Når det skjer sjokkerande og vondsinna handlingar mellom menneske, får enkelte på grunn av verdssynet sitt eit forklaringsproblem. Ein kan gjerne kalle det kognitiv dissonans, sidan slike episodar er i strid med tankesettet dei har. Dei trur gjerne at alle menneske er gode inst inne, og at vondskap ikkje finst, sjølv om dei kvar dag ser tallause døme på det motsette. Mange menneske er moralsk forderva og uhyrleg vondskapsfulle, og framstår som fullstendig likesæle overfor lidinga dei påfører andre menneske.
11.desember 2023 vart det publisert ein meiningsartikkel av Northern Light på Derimot. Vedkomande stiller med rette spørsmålet om ein må vere psykopat for å klatre heilt til topps. Personen skriv innleiingsvis:
«Psykopater er menneskelige rovdyr. Før vitenskapen om psykens tidsalder, ble de kalt onde. I dag er det bare religiøse som bruker betegnelsene ond og ondskap. Psykopater har ond glede av å skade og såre andre mennesker, og manipulere og bruke andre mennesker for sine egne egosentriske formål. De har sterke overtalelsesevner, er manipulerende og eksperter på ødeleggende psykisk terror og ryktespredning. De er samvittighetsløse, skruppelløse, forræderiske, og ufølsomme for lidelsene de påfører sine ofre.»
Trass deira totale mangel på empati, har dei god innsikt i korleis andre menneske fungerer:
«Slåsskjemper eller begavede, uansett er psykopater naturtalenter på å lese andre mennesker. Når en psykopat går inn i et rom med mange mennesker, vet han/hun bare etter noen minutter hvem som er sårbare og har lave forsvarsverker og som de kan herje med, hvem de kan manipulere, sjarmere og hvem som vil bli deres ektefelle.
De kan sjarmere nesten hvem de vil, og knuse hvem de vil.»
Dei sleikjer seg oppover og sparkar nedover:
«I en organisasjon vil psykopaten holde seg inne med overordnede, og hvis han vil en sideordnet eller underordnet til livs, isolerer han vedkommende ved å være sjarmerende overfor alle andre enn offeret. Når offeret skal klage til overordnede, blir det en som psykopaten er venner med og drar på fisketur med. Det ender alltid med at offeret blir hindret i å utføre sine oppgaver, og må slutte eller blir syk.»
Dei infiltrerer maktposisjonar og er hovudårsaka til at verda er som den er:
«Psykopatenes egenskaper gjør den dessverre godt egnet i politikken og i finansverdenen, og til å klatre i lederposisjoner i offentlig og privat virksomhet. Jo høyere opp i en organisasjon en kommer, jo større blir sjansen for at en treffer på psykopater. Når de oftest er å finne høyt oppe i politikk, finans og media, og som virker sammen som verdensordningen viser, forklarer det hvorfor de rike blir rikere og de fattige fattigere hele tiden, og i et stadig raskere tempo.»
Psykopatar i den monetære, politiske, medie- og rettsmakta har i fleire hundreår «dannet et tett nettverk, en dypstat i alle vestlige land, ved i politisk posisjon utnevne og ansette hverandre.
De må være hundre prosent klar over hvilken elendighet de påfører milliarder av mennesker, som bare må bety at de nyter det. Deres ondskap er ikke av denne verden, og da må en kunne spekulere om de ikke er det heller. Det er så en skulle tro de kom fra en rivaliserende sivilisasjon for å erobre Jorden.»
Psykopatar er reelle, og dei er vonde. Dei er 100% tilreknelege og dermed strafferettsleg ansvarlege for handlingane sine. Dei lid ikkje av det som psykiaterar måtte dikte opp ved handsopprekning den og den dagen, det vere seg «dyssosial personlegdomsforstyrring», «antisosial personlegdomsforstyrring» eller andre slike «diagnosar». Dei er vonde, og dei vil oss ikkje vel. Dei ser på menneske som ressursar dei kan utnytte etter kva dei finn for godt. Dess fleire som innser dette, dess mindre makt vil psykopatane få.
Problemet er når enkelte i sin naivitet trur at psykopatar ikkje finst; for dei er det heilt rimeleg å karakterisere openbert fiendtlege handlingar som «noko offeret innbiller seg». Det er openbert behageleg for somme å tru at vondskap ikkje finst, men der lurer dei seg sjølve. Ved å velje vekk vondskap som forklaring, pådreg dei seg sjølve ei rekkje handlingar og episodar som utan vondskapsvariabelen framstår som uforklarlege. Dei grip desperat etter alle andre forklaringar enn den mest logiske. Som regel vil dei til slutt bli pressa til å leggje skulda på offeret.
Som eg sjølv skreiv i ein meiningsartikkel på Saksyndig tilbake i mars 2022: «Psykopatar er ekspertar i å lage helvete på jord, fordi det er frå helvete dei kjem.» Dei orda står eg framleis ved? Kvifor skulle nokon elles gå ut av sine gode skinn for å lage livet utriveleg for menneska rundt seg? Dei gjer det iallfall ikkje i vanvare, som ofte er den forklaringa som dukkar opp blant godtruande medmenneske, som ikkje vil vedkjenne seg at psykopatar og vondskap finst. Å ikkje erkjenne dette faktum er å utsetje seg sjølv og sine næraste for stor fare.
Grunnen til at psykopatar greier å klatre til topps i hierarkiet, er fyrst og fremst deira umettelege behov etter makt og merksemd. Dei er sjukeleg sjølvopptekne, og søkjer fyrst og fremst nyting og bekrefting på si eiga storheit. Får dei makt, vil dei halde på makta, om det so inneber å gå over lik. Dei treng «informantar», og vil difor etterkvart utstyre seg sjølve med eit hoff av servile rævsleikjarar. Mange av dei er feige, og kjempar helst i det skjulte, sidan dei ville ha tapt ein kamp kjempa på opne, ærlege premiss. Ved hjelp av sin hær av «disiplar» trekkjer dei i trådar og får ting til å eskalere. Dei kan då lene seg trygt tilbake, bivåne konfliktane som står i lys loge og – viktigast av alt – ta ansvar ved å bli sitjande.
Psykopatar kan faktisk vinnast over. Trass deira høge tankar om eigen intelligens og eigne evner, er dei lette å vippe av pinnen om ein følgjer hovudregel nummer éin i møte med eit farleg rovdyr: Ikkje under nokon omstende vis frykt. Ein psykopat sitt verste mareritt er nokon dei ikkje kan kontrollere eller intimidere. Sidan dei jo er so flinke å lese andre menneske, vil dei fort skjøne når dei står overfor ein motstandar som er so formidabel at det ikkje er verdt kampen.
