17.mai 2025 fann det fyrste sokalla Remigrasjonstoppmøtet stad i den italienske byen Milano. Dette toppmøtet – eller konferansen – er særs kontroversiell, og har mellom anna skapt politisk storm i Italia. Sjølve staden for møtet måtte haldast hemmeleg på grunn av den høgst reelle faren for valdelege motdemonstrasjonar. Ei gruppe tyske aktivistar vart på flyplassen i München stoppa av tungt væpna politi med maskinpistolar og nekta utreise då dei skulle delta på arrangementet – men dei reiste likevel.
Kva er so remigrasjon, og kvifor er temaet slik ei glovarm potet i Europa?
Dei fleste innan alternative media kjenner til konseptet Den store utskiftinga, som fyrst vart introdusert av Renaud Camus. Dette går ut på at kvite kristne i den vestlege verda skal erstattast av folkeslag frå andre delar av verda, spesielt sokalla MENA-land (Midtausten og Nord-Afrika). Slike folkeslag er av ein meir servil natur, og som takk for å ha blitt hjelpt til velstand og velferdsytingar i Vesten frå sine øydelagde heimland, vil dei med glede stemme inn politikarar med ein globalistisk agenda. (Ironisk nok er det dei same aktørane som øydelegg landa slik at folkeslaga som bur der må flykte.) Venstresida sjølv, som sit med makta, hevdar naturlegvis at dette er ein høgreekstrem konspirasjonsteori. Men er det eigentleg det?
Ein treng ikkje sjå lenger enn til stoda i eins eige samfunn. Det har i mange år skjedd ei nærast ukontrollert masseinnvandring, og dette inkluderer diverre personar som viser manglande evne eller vilje til å late seg integrere. Dei lærer seg ikkje språket til sine vertsland, deltek lite i arbeidslivet og dannar i staden parallellsamfunn der dei held seg med sine. Trygdesvindel er ikkje ukjent hjå dei, og det er ei kjent sak at mange av dei sender pengar til sine fattige slektningar i heimlandet. I visse tilfelle reiser dei til og med på ferie til land dei visstnok har flykta frå på grunn av krig, personleg fare eller andre forhold.
Talet ikkje-vestlege innvandrarar i Europa har auka jamt og trutt, og ingenting tydar på at dei som sit med makta har tenkt å snu utviklinga. Resultatet er ikkje berre at samfunnstenester slik som helsesektoren blir overvelda eller til og med bryt saman: europeiske land blir stadig meir utrygge. Vald, ran, valdtekt og mord – som spesielt i Noreg har vore sjeldne hendingar – blir meir og meir vanlege. Det norske tillitssamfunnet er på veg til å havarere, og i Sverige har dette havariet allereie funne stad; det er ikkje utan grunn at innvandringskritikarar snakkar om «svenske tilstandar» når dei skildrar ei stode dei ikkje vil ha i Noreg.
Dette er naturlegvis ikkje ei berekraftig utvikling. Spesielt ikkje når den store tilstrøyminga av ressurskrevjande innvandrarar går utover velferdstenestene til innfødde. Landet vårt er ikkje eit sosialkontor for den tredje verda – vi har meir enn nok med å ta vare på våre eigne.
Remigrasjon går ut på å sende kriminelle, ikkje-integrerbare utlendingar tilbake til heimlanda sine. I Noreg skjer ein slags remigrasjon allereie, i form av at asylsøkjarar som får endeleg avslag på søknadene sine om opphaldsløyve blir pålagt å forlate landet – anten friviljug (gjerne «oppmuntra» av ein eingongssum for å sjølv forlate landet), eller ved hjelp av tvangsretur utført av Politiets utlendingseining. Slikt skjer derimot uavhengig av om vedkomande har eit kriminelt rulleblad i Noreg; her handlar det berre om at personen ikkje oppfyller dei formelle krava for opphaldsløyve. Remigrasjon er langt meir omfattande. Som Daniel Beattie skriv (omsett av Rabulisten):
«I bunn og grunn handler remigrasjon om å snu utviklingen – å redusere andelen innvandrere i Europa, i stedet for at den fortsetter å øke. Målet er å forhindre en befolkningsutskiftning. Det handler altså ikke bare om å returnere kriminelle utlendinger, eller å begrense antallet muslimer i landet, selv om dette inngår. Det dreier seg først og fremst om europeiske folks fortsatte eksistens i sine egne respektive land.
Mange eldre tror at remigrasjon bare er et nytt ord for hjemsendelser, noe nasjonalkonservative og andre har snakket om i årevis. Men selv om hjemsendelser er én del av det, er remigrasjon noe langt mer omfattende. Det handler også om å stimulere frivillig tilbakevending, begrense videre innvandring, og styrke nasjonal identitet og bevissthet. Remigrasjon er en helhetlig strategi – ikke bare rå makt, men en kombinasjon av flere tiltak.»
Beattie skriv vidare at innvandrarar kan delast inn i tre grupper: ulovlege innvandrarar, mellombelse innvandrarar (asylsøkjarar, arbeidsinnvandrarar, familieinnvandrarar), og statsborgarar og etterkomarar. Sistnemnde har gjerne statsborgarskap, men har vist manglande evne eller vilje til å integrere seg. Resultatet er at dei blir ein livslang utgiftspost for vertslandet.
Dagens ordning med eingongssum for å friviljug reise heim meiner han ikkje er nok. Moglege tiltak for å stimulere friviljug retur må vere betre enn dei vi har i dag:
«Nå får man en engangssum for å reise tilbake, noe som i seg selv er positivt, men ofte utilstrekkelig. Mange returnerer til Europa, og penger alene er ikke nok. Vi bør samarbeide med mottakerlandene og legge til rette for bolig, arbeid og reintegrering, slik at det faktisk blir attraktivt å vende tilbake. Det må finnes noe å komme hjem til. Det vil være verdt det – også for oss som blir igjen her.»
Remigrasjon bør i størst mogleg grad skje fredeleg og gradvis. Om staten plutseleg byrjar å sende tungt væpna politi for å arrestere og fjerne med tvang innvandrarar frå samfunnet, vil det skape politisk og sosial uro. Mange vil tolke dette som statleg maktmisbruk og overgrep, og kan føre til manglande støtte i befolkninga. Men det handlar ikkje berre om å sende ut innvandrarar som øydelegg samfunnet – sjølve samfunnet må gjerast noko med. Som Beattie skriv avslutningsvis:
«Remigrasjon handler også om å styrke nasjonal identitet og kulturell bevissthet. Hvorfor? Fordi vi har havnet i dagens situasjon nettopp fordi vi har glemt hvem vi er. Uten røtter og fellesskap blir vi sårbare og villige til å gi bort landet vårt. For å stå imot presset fra fremmede kulturer og liberal ideologi, må vi gjenoppdage oss selv. Vi må vite hvem vi er. Uten dette vil ikke remigrasjon lykkes.»
Austerrikske Martin Sellner har laga ei nettside der han skriv om remigrasjon. Han stod på talarlista til årets konferanse i Milan. Han er forfattaren bak Amazon-bestseljaren Remigration – a Proposal («Remigrasjon: Eit framlegg»). Hans definisjon av omgrepet er følgjande (omsett av Saksyndig):
«Remigrasjon er paraplyterminologien for alle juridiske, økonomiske og kulturelle tiltak som snur migrasjonsbølgja, stoppar og gjer om den store utskiftinga, og som dermed bevarer den etnokulturelle identiteten til ein nasjon.»
Han har etter eiga utsegn blitt forfølgt av politi og stat på grunn av sine politiske ytringar, noko som diverre er eit symptom på tida vi lever i. Tilhengjarane av remigrasjon meiner at det ikkje er mogleg å sameine sosial stabilitet, kulturell kontinuitet og demokratiske rettar i eit samfunn prega av masseinnvandring. Remigrasjon blir dermed eit naudsynleg og legitimt tiltak. Slike ytringar, om mange nok kjem med dei, skaper panikk på venstresida, for slik motstand frå folket er tydelegvis i strid med deira globalistiske planar.
Europeiske styresmakter er diverre viljuge til å gå langt i å avgrense ytringsfridommen, nettopp for å hindre at slike «farlege» meiningar spreier seg blant befolkningar som for lengst har fått nok av all kriminaliteten og den sosiale uroa som masseinnvandring fører med seg.
