt liv og derfor ingen overraskels[e].
Det er respektløst å kalle pensjonistene noe annet enn det de er. De har bidratt til å bygge landet og Norges vekst hele sitt liv. De har gitt et ordentlig grunnlag for at nåværende generasjon har det så bra som de har det, og det bør de respekteres for. De har også betalt inn til egen pensjon, og det er uhørt om de nå skal straffes for det.»
Lesaren «lars randby» svarer ho:
«Kutt ut tullet, det er mange av oss på vei inn i alderdommen som har bygget fint lite og som neppe har vært veldig produktive i våre liv. Det er mange gullpensjonister som har hevet gode pensjoner alt i tiår hvor de neppe noen gang har betalt inn mer enn til de fire fem første årene. Vi kommer til å bli ganske mange eldre fremover og vi må tåle og bli benevnt som en eldrebølge. Vi må også forstå at vi muligens må bidra langt mer til egen alderdom enn det den forrige generasjonen måtte. Skal vi snakke om de som bygde landet tror jeg vi må tilbake til de generasjonen som levet før folketrygden ble etablert. De er det vel ikke så mange igjen av. Regnestykket om vi har betalt inn så det rekker til egen pensjon er komplisert og ikke minst er det avhengig av hvor lenge man lever.»
Begge synspunkta er høgst legitime. Eg vil her leggje til at til dømes AFP-ordninga har gjort at spreke tilårskomne personar i til dømes helsesektoren kan gå av med AFP ved fylte 62, og so halde fram med å ta ekstravakter på ein sjukeheim som stadig skrik etter folk (og som ikkje minst har ein høg andel utlendingar med varierande norskkunnskapar). På den måten vil desse «gullpensjonistane» kunne få både i pose og sekk i mange, mange år. Dei kan heve pensjon òg full lønn om dei orkar å jobbe 100%. Ei slik ordning vil nok skape indignasjon blant oss yngre – for når vi ein gong i framtida kjem i 60-åra, er det ikkje sikkert denne pensjonsordninga lenger finst. Det er ikkje eingong sikkert at nokon pensjonsordningar finst 20-30 år inn i framtida.
Covid-19-«plandemien» var eit forsøk på å løyse eldrebølgja ved å – slik dr. Vernon Coleman har skrive eksplisitt i mange artiklar – ta livet av flest mogleg eldre. No kan det verke som om enkelte krefter i eliten jobbar for å flytte sjølve definisjonen på «eldre» (altso pensjonistar med eit stort behov for helse- og omsorgstenester) til eit nivå som er so høgt at ingen vil leve lenge nok til å kome dit. Med eit pensjonsalder på 130 år innan år 2050 vil talet pensjonistar i det året bli null. Men det er ein heilt annan, langt meir uhyggjeleg diskusjon.
Sjå òg «Regjeringa vil at fleire skal ‘få lov’ til å jobbe til dei blir 72», publisert 30.mars 2025, «WEF-økonom: Det er vår moralske plikt å tvinge eldre inn i sjølvmordskapslar», publisert 18.februar 2023, og «Og der ramla endå fleire skjelett ut av skapet: Ny artikkel antydar at sjukepleiarar utførde eutanasi på helseinstitusjonar under ‘pandemien’», publisert 13.februar 2024.
