3.januar 2022 publiserte eg ein artikkel om fenomenet gang-stalking, eller «gjeng-forfølging» på norsk. Fenomenet viser til eit individ si subjektive kjensle av å vere forfølgt av ei grunne andre individ, og skildrar seg sjølv som targeted individuals (forkorta TI), eller individ som er mål for omfattande uønskt åtferd slik som forfølging, overvaking, trakassering og bruk av høgteknologiske våpen som øydelegg deira fysiske og mentale helse.
Artikkelen høyrer til ein av dei mest populære artiklane på Saksyndig, og har fått ein god del merksemd sidan den vart publisert for over tre år sidan. Dette viser at gang-stalking er eit reelt fenomen, og at mange blir offer for det i Noreg. Dei aller fleste blir gjenstand for psykiatriske undersøkingar, og gjevne diagnosar som sjukeleggjer dei, men utan at «bakmennene» på nokon måte blir avslørte og/eller straffa for sine ugjerningar.
Kommentarfeltet til artikkelen inneheld ein kommentar frå nokon som kallar seg «Ola Nordmann», som sjølv hevdar å ha blitt utsett for gang-stalking. Vedkomande bekreftar at gang-stalking går føre seg i stor skala, og utført av dei med psykopatiske trekk, altso personlegdomstypar som fell innunder den mørke triaden. Dei tre klassiske personlegdomstrekka er narsissisme, machiavellisme og psykopati, og er universelt opplevd som «mørke» eller ubehagelege for folk flest. Dei med vit og sunn fornuft unngår slike individ for ein kvar pris, for dei er giftige for oss.
Sjå òg «Psykopatar er reelle, sjølv om folk flest ikkje vil vedkjenne seg dei», publisert 12.desember 2023.
For dei som ikkje er heilt kjende med dei tre personlegdomstrekka i den mørke triaden, kjem eg her med ei kortfatta oppsummering.
Narsissisme er kjenneteikna ved ofte urealistiske tankar om eigen stordom, hovmod (overmot) og mangel på empati. Dei er sjukeleg sjølvopptekne, og lèt seg ikkje realitetsorientere.
Machiavellisme er kjenneteikna ved kynisk manipulering og utnytting av andre, fokus på eigeninteresse, og mangel på moral. Slike folk finn ein i diverse leiarstillingar, og dei blir stadig vanlegare dess høgare opp i systemet ein kjem. Vanleg innan politikk og andre bransjar der det er viktig med skarpe olbogar og rævsleiking for å klatre i hierarkiet.
Psykopati er kjenneteikna av vedvarande antisosial åtferd, mangel på impulskontroll, egoisme og fråvær av anger og kjenslevarsemd.
Sakkyndig.com (ikkje å forveksle med Saksyndig.com!), nettsida til Rune Fardal, inneheld mange interessante artiklar om personlegdomsforstyrringar, deriblant narsissisme og psykopati. Der er problemet fyrst og fremst, ifølgje Fardal, at sakkunnige (bokmål sakkyndige) blir misbrukt av rettsapparatet mellom anna i barnevernssaker. Ein kan faktisk bli særs freista til å kalle slike «fagfolk» for saksyndige sidan dei jo syndar mot saklegheitskravet i rettssaker! Det er vel ikkje utan grunn at ei vanleg feilstaving av bokmålsordet sakkyndig er «saksyndig».
Går ein tilbake til nemnde «Ola Nordmann»-kommentar, kjem vedkomande med ei interessant skildring av desse bakmennene sin modus operandi. Dei er fyrst og fremst drivne av ei nesten ustyrleg trong til å øydeleggje, skremme og mishandle sine offer – på denne måten demonstrerer dei si makt over dei. Dei samarbeider bevisst og ubevisst, og det er dei mot oss. Dei er fienden, og særs farlege.
Her følgjer eit utdrag frå kommentaren:
«De utnytter alle gråsoner. Dvs. De vet at avansert overvåkning ikke blir avdekket av politiet.
Med dette så forfølger de deg, de samler informasjon som de kan bruke til å manipulere deg, som å skremme, forfalske, å lage ett helvette.
De vil drive med støy terrorisering, dag og natt.
Du vil møte folk over alt som kun stirrer, eller smiler stygt.
De vil gå i veien for deg, skumpe borti deg.
Biler o.l som plutselig kjører fort forbi deg, eller utenfor hjemmet.
De setter på bass akuratt i det de kjører forbi deg.
Folk vil plutselig prate om ting du har søkt på, eller skrevet om på mobilen.
Biler vil plutselig stoppet litt fra deg å se stygt på deg.
Eller biler som står på avstand.
Bluetooth, elektronisk o.l vil oppføre seg rart.
Dette er for at du skal føle deg liten, omringet, redd o.l. For da er det lettere å få makt over deg.
Videre også at hvis du melder ifra, så isolert sett, så ser det smått ut, men samlet er de ødeleggende.
Du vil også mest sannsynlig bli henvist til psykiatrisk.
Alt dette vet den mørke triaden. Og det er derfor de gjør det de gjør.»
Ei kjelde av Saksyndig hevdar sjølv å ha blitt utsett for det som i praksis er gang-stalking. Vedkomande blir her gjort anonym for å beskytte liv og helse, men personen er ei kvinne «i godt vaksen alder». Ho påstår at aktøren bak gang-stalkingsprosessen er del av eit nettverk som jobbar i politiet på det sentrale Austlandet (kanskje med tilknyting til PST og E-tenesta), og aksjonen skal ha blitt sett i verk på grunn av politisk aktivitet i fortida, og ei romantisk avvising på eit her uspesifisert tidspunkt. Ho vart som ung gjentekne gonger forsøkt «rekruttert» til den politiske og økonomiske overklassen i Oslo på grunn av sin høge kulturelle kapital (ho er høgt utdanna og lynande intelligent), men takka nei fordi ho veit godt kva eliten eigentleg driv med. (Exit er ikkje fiksjon, for å seie det mildt, og denne kvinna kan ha vore ein av informantane til serien; dette har ikkje blitt bekrefta.)
Hovudaktøren bak denne trakasseringa har ei sentral stilling i politiet, og har betydeleg kompetanse innan IT-tryggleik. Saka er meldt til Spesialeininga, noko som indikerer alvoret. Dei straffbare handlingane omfattar ulovleg overvaking av mobil og PC, og datainnbrot på nemnde verktøy. Ho veit for mykje om visse personar i eliten (jf. nemnde TV-serie), og blir difor forsøkt stilna av politimannen og andre aktørar, som truleg får god betaling for å gjere dette. Det at Spesialeininga faktisk har teke tak i saka, viser at ikkje alle innan politiet er med på denne «konspirasjonen».
Det skal her påpeikast at det er ingen måte for Saksyndig å verifisere verken denne historia eller dei andre historiene. Alt vi har er vitnesbyrd frå offera. Sluttresultatet av gang-stalking er stundom døden, med mindre rettsapparatet kan gripe inn og stoppe prosessen. Med tanke på kven som kanskje står bak, ville eg ikkje ha halde pusten medan eg ventar på hjelp. Politisaker blir gjerne henlagt på mystisk vis, ofte med dårlege grunngjevingar.
Lesaren blir her oppfordra til å gjere eigne undersøkingar – og dersom lesaren er i same situasjonen, ta kontakt med andre som har opplevd liknande hendingar. Om problemet er so vanleg som dei som har teke kontakt med Saksyndig hevdar, står vi overfor ein formidabel fiende med røter i den norske djupstaten.
