Sjå òg « ‘Useless eaters’ vil om få år vere uønskte i Den nye verdsordenen», publisert 16.mars 2022, og «Det nye, barbariske verdssystemet ønskjer fyrst og fremst å fjerne deg so fort du blir ‘ubrukeleg’ i deira auge», publisert 4.oktober 2022.
Om ein skal tru dei rette kjeldene, har eliten i lang tid hatt planar om å utrydde den delen av befolkninga som dei meiner er ubrukelege. Denne gruppa blir kalla useless eaters på engelsk – «ubrukelege etarar» på Saksyndig-nynorsk. Dei stadige kvantespranga innan teknologi fører til at folk over ein viss alder har større risiko for å ramle av lasset og hamne i ei verd dei ikkje kjenner seg igjen i, og der dei treng hjelp for å fungere og overleve. Samstundes genererer denne gruppa ingen inntekter for Staten, men er berre ein utgiftspost på grunn av pensjon eller uføretrygd. Eit menneske utan jobb er dermed ei «bør» for Staten, og blir av den grunnen rekna som «ubrukeleg».
Ubrukelege etarar må ifølgje eliten avlivast, slik at midlane som blir brukt til underhald av dei kan brukast på meir verdige grupper – i praksis eliten sjølv. Kven er dei ubrukelege etarane? Pensjonistar er den klart største gruppa, men uføre – handikappa og personar med psykisk utviklingshemming eller alvorleg psykisk sjukdom – er òg med. Dei som ikkje greier å forsørgje seg sjølve gjennom inntekt tent via ordinært lønt arbeid. Alle dei må vekk i Den nye verdsordenen.
Arrogansen til eliten er av ei anna verd. Dei har gjeve seg sjølv den guddomlege krafta til å skape liv eller ta det. Dei har gjort seg sjølve til gudar og snike seg inn i maktposisjonar ingen har valt dei inn i. Og dei som har blitt valt inn i politiske maktposisjonar gjennom påstått demokratiske prosessar, har skjult sine sanne ansikt heilt til dei kom innanfor veggane til maktas korridorar.
Ifølgje Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice, har vitskapsfolk tilknytt World Economic Forum (WEF) lansert eit stykke teknologi som er so dystopisk at ein ikkje kan tru sine eigne auge og øyre: eit eutanasi-system som fungerer på avstand, som har «ubrukelege» borgarar som mål. Ein algoritme med tilgang til folks personlege data kan vurdere om dei er til nytte for samfunnet eller ei bør, og so blir prosessen sett i gang med eit enkelt tastetrykk.
Som forventa er hovudstraumsmedia og faktasjekkarar tause som kyrkjerotter. Det skal derimot finnast dokumentasjon på at «fjernkontroll-eutanasi» (i mangel av eit betre ord) eksisterer, og kjem til å takast i bruk i ei nær framtid.
Ikkje berre ubrukelege etarar skal avlivast. Det skal dissens òg. Ved hjelp av maskiner og stille samtykke frå ei uvetande befolkning, skal eliten fjerne alle som er ueinige med Den nye verdsordenen.
Sjølvmordskapslane er her allereie, produsert av selskapet Sarco. Men dei vil bli overflødige når den nye teknologien blir teken i bruk. Dessutan har kapslane rykte på seg for å ikkje fungere 100%.
Sjå òg «WEF-økonom: Det er vår moralske plikt å tvinge eldre inn i sjølvmordskapslar», publisert 18.februar 2023, og «Fyrste kvinne som brukte sjølvmordskapsel måtte KVELAST i hel fordi maskina slutta å fungere», publisert 4.november 2024.
Den nye fjernkontroll-eutanasi-metoden vil derimot fungere særs godt. Og når prosessen er igangsett, kan ingen stanse den. Ifølgje ein talsperson frå Sarco er deira siste generasjon med dødsteknologi «ein draum som har blitt sann». Dette blir forkledd som velferd, for teknologien ser ut til å vere meint å brukast på demenspasientar, som elles hadde stått overfor årevis som hjelpelause pleiepasientar på ei underbemanna somatisk langtidsavdeling på ein sjukeheim. Den eigentlege intensjonen er naturlegvis å fjerne det faktiske behovet for både langtidsavdelingar og sjukeheimar.
Teknologien blir antyda å vere eit implantat i kroppen som stille tikkar nedover mot null. Pasienten får kvar dag ei diskret påminning – i form av eit pip eller ein vibrasjon – om å slå av denne «dødmannsknappen» (engelsk kill switch). Om personen vel å ikkje gjere det, gløymer det, eller – endå verre – om den statsstyrte algoritmen som overvakar åtferd, helsedata og sosialkreditt-poengsum vurderer personen som «ikkje lenger brukeleg»… Då vil døden inntreffe innan kort tid.
Eutanasi – nært eller fjernt – blir av eliten marknadsført som medkjensle overfor menneske, og som eit val menneska har. Dette narrativet blir i WEF-penetrerte land fremja ved hjelp av dei mest aggressive sosialkondisjoneringskampanjane vi har sett sidan covid-«pandemien».
Dr. Philip Nitschke, betre kjent som Dr. Død eller Bill Gates si høgre hand, skal ha sagt at «livets gåve er ei bør», og at samfunnet vil få det betre når fleire menneske blir drepne ved hjelp av hans giftutløysande mekanismar eller i hans private gasskammer. Allereie no har stadig fleire land innført urovekkjande liberale eutanasi-lover, og folk «får valet» om å døy, stundom på grunn av bagatellmessige helseplagar. Vonde ryggar, einsemd og økonomiske problem er dei tre mest eklatante døma frå nemnde The People’s Voice-artikkel. I Noreg gjev ikkje økonomiske problem eingong grunnlag for sjukemelding, men i Nederland er det tydelegvis legitimt grunnlag for eutanasi.
I Noreg har vi heldigvis ikkje den situasjonen at kven som helst kan bli «oppmuntra» til å late seg avlive. Men vi er ikkje langt unna, for aldri tidlegare har eutanasi blitt eit sopass stovereint tema å snakke om i lunsjen rundt om i norske helseføretak. Sidan eliten vil utrydde både ubrukelege etarar og dissens, bør til dømes fritalande norske pensjonistar vurdere kva dei ytrar seg om offentleg. Ein tendens vi ser i den norske offentlege debatten, er at dei som vågar å stikke hovudet fram og uttale seg om kontroversielle tema slik som covid-19, Ukraina-krigen og «klimakrisa», gjerne er folk som for lengst har blitt pensjonistar. Dei er derimot ikkje so «frie» som dei sjølve trur.
For å gjengje delar av innleiinga til ein artikkel av Hans Olav Brendberg publisert på Derimot 29.mai 2025: Kvifor skal Staten betale for dei som ikkje vil innordne seg? Å kome med legitim kritikk av Staten kan av eliten tolkast som at denne klassen bit handa som gjev dei mat.
Sjølv dei som trur dei har ingenting å misse, har framleis livet sitt å misse. Eliten avskyr ubrukelege etarar ikkje berre fordi dei ikkje passar inn i deira Nye verdsorden, men fordi nokon av dei på grunn av sine fryktlause ytringar er ein direkte trugsel mot den. Alle med vit og forstand bør høyre på kloke, eldre menn og kvinner – men om dei blir avliva, kven skal då rettleie dei unge og produktive?
