Satanisk hybris: Teknokratane opphøgjer seg sjølv til Gud og trur dei veit alt

Det teknokratiske tankegodset har gjennomsyra den vestlege verda, og teknokratane har erklært seg som den høgste autoritet og samstundes avvist at nokon står over dei. Dei avviser både Gud og ei objektiv sanning. Sanninga kan nemleg formast etter smak, kjensler og politisk nytte. Dei trur i sitt guddomlege overmot – sin hybris – at dei veit alt, for den reduksjonistiske tilnærminga seier at alt kan splittast i små delar, der kvar del kan fullt ut forståast, slik at ein til saman forstår alt.

Det teknokratiske tankegodset er i sitt overmot og si avvising av Gud satanisk i sin natur. Menneskets intellekt er høgste autoritet. Dette liknar tankegodset som Anton LaVey (1930 – 1997) i si tid representerte gjennom si eiga tolking av satanisme. Med opprettinga av Church of Satan, truleg med støtte frå makteliten, var moderne satanisme fødd. Dei fleste moderne satanistar er sokalla ateistiske satanistar – dette står i motsetnad til teistisk satanisme, der folk dyrkar Satan som ein guddom (noko dei fleste lekfolk nok forbind med ordet «satanist»). Hans filosofi var ateistisk i natur, og mykje inspirert av forfattarar slik som Ayn Rand, som i si tid lanserte objektivismen. Egoisme er ein dyd, medan altruisme er eit vonde. Og Gud har ingenting å gjere i dette ateistiske, egosentriske, narsissistiske verdsbiletet, for mennesket har allereie gjort seg sjølv til Gud og høgste autoritet.

Ateisme og skepsis ser ut til å gå hand i hand, og denne kombinasjonen finn ein i The Sceptical Movement, eller skeptisisme. Her blir påstandar som er utan vitskapleg grunnlag avvist. Det seier seg sjølv at eit verdssyn som avviser absolutt alt som ikkje kan bevisast vitskapleg, ikkje opnar opp for fenomen som den moderne vitskapen ikkje kan forklare. Her ryk dermed alt overnaturleg og guddomleg, og resultatet blir ei 100% objektiv verd der mennesket blir redusert til eit dyr med erkjenningsevne – og der det ikkje finst noko som helst etter døden. Avhengig av kva slags livskvalitet ein har, so kan eit slikt verdssyn framstå som uuthaldeleg deprimerande.

I ein nyleg artikkel på sin Substack skriv Kjetil Tveit om teknokrati og reduksjonisme versus empiri og erfaring. Ikkje overraskande kjem teknokratane med sine narsissistiske vrangførestillingar og overdriven tru på eigne ferdigheiter ut som taparane. Dei manglar fullstendig audmjukheit, og reknar seg sjølv som ufeilbarlege verdsmeistrar som veit alt. Som han sjølv skriv:

«Det teknokratiske tankegodset kjennetegnes av at mennesket selv opphøyer seg til Gud — som herre over naturen. Man finner spor av teknokrati i alle totalitære retninger: sosialisme, fascisme, nazisme. Kontroll skal være total, slik ‘eliten’ — den nye Gud — har bestemt.

Felles for dem alle er den teknokratiske troen på at komplekse økosystemer — både i naturen og i kroppen — kan kontrolleres ovenfra med teori, makt og tvang, i stedet for å lytte til det som faktisk virker.

Teknokratiet springer blant annet ut av reduksjonismen: troen på at man kan splitte virkeligheten i små biter, forstå hver del fullt ut — og dermed beherske helheten.»

Det heile botnar i eit mentalt avvik i slekt med narsissisme: dei trur, rusa på sin eigen sjølvopplevde stordom, at dei takka vere si overlegne innsikt og kunnskapar, har monopol på sanninga, og at alt kan «fiksast» ved hjelp av den same, «geniale» ideen. Alle som ikkje trur på dei, er kjettarar som må brennast på bålet – i overført tyding, får vi håpe!

Fleire familiedynasti styrer i dag verda ved hjelp av «filantropi» (eigentleg det som i praksis er strategiske oppkjøp av media, og bestikkelse av maktpersonar), og ikkje minst ikkje-statlege organisasjonar, NGO-ar (engelsk non-governmental organizations). Her trekkjer Tveit fram det berykta Human-Etisk Forbund (HEF), som er ein slik NGO. Han har ikkje mykje til overs for deira modus operandi:

«De ler og fnyser av kritikere, fryser ut (kansellerer) opposisjon og tyr til hersketeknikker for å sikre kontroll. Slik ble lobotomi en ‘moderne løsning’ i sin tid — og slik blir stadig nye eksperimenter tvunget gjennom i dag, alltid med samme overmot.

Du finner dem typisk i Sceptical Movement, med trollparker i sosiale medier som skal ‘avsløre’ ‘de uvitenskapelige’ — de som ‘tror på ting’, men ikke på dem. [Saksyndig si kursivering.]

De snur bevisbyrden på hodet. Så snart den genbaserte ‘vaksinen’ ble rullet ut, forlangte de at de avventende måtte motbevise at den var trygg og effektiv.»

Ved å leike Gud bryt teknokraten sjølve spelereglane i naturen: ein skal ikkje bryte med naturens grenser. Lucifer eller Satan ville i si tid setje seg sjølv på Guds trone, og teknokratane går i hans fotspor ved å erklære seg som øvste autoritet og avvise Gud. Dei trur dei kan endre på naturlovene og overgå sjølvaste skaparverket. Ettersom satanisme handlar om opprør mot naturleg orden, moral og grenser, er teknokratane «sataniske» i sitt overmot:

«I stedet for å kalle det ‘satanisme’ direkte, kan man si at teknokratiet representerer en kultur som har forkastet ydmykhet og dyrker menneskets intellekt som høyeste autoritet. Mange kristne og tradisjonalister har brukt ‘satanisk’ som merkelapp på denne hubrisen [sic]: det handler ikke nødvendigvis om ritualer eller djeveldyrkelse, men om en holdning som avviser at noe står over mennesket selv.

Teknokratiets mentalitet minner om den eldgamle Lucifer-myten: et opprør mot naturens lover og en grenseløs tro på at mennesket kan herske som gud over alt liv. I denne forstand er teknokratiet vår tids stille satanisme — en tro på at vi kan gjenoppfinne skaperverket uten ydmykhet.»

Mange uttrykkjer skepsis til ateistisk satanisme, spesielt LaVey og Church of Satan. Satanisme fekk mykje negativ merksemd i Noreg på tidleg 1990-tal, då «Greven» brann ned kyrkjer og myrda ein gitarist. Noregs største eksportartikkel, black metal, har òg frontfigurar som har snakka ned LaVey-satanisme, slik som til dømes «Gaahl», som tidlegare var med i bandet Gorgoroth. Det er logisk å anta at teknokratiet dermed kan ha oppstått som ei meir «stoverein» utgåve av dette tankegodset. Eg har gode grunnar til å tru at nøyaktig dei same kreftene står bak LaVey som står bak teknokratiet. Norsk black metal òg, for den del.

Slik LaVey-satanismen avviste dei sju dødssyndene som noko negativt, og i staden lovpriste dei som ein veg til nyting og tilfredsstilling, snur teknokratane dødssyndene på hovudet. Stoltheit blir til «sjølvrespekt/sjølvrealisering», grådigheit blir til «ambisjon/vekst», begjær blir til «seksuell frigjering», misunning blir til «rettferdig misnøye», fråtseri blir til «nyting av livet», vreide blir til «rettferdig harme», og latskap blir til «sjølvomsorg/indre ro». Med ein slik snu alt på hovudet-logikk er det lett å sjå korleis reell sanning blir framstilt som løgn, og openberre løgner blir framstilt som sanning.

Sjølv om LaVey-satanismen har lite til felles med det teknokratiske tankegodset (anna enn ateisme), har Tveit gjort undersøkingar som avslører band til det sataniske:

«I en av trollparkene på Facebook — som har overlapping til Sceptical Movement, FRI, HEF osv. — finner man ‘Ting som norske antivaksere sier’. Denne siden legger ut adresser og telefonnumre til forskere som ikke er ‘konsensus’, forfølger og trakasserer, og der vanker også Ingeborg Senneset — hun som øremerker de ‘vantro’ i Aftenposten sammen med Kaveh Rashidi.

Denne siden følger seks andre sider, blant dem Dagens Medisin, ‘Ting som norske klimafornektere sier’ — og, hold deg fast: Satanisk Samfunn

Sida til Satanisk Samfunn er for tida utilgjengeleg på Facebook.

Om ein koplar satanisk hybris med reduksjonisme og relativisme, er sluttresultatet av ein ganske kaotisk og likegyldig natur:

«Når virkeligheten deles opp til teorier, og sannheten blir flytende, får nihilismen fotfeste: da finnes det ingenting som er hellig eller urokkelig — bare noe som kan justeres, sprøytes, kuttes og kontrolleres.

Reduksjonismen lover at ekspertene forstår hver liten del, relativismen fritar dem for å forholde seg til én felles virkelighet. Igjen står bare makten tilbake som dommer over hva som er sant, rett og verdt å bevare. Slik kan man til slutt få folk til å nikke til at 2 + 2 er 5 — og tro at det er fremskritt.»

Om satanisme, ateisme, nihilisme og teknokrati har ei kopling og/eller eit felles opphav, er det i sofall ironisk at LaVey-satanismen (ateistisk satanisme) reknar dumskap som den verste dødssynda. Andre sokalla «sataniske dødssynder» inkluderer sjølvbedrag, flokkmentalitet, mangel på perspektiv, kontraproduktiv stoltheit og det å gløyme tidlegare ortodoksi. Teknokratane bryt dermed fleire, om ikkje alle dødssyndene til sin de facto syster-ideologi. Men det er langt frå den verste synda dei har utført.

Kommenter innlegget