Urovekkjande vitnesbyrd: Omfattande barnemishandling i Israel involverer religiøse og politiske elitar

For å ta ei vill underdriving, har Israel ein del svin på skogen. Det såg vi ganske nyleg, då Israel i praksis starta krig mot Iran ved å utføre eit på mange måtar uprovosert åtak. Vestlege media speler ned skulda til Israel, som sannsynlegvis gjekk til åtak mot Iran for å avleie verda frå alt det fælslege dei gjer i Gaza. No har ei ny sak dukka opp som atter ein gong set den aggressive bølla Israel i eit dårleg lys: organisert barnemishandling med seremoniar der gjerningspersonane påkallar avgudar, utfører gruppevaldtekt av barn og tvingar dei til å ta del i religiøse ritual som håner Gud. Og politi, legar og lovgjevarar er involverte. Ikkje overraskande blir kvart eit forsøk på å stoppe etterforsking av desse avskyelege brotsverka stoppa frå høgste hald – og varslarane blir truga til å halde kjeft.

Pedofilinettverk er ikkje noko nytt, berre sjå på Epstein-affæren. Makt, psykopati og perversjon ser ut til å gå hand i hand, og ein kan gjerne spørje seg kva som kom fyrst av høna og egget. Fører makt til moralsk forderving og mangel på skruplar, eller er det nettopp desse trekka som gjer at enkelte søkjer seg til maktposisjonar?

Kevin Hughes i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Ei sjokkerande bølgje av vitnesbyrd har avslørt eit nettverk med djupe røter av rituelt seksuelt misbruk av barn i Israel. Overlevande avslører systematisk utnytting gjort av religiøse figurar, lærarar og til og med noverande og tidlegare medlemmer av Knesset (det israelske parlamentet).

Avsløringane, som er detaljert i etterforskingsrapportar og hjarteskjerande vitnesbyrd til israelske lovgjevarar, skildrar seremoniar som blandar religiøs symbolisme med ekstrem sadisme, noko som gjer offera psykologisk knuste, og styresmaktene slit med å respondere. […]

Overlevande fortel om seremoniar som påkallar fordømte bibelske gudar slik som Baal Peor og Ashtoreth. Desse rituala vart visstnok utført av personar som på utsida held seg til ortodoks jødisk praksis.

Offer skildrar å bli offer for gruppevaldtekter, liksom-iscenesetjingar av bibelske hendingar (inkludert bindinga av Isak), tvinga inntak av kroppsvæsker, og psykologisk manipulasjon laga for å gje dei den trua på at lidinga deira tener eit guddomleg føremål. Mange misbrukarar hadde visstnok respekterte religiøse roller, slik som shofar-blåsarar på Rosh Hashanah [jødisk nyttår; oms.an.], medan dei samstundes tok del i ekstremt forderva handlingar.

Misbruket byrja ofte i tidleg barndom, der familiemedlemmer – som stundom sjølve var tidlegare offer – gav barna sine til gjerningspersonane. Overlevande rapporterer om årevis av pine og tortur, berre for å bli møtt med vantru då dei prøvde å rapportere om brotsverka. Politietterforskingar har gjentekne gonger stoppa opp, der saker har blitt henlagt på grunn av ‘mangel på bevis’, eller avviste som vrangførestillingar – ein taktikk overlevande seier misbrukarar utnyttar for å sleppe unna å bli ansvarleggjort.

Politisk og institusjonell medskuld

Under ei høyring i Knesset, vitna overlevande om at legar, politibetjentar og lovgjevarar tok del i eller mogleggjorde misbruket. Ein overlevande, Yael Ariel, sa at ho vart frakta over heile landet frå ho var fem år til ho var 20, medan ei anna, Yael Shitrit, skildra å bli ‘programmert’ gjennom valdtekt og sadisme for å sikre seg at ho tagde. Begge la vekt på at senior-figurar – inkludert lokalsamfunnsleiarar og statlege tenestepersonar – er impliserte, og at trugslar blir brukt for å undertrykkje offera.

Dr. Naama Goldberg, leiar av ein ikkje-statleg organisasjon (NGO) som hjelper dei som har overlevd misbruk, bekrefta at vitnesbyrda er knytte saman med ikkje-relaterte saker, noko som antydar eit organisert nettverk. Trass at ho viste evidens til politiet, sa ho at ingen meiningsfulle handlingar har blitt utførde.

‘Eg presenterte overfor politiet skriftlege vitnesbyrd frå fem kvinner. Den dag i dag har ingen kontakta meg. sidan rapporten har fleire andre vitnesbyrd òg dukka opp,’ sa Goldberg.

Ein representant frå politiet erkjende at sakene hadde ‘topp-prioritet’, men overlevande og forkjemparar er framleis skeptiske, og viser til ei historie av institusjonell forsømming.

Misbruken gjekk utover fysisk vald, og brukte religiøs doktrine som våpen til å knuse psyken til offera. Terapeutar rapporterer at overlevande lid av dissosiativ identitetsforstyrring (DID) [engelsk dissociative identity disorder], ein tilstand knytt til langvarige, ekstreme traume. Misbrukarane skal ha brukt ritual, narkotika og sanseoverbelasting til å provosere fram dissosiasjon, noko som sikra at offera kom til å undertrykkje minne, eller bli avviste som upålitelege.

Rabbi dr. Udi Furman, ein ekspert på rituelt misbruk, sa at gjerningspersonar forvrengjer kabbalistiske og bibelske tekstar for å rettferdiggjere utnytting, og at dei framstiller vald som spirituell opphøging. Denne ‘spirituelle inversjonen’ der vondskap blir heilaggjort og liding forherlega, etterlèt overlevande som slit med djuptgåande bedrag, både frå individa og trua dei vart oppdregen i.

Saka liknar internasjonale mønster av elite-tilknytt misbruk, slik som Epstein-nettverket, der overlevande hevdar at høgprofilerte figurar deltek i ein ‘forskrudd safari’ at utnytting. Kritikarar argumenterer at rettssystemet i Israel manglar verktøy til å straffeforfølgje spirituelt misbruk forkledd som religiøs praksis, noko som gjer at gjerningspersonar kan operere ustraffa.

Lovgjevarar som var til stade under høyringa kalla vitnesbyrda ein ‘avgjerande augneblink’ som krev snarlege reformer. Likevel, sidan misbrukarane er del av maktstrukturar, fryktar overlevande at rettferd vil halde fram med å vike unna. Som ein overlevande åtvara lovgjevarane om: ‘Handsam dette som terrorisme’.

Avsløringane understrekar ein nifs realitet. Under dei religiøse og politiske institusjonane i Israel ligg ei skuggeverd der barn blir ofra ikkje på truas alter, men på den ukontrollerte maktas alter.»

I dette klippet snakkar varslar Ronald Bernard om barneofringar og misbruk.

Kommenter innlegget