Vitskapsfolk i WEF dyrkar fyrste kunstige menneske laga av EKTE KJØT

WEF-støtta vitskapsfolk, som er finansiert med eit legat på 10 millionar pund – 138 millionar kroner – frå Wellcome Trust, har oppnådd eit særs nifst gjennomgrot: dei har dyrka det fyrste kunstige mennesket av ekte kjøt, som del av Synthetic Human Genome Project. Dette kontroversielle føretaket, som involverer eliteuniversitet som Oxford, Cambridge og Imperial College, har som mål å lage menneske-DNA frå botnen av, noko som skaper vesentlege etiske spørsmål om skapinga av syntetisk liv.

Sjå òg «Vitskapsfolk har skapt eit ‘vesen’ som verken har mor eller far», publisert 9.september 2023.

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Prosjektet fokuserer på å konstruere eit fullt ut syntetisk menneskeleg kromosom, som representerer rundt 2% av menneske-DNA, som eit bevis på at konseptet fungerer for det som til slutt skal syntetisere eit heilt menneskegenom. DNA, som består av nukleotid som kodar vår genetiske identitet, blir kunstig gjenskapt for å potensielt byggje menneske frå grunnen av, eit mål kritikarar åtvarar kan omdefinere sjølve menneskeheita med usette konsekvensar.

NDTV.com rapporterer: ‘Himmelen er grensa. Vi ser på terapiformer som vil forbetre liva til menneske etter kvart som dei blir eldre, noko som vil føre til sunnare aldring med mindre sjukdom etter kvart som dei blir eldre,’ sa dr. Julian Sale ved MRC Laboratory of Molecular Biology i Cambridge til BBC; han er del av prosjektet.

‘Vi skal prøve å bruke denne tilnærminga til å skape sjukdomsresistente celler som vi kan bruke til å reparere skadde organ, til dømes, i levera og hjartet, til og med immunforsvaret,’ sa han.

Ifølgje professor Matthew Hurles, direktør ved Wellcome Sanger-instituttet, kan det å studere korleis genar og DNA regulerer kroppane våre hjelpe oss til å peike på når det går gale, og til slutt utvikle betre behandlingsmetodar.

‘Å byggje DNA frå botnen av lèt oss teste ut korleis DNA eigentleg fungerer, og teste ut nye teoriar, fordi no for tida kan vi eigentleg berre gjere det ved å endre DNA i DNA som allereie eksisterer i levande system,’ sa herr Hurles.

Derimot er ikkje tilsynelatande alle overtyda av ideen om at menneske skal leike Gud. Professor Bill Earnshaw, ein genetikk-vitskapsmann ved Edinburgh universitet, som laga ein metode for å skape kunstige kromosom, sa at teknologien raskt kan bli kommersialisert av helseomsorgsselskap.

‘Ånda er ute av flaska. Vi kan få eit sett med restriksjonar no, men om ein organisasjon som har tilgang til passande maskineri bestemmer seg for å starte å syntetisere noko, trur eg ikkje vi kan stoppe dei.’

Dr. Pat Thomas, direktør i kampanjegruppa Beyond GM, sa at sjølv om vitskapsfolk er der for å jobbe for menneskeheita sitt beste, kan prosjektet forårsake ‘skade’.

‘Vi likar å tru at alle vitskapsfolk er der for å gjere godt, men vitskapen kan bli omdefinert til å gjere skade, og for krigføring,’ sa dr. Thomas.

Som reaksjon på nyheitene sa ei rekkje sosialmediebrukarar at eksperimenta kan gå gale, medan andre uttrykte optimisme for at det kan føre til betre livskvalitet for folk.

‘Konsern-dyrka tilsette dukkar opp i næraste framtid. For ei vedunderleg verd vi lever i,’ sa ein brukar, medan ein annan la til: ‘Kan ikkje sjå at dette skal gå gale slik ein ser i sci-fi-skrekkfilmar, ikkje i det heile.’

Ein tredje kommenterte: ‘Dette er so kult. Eg hata å vekse opp med eksem. Det ville ha forbetra livet mitt so mykje om eg ikkje hadde hatt det problemet.’»

Saksyndig stiller seg avslutningsvis spørsmålet kva slags type kjøt dei brukte, og kor dei fekk det frå. Vil vi vete det?

Kommenter innlegget