At det er store pengar å hente i asylsøkjarindustrien, er ikkje til å stikke under ein stol. Flyktningstraumen er politisk skapt, det same er systemet som held straumen gåande. Integreringa er derimot ei anna sak, noko den urovekkjande auken i kriminalitet over heile Europa viser. Kontinentet er ikkje lenger trygt og stabilt, og dette kan skuldast at enkelte kulturar ikkje er meint å bu saman. Like barn leikar best, og dårleg kjemi er ikkje berre eit fenomen ein finn på ymse arbeidsplassar. Det er visse personar ingen vil ha som nabo, for det blir berre bråk, kvalme og elende. Men mykje tydar på at dagens flyktningar ikkje har andre val enn å kome hit, ettersom det krigsindustrielle komplekset har gjort deira eigne land ubebuelege.
Korleis kvart enkelt land handterer flyktningstraumen, varierer. I Tyskland ser den sitjande regjeringa ut til å prioritere utlendingar over sine eigne landsmenn. Midt opp i ein kronisk bustadmangel og rekordhøge bukostnader, har Berlin valt å byggje ein ny «landsby» med plass til meir enn 1000 asylsøkjarar. Thomas Brooke på nettstaden Remix News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Midt opp i ein vedvarande bustadmangel for lokalinnbyggjarane, har delstatsregjeringa i Berlin godkjent bygginga av ein ny containerlandsby som skal huse meir enn 1000 asylsøkjarar på Tempelhofer Feld.
Staden, som eingong var ein nazi-arbeidsleir og seinare ein flyplass, har lenge blitt beskytta av ei lov frå 2014 som forbyr nye bygningar, men den lova blir no overstyrt for å kunne innkvartere innvandrarar.
Ifølgje senator Kansel Kiziltepe i dei venstreorienterte Sosialdemokratane (SPD), vil fasiliteten opne i andre halvdel av 2028, og tilby mellom 1000 og 1100 senger. Rettferdiggjeringa, seier ho, er at dei vanlege innkvarteringane i Berlin for innvandrarar framleis er stappfulle.
Sport- og fritidsområde er venta å framleis vere intakte, sjølv om mindre fasilitetar slik som ei minigolfbane og ein grillplen skal flyttast. Offentlege tenestefolk var ivrige etter å understreke at historisk sensitive delar av den tidlegare arbeidsleiren framleis vil vere urørt.
I mellomtida forblir diskusjonar om å bruke Tempelhofer Feld for hasteinnkvartering for berlinarar i baksetet. Som rapportert av Junge Freiheit, blir seks forslag for framtida til tomta gjennomgått, men ingen avgjerder vil bli tekne før minst september, og ei folkeavstemming kan bli påkravd.
Det planlagde asylmottaket vil bli gjennomført same kva berlinarane bestemmer seg for.
Avgjerda følgjer eit mønster der ein prioriterer asylsøkjarar over lokale innbyggjarar. I 2023 rapporterte Remix News at eit nytt sosialbustad-kompleks i Spandau-distriktet ville bli reservert berre for flyktningar. Komplekset, som bestod av 128 leilegheiter bygt av den byeigde VMB-bustadforeininga, skulle huse 570 asylsøkjarar på ubestemt tid, trass den lange ventetida for berlinarar som treng sosialbustader.
(Sjå òg «Bustadkompleks i Berlin blir reservert berre for asylsøkjarar», publisert 5.august 2023.)
Den finansielle børa til migrasjon stig stadig for byen. I 2023 brukte Berlin minst 2,1 millionar euro [24,8 millionar kroner] på asylrelaterte kostnader, som utgjorde 5% av heile budsjettet deira.
Delstatsregjeringa, som står overfor aukande kostnader, har gått over til naudlån. I mars bekrefta økonomisk senator Franziska Giffey at Berlin vil ta på seg ny gjeld for å dekkje flyktningrelaterte utgifter, og utnyttar med dette romslegare lover under den sokalla gjeldspausen innført av den nye føderale storkoalisasjonsregjeringa. Dette tillèt byen å låne rundt 670 millionar euro årleg [7,9 milliardar kroner], noko som totalt utgjer 1,3 milliardar euro [15,36 milliardar kroner] for 2026- og 2027-budsjetta.
Medan ein pøser pengar på bustader for innvandrarar, står berlinarar overfor ein alvorleg bustadmangel. Dei største byane i Tyskland manglar rundt rekna 800 000 leilegheiter. På same tid står kontor tommare enn nokosinne, med nok ledig kontorareal til å skape rundt 152 000 heimar i heile landet.
Derimot blir omdanninga av kontor til leilegheiter hindra av ein flåte av 20 000 bygningsreguleringar, høge rentesatsar og byggjekostnader som skyt i vêret.
Trass desse utfordringane, held Berlin-regjeringa fram med å leige ut kontorareal til innvandar-innkvartering til renter godt over marknadsverdien. I eitt tilfelle betaler Delstatskontoret for flyktningar 40 euro per kvadratmeter for ein bygning som fyrst vart tilbydd for 25,80 euro. Andre døme inkluderer 165 millionar for å huse 1500 menneske i Kreuzberg over ti år, 143 millionar euro for 1200 menneske i Lichtenberg, og 118 millionar for 950 menneske i Westend.»
