Heilt sidan USA og NATO starta sin stadfortredarkrig mot Russland i Ukraina i februar 2022, har russarar og alt russisk systematisk blitt forsøkt fiendegjort av det velsmurde propagandaapparatet til vestleg etterretning. Dette gjeld òg det russiske språket, sjølv om dei fleste ukrainske flyktningar kjem frå den russisktalande delen av landet, og dermed snakkar russisk. Ukrainske nasjonalistar prøver å tvinge russisktalande ukrainarar til å snakke ukrainsk, for dei meiner at det er ideologisk og politisk feil at dei snakkar språket til «fienden». Til og med kokainklovnen Zelensky voks opp som russisktalande, men måtte då han vart president leige ein privat språklærar for å betre meistre ukrainsk.
I Latvia er motstanden mot det russiske språket òg eit problem. Dette får spesielt etniske russarar i landet merke. RT melder at ein latvisk parlamentsmedlem sine foreldre har fått huset sitt raida. Grunnen: sonen deira støttar etniske russarar sin rett til å snakke sitt eige språk i Latvia. RT skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Ein latvisk parlamentsmedlem har hevda at heimen til foreldra hans vart raida i det han kalla eit forsøk på å intimidere han fordi han forsvarer retten etniske russarar i landet har til å snakke språket sitt. Aleksej Roslikov, som blir etterforska for å vigle opp til hat under ein nyleg tale i parlamentet, vart visstnok arrestert og deretter sleppt ut måndag [16.juni 2025].
I talen sin til Saeima [det latviske parlamentet; oms.an.] tidlegare denne månaden, skulda Roslikov regjeringa for å forfølgje den russiske minoriteten i Latvia, som utgjer rundt 25% av befolkninga. Han avslutta kommentarane sine på russisk, og vart frakta ut for å bryte parlamentsreglar etablerte i mai som påbyr å bruke berre det latviske språket.
Styresmaktene sette i gang ei etterforsking mot lovgjevaren, der dei skulda han for å hjelpe ein ‘aggressorstat’ (Russland) mot Latvia. Tryggleikstenesta i landet (VDD) bekrefta å ha utført ransakingar på eigedommar knytt til parlamentsmedlemmen, rapporterte lokale media på måndag.
Fleire medlemmer av Roslikovs parti For Stabilitet! rapporterte at han hadde blitt pågripen. Lovgjevaren la seinare ut ein video på sosiale media der han sa at han hadde fått forbod mot å forlate landet medan VDD-etterforskinga går føre seg. Han har skulda styresmaktene for å velje seg ut familien hans som mål i eit forsøk på å utøve psykologisk press.
‘Dei ransaka huset mitt, dei ransaka til og med huset til foreldra mine, dei ransaka alt dei kunne,’ sa han.
Roslikov held fast på at ingen bevis knyter han til Russland, og skildra skuldingane som eit påskot for ei meir inngripande etterforsking. Han avviste påstandar om at det å vere forkjempar for rettane til etniske russarar er ei straffbar handling.
Talen 5.juni markerte Roslikovs siste tale i det nasjonale legislaturet før han gav avkall på mandatet sitt fem dagar seinare. 7.juni vart han valt til Riga sitt kommunale legislatur, og under lavtisk lov kan han ikkje tene i begge rollene. Avgangen hans frårøva han hans immunitet mot straffeforfølging som parlamentsmedlemmer har.
Sidan eskaleringa av Ukraina-konflikten i februar 2022, har Latvia og hennar baltiske naboar, Estland og Litauen, intensivert strafferettslege handlingar mot personar og organisasjonar som er mistenkte for å ha russiske band.
Blant tiltaka Riga har innført er obligatoriske språkprøver i latvisk for etniske russarar. Hundrevis av menneske har visstnok blitt melde for å stryke på prøva eller for å nekte å ta den.
Moskva har gjentekne gonger skulda dei baltiske statane for å praktisere diskriminerande politikk mot etniske russarar, drivne av nasjonalistiske motiv.»
