Mangfaldets æra: Slåsskampar på TO ULIKE Leos lekeland

Leos lekeland er ein kjede med leikeland for barn, der ein finn alt frå sklier til klatretårn. Vaksne som følgjer barna kjem gratis inn, og dersom ein blir svolten eller tyrst, kan ein få brus, vatn og ymse gatekjøkkenmat slik som hamburgarar, nuggets eller pommes frites (til særs stive prisar, kan eg raskt leggje til!). Då eg i halvanna år var stefar til ein liten gut, var vi der nesten kvar helg, for det var ein utmerka måte å aktivisere ungen slik at han vart lett å leggje om kvelden. Det finst fleire filialar i landet, og den til Bergen ligg i industriområdet Kokstad mellom Bergen sentrum og Bergen lufthavn Flesland.

Denne leikelandkjeda har stundom vore kjelde for kontrovers. Mellom anna har det blitt oppdaga oppkast i ballbingane. Dette kan skuldast at dei som jobbar der knapt er gamle nok til å kjøpe brennevin på polet, og at det rett og slett er vanskeleg å halde eit so stort område med so mange aktive barn reint til ei kvar tid. No, derimot, har det skjedd noko so barne-uvennleg som slåsskamp. Og ikkje berre éin, men to.

Ifølgje VG fann det sundag 4.mai 2025 stad ein slåsskamp på Leos lekeland i Haugesund, før det òg fann stad ein slåsskamp på filialen i Stavanger. Klokka 17:14 sundag ettermiddag fekk politiet melding om slagsmål mellom to kvinner på Leos lekeland i Haugesund. Dei involverte kjende kvarandre frå tidlegare, og hadde gripe inn då barna byrja å slåst. Dei byrja då sjølv å slåst. VG skildrar begge kvinnene som i 30-årsalderen. Dei vart melde for kroppskrenking og bortvist frå leikelandet, og med pålegg om å ikkje kontakte kvarandre det neste døgeret. Oppstyret skremde naturlegvis barna som var til stade – og Leos lekeland er som regel stappfullt i barn ein sundag ettermiddag.

19:44 fekk politiet nok ei melding om slagsmål på Leos lekeland – denne gongen i nabobyen Stavanger lenger sør. Denne gongen var eit titals personar frå to ulike grupper involvert. Ein krangel mellom to barn utløyste slagsmål mellom dei som liksom skulle vere vaksne. Politiet oppretta fleire saker på kroppskrenking.

Eg var mange gonger på Leos lekeland med eks-kjærasten og guten (og ofte òg åleine der med guten), men aldri kan eg hugse at vaksne menneske byrja å slåst med kvarandre fordi ungane rauk uklar. Ein kan forvente slikt frå små ungar, men verre er det når dei som er der for å passe på ungane tyr til same ukloke åtferd.

Vi har derimot forklaringa på denne uvaksne oppførselen. Nettavisen, som har skrive ei sak basert på samtale med politiet, skriv at det er to partar frå ulike etniske grupper som har hamna i konflikt med kvarandre. Nettavisa Uten Filter kontakta òg pressekontakten til politiet, og skriv følgjande:

«På direkte spørsmål så fikk vi oppgitt at samtlige personer som det var opprettet sak på etter begge hendelsene hadde navn som tilsa landbakgrunn fra Midtøsten. Dette var tilfelle for samtlige personer.

Slikt kan det tydeligvis ikke skrives om i norsk presse.»

Kommenter innlegget