Eg har ved fleire høve tidlegare skrive om at ein bør ha ein plan når alt går til helvete, altso når samfunnet slik vi kjenner det av ymse årsaker kollapsar. Legg merke til at eg bruker ordet når, og ikkje viss, for dette er ikkje berre ein hypotetisk situasjon som kan skje. Ifølgje økonomar slik som Hans Eirik Olav er det nærast uunngåeleg at økonomien – og dermed samfunnet – kjem til å kollapse før eller seinare. Faktisk meiner mange at det burde ha skjedd for lengst. Dei mest illevarslande spådommane dreiar seg om at eliten vil finne ein «lovleg» måte å ta frå oss alt vi har gjennom det som den tidlegare hedgefond-manageren David Webb kallar the great taking («den store frårøvinga»). Same korleis kollapsen skjer, er det essensielt å ha ein plan.
Sjå òg min trilogi «Dersom alt går til helvete, har DU ein plan?» del 1, publisert 24.desember 2022, Del 2, publisert 24.mars 2023, og Del 3, publisert 12.august 2023.
Dei aller fleste bør gjere det dei kan for å overleve dersom eins eige liv går til helvete. Til dømes om ein misser jobben, om ekteskapet eller forholdet ryk, om ein ikkje lenger har råd til å bu der ein bur, eller om ein får helseproblem. Dette er ikkje å vere pessimistisk, det er å vere realistisk. Dei som ikkje lagar planar for det verst tenkjelege – spesielt i våre dagar – må kunne seiast å leve i fornekting. Verda er meir ustabil enn på lenge, og eliten byrjar å bli desperate. Makta viser alltid sitt sanne ansikt når den er trengt opp i eit hjørne.
I slutten av 2023 viste ei undersøking utført av Norstat på oppdrag for inkassoselskapet Alektum Group at 32% av nordmenn ikkje har ein økonomisk buffer på sparekontoen, samstundes som forbruksgjelda auka til sjokkerande 159,7 milliardar. Altso har dei ingenting å leve på om dei plutseleg skulle misse jobben, noko som er ein høgst reell fare i våre dagar. Dei som ikkje blir usakleg oppsagt, slik som eg vart i 2023, kan misse jobben på grunn av at bedrifta dei jobbar i går konkurs, eller om bedrifta må kutte årsverk for å spare pengar. Andre ting som krev ekstra pengar der og då kan òg skje; bilen kan plutseleg bryte saman, du kan få behov for tannlegehjelp, toalettet kan bli øydelagt (slik at du må ha besøk av ein dyr røyrleggjar), eller du kan i ein augneblinks vanvare bli bøtelagt over ti tusen kroner for bruk av mobil «under køyring».
Éin ting er om slikt skjer på individnivå. Det er eit heilt anna og langt nifsare scenario om dette skjer på samfunnsnivå. Konkrete råd for kva ein då skal gjere, har vore vanskelege å oppdrive. Det er generelt vanskeleg å føreseie kva som er «rett» å gjere, og dei som sit med kunnskapane, er ofte lite viljuge til å dele dei med andre. I ein overlevingssituasjon går medmenneske over til å bli rivalar, akkurat som dyr som slåst om knappe matressursar.
Lance D Johnson skriv i ein artikkel publisert på Natural News 6.mai 2025 om ti måtar å tilpasse seg den komande økonomiske kollapsen. Den er meint for amerikanske forhold, som er ganske ulike forholda i Noreg. Men tipsa kan med visse modifikasjonar overførast til norske forhold, og eg skal her ta ein gjennomgang av det eg meiner er dei viktigaste punkta. Resten av punkta blir ikkje tekne med i denne artikkelen. Den interesserte lesaren som vil lese alle punkta, blir tilvist originalartikkelen.
1: konverter kontantar til handgripelege ressursar som det kan handlast med. Logikken er at når fiatøkonomien kollapsar, vil pengar bli verdilause, medan ressursar av openberre grunnar vil halde på sin verdi. Ein kan ikkje ete pengar. Kjøp difor matvarer (ris, bønner, salt, krydder og andre langtidshaldbare varer), utstyr til å dyrke matvarer (dette inkluderer òg husdyr slik som kylling og kaninar), vassfilter og medisinar. Ammunisjon står i originalartikkelen, men få nordmenn har i dag våpen. Den som framleis har våpen, må naturlegvis òg ha ammunisjon.
2: Lær å klare deg sjølv. Dette gjeld ei rekkje ferdigheiter: hagearbeid, jakt, plukking av sopp og planter, naturmedisin og sjølvforsvar. Evna til å reparere ting når dei går i stykke er òg særs viktig.
3: Førebu deg på sivil uro og statlege overgrep. Etter ein økonomisk kollaps følgjer kaos. Staten viser sitt sanne ansikt og sperrar bankkontoar, konfiskerer aktiva eller innfører drakoniske lover (tenk ei verre utgåve av «pandemien»). Ein kan beskytte seg sjølv ved å lagre kontantar (for daglege transaksjonar), og sikre heimen sin med forsterka dører, alarmar, kamera og ikkje minst alliansar med lokalsamfunnet. Om straumnettet og dermed den digitale infrastrukturen bryt saman, er alarmar og kamera ubrukelege.
4: Fjern gjelda di før staten byrjar å konfiskere aktiva. Jamfør Webbs spådom om the great taking, er det ein stor fordel å kvitte seg med so mykje gjeld som mogleg, for det er gjelda som gjer det mogleg å utføre slike ran. Eit hus som ikkje er nedbetalt er ikkje eigentleg ditt, og om du ikkje lenger kan betale avdrag på lånet, kjem namnsmannen med eit kobbel politi og fjernar deg frå huset med vald og makt. Eit nedbetalt hus kan i teorien ikkje konfiskerast på same måten. Det fyrste ein bør nedbetale, er lån med høg rente, slik som kredittkortgjeld. Ein bør deretter forhandle med kreditorar – enkelte kan akseptere delvis nedbetaling av gjeld (men kor ofte skjer det?). Deretter bør ein selje unna «luksusvarer» for å nedbetale gjeld. Ein bør for ein kvar pris (!) unngå ny gjeld. Interessant nok kjem artikkelen òg med råd om å berre ha nok pengar i banken for å dekkje månadlege utgifter. Då er det, slik eg tolkar det, underforstått at resten av formuen er investert i handgripelege ressursar eller oppbevart i kontantar (eller gull, om ein er i USA).
5: Reduser levekostnader med 20% eller meir. Dette kan du byrje med allereie i dag. Her kjem fleire underpunkt.
5.1: Flytt til eit mindre og/eller billegare hus, helst ute på landet der ein kan lære seg fleire sjølvbergingsferdigheiter. Å dyrke jorda kan til dømes vanskeleg gjerast i åttande etasje i ei bustadblokk i ei altfor dyr andelsleilegheit. Utfordringar no, før kollapsen, er at det ofte ikkje finst jobbar på slike stader – og at ein treng ein påliteleg drivstoffbil (og helst basiskunnskapar om korleis ein held den ved like).
5.2: Byt tenester med kvarandre, til dømes mekanikararbeid, medisinsk kunnskap og andre ferdigheiter/tenester. Eg ser til dømes føre meg eit scenario der naboen, som er bilmekanikar, fiksar bilen din i byte mot at du, som er bonde, hjelper han å dyrke poteter og gulrøter på åkerlappen hans.
5.3: Fjern alle unaudsynte utgifter. Dette gjeld strøymetenester slik som Netflix og Spotify, restaurantbesøk og byturar, og ferieturar til utlandet. Dette krev disiplin og viljestyrke.
5.4: Kjøp matvarer i store kvanta, men pass på å ete maten før den går ut på dato.
5.5: Utvid inntektskjeldene. Her blir det opp til kvar enkelt å bruke sine eigne ferdigheiter. Utfordringane her er fyrst og fremst av ein skattemessig natur. Mange inntektskjelder fører til meir arbeid når sjølvmeldinga skal leverast (men om samfunnet har kollapsa, har òg Skatteetaten det!).
6: Unngå opptøyar og protestar ved å flytte tidleg. Byområde vil bli om til episenter for vald når det oppstår matmangel. Tenk ei 1000 gonger verre utgåve av hamstringa ein såg på byrjina av «pandemien». Her bør ein flytte ut på landet, for dess lågare folketettleik, dess mindre kaos. Er der ikkje folk, er der heller ikkje opptøyar. Eit anna alternativ er ei hytte ute på landet, langt unna byen. Slik luksus er det derimot ikkje alle som har i dag, dei fleste har meir enn nok med å betale på éin bustad. Ein bør òg følgje nøye med på tendensar til sivil uro, og reise før det oppstår reiserestriksjonar eller nedstengingar. Igjen vil eg trekkje fram «pandemien», der helsepersonell i byrjinga hadde forbod mot å reise til utlandet, og der nordmenn hadde forbod mot å reise til hyttene sine om dei låg i ein annan kommune. Dette kan skje igjen. Når verda er i kaos, er det aller viktigast å vere roleg sjølv. Ikkje vis frykt eller svakheit, og vit kva du skal og kva du har tenkt å oppnå.
7: Lær deg bytehandel. Når pengane blir verdilause, blir handgripelege ressursar dei nye pengane. Her bør ein lære den ekte verdien av varer, slik at ein unngår å bli lurt. Ein bør tenkje tryggleik og verst tenkjelege scenario (som er overfall og rovmord under ein slik bytehandel). Å kunne reparere våpen og verktøy sikrar at dei held på verdien. Resultatet av ein finansiell kollaps blir at vi går over til ein byteøkonomi – folk byter til seg det dei treng, slik dei gjorde i oldtida. Dette gjeld både varer og tenester, og den universelle regelen er at alle har noko som nokon andre treng, og omvendt.
Med desse konkrete tipsa i botn, er det på tide å lage ein plan. Alternativet er å døy.
