Ein asteroide ved namn YR4 som vart oppdaga i desember 2024, har 4,3% sjanse for å treffe Månen i 2032, noko som kan sende nesten 100 millionar kilo stein og grus ut i rommet – og 10% av dette kan treffe Jorda. Nedslaget kan danne eit krater som er nesten ein kilometer vidt, noko som kan samanliknast med ein større atomeksplosjon. Dette blir det største månesamanstøytet på minst 5000 år. Satellittar er i ekstrem fare, og ein ventar tusen gonger større risiko for kollisjon med stein og grus i høg fart. Dette vil i sin tur sende ned for teljing kritisk infrastruktur i rommet. GPS og internett kan liggje nede. NASA kan prøve å sende asteroiden ein annan stad, men om dei dummar seg ut, risikerer dei i staden at asteroiden treffer Jorda!
Cassie B. i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
Nesten treff på Jorda, men Månen er ikkje trygg
YR4, som vart oppdaga i desember 2024, skapte fyrst global alarm då tidlege projeksjonar antyda ein 3,1% risiko for at den treffer Jorda i 2032. Vidare analyse utelukka at jordoverflata vart råka, men bana til asteroiden kryssar framleis banen til Månen. No har oddsa for ein månekollisjon klatra opp til 4,3%, der dei endelege utrekningane er venta innan 2028 når asteroiden gjer si neste nære tilnærming.
Dersom den treffer, vil dette bli den største asteroiden som treffer Månen på minst 5000 år, ifølgje Paul Wiegert, ein ekspert på solsystemdynamikk ved det kanadiske Western University, og hovudforfattar av ein ny studie om det potensielle nedslaget. Krafta, skreiv han, kan ‘samanliknast med ein stor atomeksplosjon’, som sender opp nok materiale til å skape eit krater som er nesten ein kilometer vidt.
Satellittar i skotlinja
Den ekte trugselen er ikkje å finne på Jordas overflate, der atmosfærisk friksjon brenner opp mesteparten av materialet, men i jordbana. Simuleringane til Wiegert, publisert på preprint-serveren arXiv, avslører at tyngdekrafta til Jorda kan sluse månemateriale inn i eit tett materialfelt som går i høg fart. ‘Ein stein på ein centimeter som reiser fleire titals tusen meter per sekund minner mykje om ei kule,’ sa Wiegert til AFP. Slike fragment kan øydeleggje satellittar, forstyrre kommunikasjon, og til og med setje i fare romstasjonar slik som den kinesiske Tiangong.
Innan 2032 er talet satellittar i låg jordbane estimert å gå til himmels [!], noko som forsterkar risikoen. Studien estimerer at sannsynet for satellitt-treff kan skyte opp til 1000 gonger normale nivå i fleire dagar etter treffet. ‘Du kan ikkje stikke ut og reparere ein satellitt. Eit mindre problem er faktisk eit alvorleg problem,’ åtvara Mark Burchell, ein romvitskapsmann ved Universitetet i Kent, noko som set søkjelys på sårbarheita til kritiske system slik som avkjølingsrøyr eller sensorar.
Eit spektakulært lysshow
For observatørar på Jorda kan lyspunktet vere eit fortryllande meteorregn. Wiegert skildra den potensielle skoda som ‘spektakulær’, og som er synleg over heile kloden i fleire netter. Likevel er prisen dryg: Det same materialet som skaper dette himmelske showet kan setje i fare GPS, vêrovervaking og internettsatellittar.
Den sida av Månen som vender mot Jorda har 50% risiko for å bli treft, noko som maksimerer materialrelaterte risikoar. Dersom nedslaget skjer på sida som vender vekk frå Jorda, kan vi stå overfor færre konsekvensar, men måneoppdrag slik som NASA sitt Artemis-program eller den planlagde Lunar Gateway Station kan framleis lide skade på grunn av fallande nedslagsmateriale.
Sidan ein er årevis unna ein definitiv kollisjonsdom, kan romfartsbyrå stå overfor eit dilemma: forsøke å avleie asteroiden eller vente. NASA sitt DART-oppdrag frå 2022 viste at avleiing er mogleg, men nærleiken YR4 vil få til Jorda gjer ting vanskelegare. Wiegert åtvara at ei mislykka avleiing kan utilsikta styre asteroiden mot Jorda.
Budsjettkutt i NASA sine asteroide-sporingsprogram kan derimot underminere beredskapen. I mellomtida kan Det europeiske romfartsbyrået og andre globale partnarar måtte samarbeide om beredskapsplanar – ikkje berre for trugslar mot Jorda, men òg mot Månen.
Medan ein risiko på 4,3% framleis er låg, understrekar YR4 kor sårbar den romavhengige infrastrukturen til Jorda er. Som Wiegert sa, vil forbi-flyginga i 2028 levere tydelegare svar. Fram til då tener asteroidar både som ei åtvaring og ei moglegheit: å raffinere forsvaret, tryggje satellittar og hugse at til og med nesten-treff kan få kosmiske konsekvensar.»
