Studie åtvarar: Jamleg bruk av ChatGPT tærer på kritisk tenking og skaper «kognitiv bankerott»

Kunstig intelligens (KI) ser ut til å vere komen for å bli. KI-revolusjonen blir av enkelte samanlikna med Gutenberg sin trykkpresse-revolusjon og oppfinninga av Internett – berre mykje meir samfunnsendrande. Medan bruk av KI har enkelte gode sider, slik som automatisering av sokalla «keisame» oppgåver, har den heilt klart òg ei rekkje baksider som KI-tilhengjarar har ein tendens til å ikkje ville vedkjenne seg. KI er eit enormt potent verktøy, og må brukast med age og vørdnad. Dersom utviklinga av KI held fram slik den gjer no, vil vi om få år måtte førebu oss på betydelege omstillingar i samfunnet – og det med eit verktøy som ifølgje somme har ein intelligens som er ein milliard gonger kraftigare enn intelligensen til dei klokaste blant oss.

KI er meint å vere eit supplement til informasjonsteknologi, ikkje ei erstatning av mennesket si evne til å skriftleg ordleggje seg. Sistnemnde ser ein tendens til i dag hjå mange. Akkurat som bruk av tastatur gjer at ikkje alle greier å skrive lengre tekstar for hand, ser uvørden og ukritisk bruk av KI ut til å gjere folk ute av stand til å skrive lengre tekstar på eiga hand – tastatur eller handskrift. Ein studie frå MIT (Massachusetts Institute of Technology) bekreftar det mange av oss fryktar. Dette er særs urovekkjande, iallfall viss det stemmer at KI blir smartare medan vi blir dummare. Kven vil til slutt ta over det skrivne ordet og dermed verda?

Lance D Johnson i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«I ein æra der kunstig intelligens lover å revolusjonere utdanning, leverer ein banebrytande MIT-studie ein realitetsorienterande vekkjar: å stole på KI-verktøy slik som ChatGPT kan bryte ned den neste generasjonen si evne til å tenkje uavhengig. Medan skular har det travelt med å integrere store språkmodellar (LLM-ar; large language models på engelsk) i klasserom, åtvarar forskarar at desse systema ikkje berre hjelper elevane – dei erstattar sjølve dei kognitive prosessane som er essensielle for djuplæring, problemløysing og intellektuell vekst. Studien, utført av MIT sin Media Lab, avslører at elevar som bruker ChatGPT til å skrive essay, viste alarmerande låg hjerneaktivitet, svak minnebevaring, og mindre eigarskap av arbeidet sitt, samanlikna med dei som stolte på tradisjonell research eller sin eigen kunnskap. […]

Den kognitive kostnaden til KI-avhengigheit

Studien delte deltakarar inn i tre grupper: ei som brukte ChatGPT, ei som brukte Google, og ei tredje som stolte berre på sin eigen kunnskap – alle skulle skrive SAT-liknande essays. [SAT – Scholastic Assessment Test; «skolastisk vurderingstest» – er ein standardisert test for å kome inn på høgare utdanning i USA; oms.komm.] EEG-overvaking avslørte slåande skilnader i hjerneaktivitet. ChatGPT-brukarane viste sporadiske, overflatiske hjernecellemønster, noko som antyda at sinna deira var på autopilot – at dei prosesserte informasjon overflatisk utan djupsyntese. I kontrast til dette viste gruppa som berre brukte eigen kunnskap intens, koordinert aktivering i område knutt til kritisk tenking, minne og kreativitet. […]»

Det skal her påpeikast at studien enno ikkje er fagfellevurdert, ifølgje leiande forskar av studien, Nataliya Kosmyna. Funna harmonerer derimot med veksande bekymring for kognivit outsource-ing, at ein overlèt mentalt arbeid til maskiner. Vidare står det å lese:

«Ulikt tradisjonelle søkjemotorar, som krev at brukarane evaluerer kjelder og syntetiserer informasjon, leverer ChatGPT ferdiglaga svar, og frårår uavhengig analyse. Forskarar skreiv at KI-brukarar sleit med å hugse sitt eige essay nokre dagar seinare, medan deltakarar som berre brukte sin eigen hjerne heldt på detaljert kunnskap.»

Å bruke ChatGPT innan utdanning kan ikkje sjåast på som anna enn didaktisk uvørdnad:

«Det farlege KI-eksperimentet til utdanning

MIT-studien avslører eit bekymringsfullt paradoks: medan KI lover å demokratisere læring, kan det òg forhindre intellektuell utvikling. Yngre brukarar, som har hjernar som framleis dannar kritiske nervebaner, er mest sårbare. X-innlegget til studien oppsummerte trugselen konsist: KI forsterkar ikkje produktivitet – den legg til rette for ‘kognitiv bankerott’.

Historisk kontekst forsterkar desse bekymringane. For fleire tiår sidan la utdanningspsykologen Lev Vygotsky vekt på at motgang er vesentleg for vekst – å tvinge sinnet til å fylle hòl i forståing byggjer motstandskraft og djupare forståing. Moderne pedagogikk prioriterer derimot i aukande grad hastigheit og beleilegheit over kognitiv fastheit. Auken av LLM-ar risikerer å akselerere dette forfallet, og skaper ein generasjon som utmerka beherskar å gulpe opp KI-output, men som er ute av stand til original tankeverksemd.

Vegen vidare: Å balansere teknologi med kognitiv suverenitet

Ikkje all teknologi underminerer læring. Google-gruppa i studien – medan dei vart slegne av dei som berre brukte hjernane sine – tok framleis del i aktiv informasjonsinnhenting og evaluering, og viste avgjerdstakande ferdigheiter. Nøkkelskilnaden? Søkjemotorarar krev samhandling; KI-verktøy oppmuntrar til passivitet.

For å formilde skaden, oppmodar ekspertar til å:

  • Forseinke KI-integrering i tidleg utdanning fram til hjernen modnar seg.
  • Strukturere oppgåver slik at dei krev analyse, ikkje berre generering av output.
  • Fremje ‘hjerne fyrst’-læring – som tvingar elevar til å prøve å forstå idear før dei ber om hjelp frå KI.
  • Utvikle læremetodar som inspirerer elevar til å leite opp informasjon som er nyttig, og til å stille spørsmål ved offisielle narrativ.
  • Bruke KI, ikkje på ein passiv måte, men på ein måte som oppmuntrar til kritisk tenking og meistring av eins eiga læringserfaring.
  • Bruke KI som hjelp til keisame oppgåver som frigjer sinnet til å bruke tid på meir kreativ eller stimulerande læringsoppgåver som speler ei rolle.

Medan KI no omformar utdanning, må samfunnet ta eit val: Skal vi oppdra tenkjarar – eller berre effektive imitatorar av maskinlogikk? Dersom elevar får KI-verktøy og lært kva dei skal tenkje, utan å stille spørsmål eller bruke fornuft, vil barna vekse opp til å bli fôra inn med teskei narrariv og generalisert informasjon. Om elevar får KI-verktøy, men blir lært korleis ein tenkjer, korleis ein stiller spørsmål, og korleis ein meistrar læringsopplevinga, vil barn bli betre utstyrt til å navigere propagandaen og tankeløysa som KI-motorar kan overføre.»

Kommenter innlegget