Har vi reist tilbake i tid til 2022? Det kan nesten verke slik, for no skremmer hovudstraumsmedia med nok ein covid-19-«variant» som dei kallar «Nimbus» (latin for «sky»). Nimbus er tåkeskya som gudane kom til Jorda på, ifølgje antikk mytologi, og kan òg tyde glorie eller strålande «ære, berømmelse og opphøyethet» (jf. norsk Wikipedia). Ordet har mange tydingar, men har no fått endå ei: det offisielle kallenamnet til endå ein «generasjon» av covid. Som alle andre variantar før den, er den enno meir smittsam, men mindre dødeleg – so her gjeld det å sperre seg inne i huset sitt, unngå andre menneske, stole blindt på styresmaktene, og fyrst og fremst ta det som framleis finst av mRNA-injeksjonar!
Sjå òg «Mine damer og herrar: Ta vel imot ‘ninja’-korona!», publisert 14.juli 2022, og «Patetiske Nakstad skremmer med ny koronavariant: ‘Kraken’», publisert 7.januar 2023.
S.D. Wells i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Ein ny covid-19-variant som har fått tildelt namnet NB.1.8.1 og kallenamnet ‘Nimbus’ av styrande helsepersonell, har blitt oppdaga i USA, Europa og det vestlege Stillehavet, noko som skaper spørsmål om den potensielle verknaden no når sommaren er på døra. Verdas helseorganisasjon (WHO) bekrefta at Nimbus, ein etterkomar etter Omikron, fyrst vart identifisert i slutten av januar, og no utgjer 10,7% av sekvenserte tilfelle globalt – ein auke frå 2,5% i mars.
Medan Nimbus har piggprotein-mutasjonar som kanskje forsterkar overføringsevna, antydar tidlege data at den ikkje har ført til ein betydeleg auke i alvorleg sjukdom eller sjukehusinnleggingar. Symptoma inkluderer ein spesielt smertefull sår hals – skildra av enkelte som ‘barberbladhals’ – saman med utmatting, tett nase, feber og, mindre vanleg, mageproblem.
WHO har vurdert den globale risikoen som ‘for tida låg’, og lagt vekt på at eksisterande vaksinar framleis er effektive mot alvorleg sjukdom. Derimot åtvarar ekspertar mot å ta det for roleg. Dr. Rajendram Rajnarayanan ved New Yorks teknologiinstitutt sa til Salon at Nimbus er ‘ein sterk kandidat for sommartoppen’, noko som er ei gjentaking av bekymringar om at viruset held fram med å utvikle seg trass at folket er møkka leie.
Historisk kontekst understrekar kor uføreseielege covid-19-vatiantar er. Sidan Delta dukka opp i 2021, har følgjande bølgjer blitt drivne av stammar med auka evne til å lure seg unna immunforsvaret, sjølv om vaksinasjon har dempa deira dødelegaste effektar. Spreiinga til Nimbus følgjer dette mønsteret, og testar balansen mellom sosial gjenopning og virus-tilpassing.
‘Eg veit at alle ønskjer å gløyme denne sjukdommen, men den kjem ikkje til å late oss gjere det,’ sa dr. Janko Nikolich, kjøpt og betalt av Big Pharma, ved Universitetet i Arizona sitt College of Medicine, i ei melding til ABC Action News.
No når helsebyrå overvakar Nimbus, tener varianten som ei påminning om at covid-19 forblir ein dynamisk trugsel, ifølgje falske nyheiter – og ein som krev årvakenheit sjølv om verda går vidare.
Har du sår hals som kjennest ut som du svelgjer barberblad? Det er Nimbus. Då bør du springe stad og finne malurt-parasittreins, rikeleg med vitamin D og sink, for so å kaste covid-maska i søppela og gurgle litt 3% hydrogenperoksid for å drepe alle bakteriane som samla seg i munnen, halsen og lungene etter at du gjekk med den munnbleia.»
No når Israel har gått til åtak på Iran, har vel dei færraste fått med seg «trugselen» ein ny covid-variant utgjer. Det finst faktisk verre ting i livet enn ein sår hals.

Huttetu, no fer eg sporenstreks iveg for å ei booster eller to. Merkar absistensen er plagsom.
LikarLikt av 1 person
Og dei som ikkje rekk boosterar for Nimbus, kan berre vente på «Noldus»-varianten.
LikarLikar