Monotoni og intens tosemd (stemmerett og stemmeevne)

Dette er ei novelle. Alle personar og hendingar er oppdikta.

Det bleike gjenferdet Merete flyt oppe i hjørnet i rommet som kontorslaven Elin sit fanga i. Auga til den tidlegare drapssjukepleiaren har ikkje blinka ein einaste gong sidan ho kom hit, og blikket er festa på den uvetande Elin, som Merete nesten berre ser baksida av. Elin sit der i Bergensbunad på den mjuke kontorstolen som ho aldri er ute av. Sølvsmykket med det diamantspekte anhenget er usynleg under den kvite skjorta, men perleøyredobbane glitrar desperat på kvar side av bollekjake-hovudet. Merete sitt identiske sølvsmykke glitrar intenst mot den kritkvite huda, og perlene glitrar like intenst.

Eit svakt, dirrande stønn slepper ut av Elin der ho sakte strekkjer på seg. Det er tidleg på dag, men sola badar allereie landskapet rundt dei. Eit fjernt, overjordisk dommedagsdrønn lyd i det fjerne – den sokalla salutten. 17.mai er einaste dag i året det er akseptabelt å skyte med kanon, og einaste dag i året det er akseptabelt (?) å sitje og drikke om morgonen. Bergen har gjort ei uvanleg vurdering i år, og bestemt at utestader kan servere alkohol frå seks om morgonen. Sjølv ikkje Rema 1000 har lov å selje øl so tidleg, so dette er på alle måtar ei historisk hending.

Men ingenting av dette speler noka rolle for dei to fangane. Dei kan ikkje forlate dette rommet. Elin kan ikkje eingong forlate stolen ho sit i – beina har ikkje so mykje som lea på seg på over eit år. Ho er eit lite, stasjonært damefjell der ho sit evig trengt og lengtande. Merete kan ikkje forlate hjørnet ho har sveva stasjonært i like lenge. Nok eit fjernt drønn lyd. Dagen har starta, galskapen kan byrje. Dei fleste kjem til å drikke seg dritings, for ein eigentleg grunn til å feire 17.mai har ikkje nordmenn lenger. Noreg er verken eit sjølvstendig land eller eit demokrati.

Døra opnar seg og monotonien og den uendelege tosemda blir mellombels forstyrra. Inn kjem Mektige Erika, kledd i ein bunad som ikkje liknar den til Elin i det heile. Merete har aldri sett denne typen bunad før, men den er definitivt ikkje frå Bergen eller omland. Mektige steg lyd som små kanondrønn i det ho spankulerer bortover golvet med ein struttande byste som ser ut som den skal eksplodere.

«Elin, Elin, Elin, Eeeeelin, gratulerer med dagen…!» kurrar den evig småkåte gratispa der ho trippar bakom kontorslaven og legg hendene på skuldrene. Ho lener seg tett inntil ho og snakkar ømt og kviskrande i øyret hennar. Elin ser ut som ho skal eksplodere. «Du kler bunad…! Pleiarane har gjort ein god jobb…!»

«Takk, Mektige Erika…!!» seier Elin med ei skjelven stemme av største desperasjon.

«Har dei vaska deg òg?» Leppene til Erika kviler mot perleøyredobben til høgre øyre.

«Frå topp til tå…!!» Ho bit seg i leppene medan ho sakte vrir på seg. «Men eg fekk ikkje gå på do…!!»

«Åh, det var så synd…! Kanskje i kveld…!»

«Åh, eg håper det…!!»

Erika flirer mektig i det ho omfamnar Elin og gjev ho eit kyss på halsen. So trippar ho over golvet på veg mot døra.

«Eg skal til sentrum i dag og nyte eit glas vin – eller ti…!» seier ho. «17.mai er ein av få dagar i året eg faktisk kan forlate denne bygningen…!» Ho kastar Elin eit blikk av kunstig empati over skuldra. «Dette gjeld diverre ikkje deg…! Du kan aldri gå ut igjen…! Du kan aldri igjen…! Ingen stad, Elin…! Ingen stad, Elin-Elin-Eeeeeelin…!» Ho bit seg i leppene. «Åh, kor kåt eg er…! Men duty calls, som dei seier…! Vi snakkast i kveld ein gong…!»

Dei smådrønnande skoa kjærteiknar golvet på sin veg ut. Tilbake er Elin, Merete, monotonien og den intense tosemda. Merete bit seg i leppene og vrir på seg. Auga vil so gjerne blinke, men det er umogleg. Auga er manisk og hjelpelaust festa på den ekstremt pissetrengte kontorslaven.

*

Det har gått både vinter og vår sidan vi sist såg noko til Sofie, den sokalla «leiaren» på korttidsavdelinga på ein tidlegare sjukeheim. Etter at ho gjennomførte sjølvmord nede på paddeflate, landlege Jæren til ingen si sorg og alle si glede, har ho berre vore eit hovud som har sveva rundt. Misser ein hovudet, misser ein nemleg òg bakkekontakten. Faktisk har ho vore høgt til himmels sidan juni 2024, og drive rundt i evig kvileløyse medan gulløyreringane til dei store Dumbo-øyra har dingla og kitla utan stans. Sommar, haust, vinter og vår. Det blonde håret er minst to meter langt og fullt av flokar og knutar. Konstant eksponering for sol har gjort den tidlegare sommarbrune huda hennar altfor brun og til og med litt læraktig. Ho var nok temmeleg solbrent dei fyrste vekene, får vi håpe!

Brått blir den «himmelske» monotonien broten. Sofie opnar brått auga over at ho er på veg nedover. Sola steikjer og svir frå ein skyfri himmel, so ho ser rett ned på Bergenshalvøya langt der nede. Ho er minst 15 kilometer til vêrs, so nedstiginga kjem til å ta si tid. Øyreringane dinglar og kitlar utan stans. Ingen pause er mogleg, for pausar gjev ein høve til å gløyme all uretten ein har påført visse tilsette. Aldri gløym, aldri tilgje, aldri gje fred.

Bergen sentrum aular av folk. Sjølv 5 kilometer over byen ser ho at det er 17.mai. Ho kan vagt høyre all ståket og musikken frå det uendelege toget som kravlar og et seg gjennom sentrum. Etter kvart som ho sakte daler nedover, blir lydane meir og meir intense. Det kjennest nesten ut som den tomme skallen hennar skal eksplodere. Etter so lenge i eksil er det nesten absurd å høyre andre lydar enn vinden igjen.

Då Sofie er på høgd med Fløyen, stoppar ho å dale. I staden byrjar ho å sveve vestover. Her nede er det mykje varmare, og sola er ikkje so intens. Etter kvart ser ho ned på Puddefjordsbroen og Laksevåg. Utsikta vestover til Sotra og Øygarden er formidabel. Ingen dronar kan ta slike gode bilete, og ho sjølv har vore ein «drone» i eit år no.

Ho svevar forbi Vestkanten storsenter i Loddefjord, der ho brått tek ein sving til venstre. Ho svevar no i sørleg retning, mot det som viser seg å vere den amerikanske militærbasen på Haakonsvern. Kva kjem dei til å gjere når dei ser eit svevande hovud? Om dronar har totalforbod mot å fly over basen, kva med hovud? Gjeld det same strenge forbodet då òg?

Elin bit seg i leppene medan nok eit stønn slepper ut av ho. Merete vrir sakte på seg oppe i hjørnet. Begge to nyt sitt fengsel det beste dei kan.

Brått kastar Elin eit blikk ut vindauget og frys herleg til. Merete, som no plutseleg kan bevege blikket, ser i retning av der Elin ser. Som lyn frå klar himmel dukkar eit svevande hovud med gulløyreringar opp.

«Oi…!!» klynkar Elin medan ho sakte strekkjer seg og hiv etter pusten. Bunaden ser ut som den skal rakne – bysten hennar eser herleg. «Kva er det…??»

Sofie sitt hovud flyt nærare og nærare vindauget, før ho og Elin får augekontakt. Den stakkars dama skvett til med eit lite hyl. So vender Sofie blikket mot Merete, og spøkjelset ser ut som ho – ironisk nok! – har sett spøkjelse ved høglys dag.

Både Sofie og Merete opnar kjeftane sine, men ingen lydar kjem ut. Dei har for lengst – og høgst velfortent! – mist stemmerett og stemmeevne.

Kva no?

Kommenter innlegget