Definisjonen på psykisk utviklingshemming

Dette er del 5 av kortromanen «I dei kommunale skugganes dal».

Det som den bælfeite einingsleiaren kalla «tulleutdanning» fann stad kvar måndag i ein bygning i sentrum som vart kalla Folkehuset. Det var ein gul mursteinsbygning som hadde stått der iallfall sidan 1800-talet. Ein gong i tida var der politiske møte der venstresida møttest for å ytre si forakt overfor dei som gjennom hardt arbeid tente «for mykje» pengar, for dei pengane skulle helst gjevast til dei som ingenting ytte. Dei som jobba mykje og tente lite vart ignorert, sameleis dei som jobba lite, men tente mykje. Ikkje sidan Sovjetunionens fall hadde ein venstreorientert sett sine bein i bygningen. No var det i staden setet for den alternative terapeutiske utdanninga som Karl hadde blitt lurt til å ta. Det var den eine gongen i veka han møtte andre menneske enn Elias og Melissa.

Der var femten studentar i klassen. Somme av dei var helsefagarbeidarar akkurat som han. Fleirtalet var assistentar utan fagutdanning som hadde slite og slava i alle år i helsesektoren, primært i miljøarbeid med psykisk utviklingshemma. Karl hadde på den tida jobba 11 år med denne målgruppa, men hadde absolutt ingenting å vise for det. Ingen referansar. Knapt nok dokumentasjon på at han hadde jobba elleve år i kommunen. Det var som om han hadde blitt sletta frå det kollektive kommuneminnet. Når han trefte på tidlegare kollegaer i gata, folk han hadde jobba med i fleire år, gjekk dei rett forbi han – ingen kjende han igjen.

Dei elleve åra kjendest bortkasta ut. Eit svart hol av utakk som hadde soge vekk dei beste åra av livet hans og etterlate ingenting anna enn eit tomt, bittert skal.

Han var i ei arbeidsgruppe som bestod av han og tre damer. Ei av dei var ei brunette i slutten av 40-åra med ein stor, omfangsrik kropp. Ho gjekk alltid med skjerf og tjukke, svarte vinterjakker. Ho var ein assistent frå Trøndelag ein stad, som hadde jobba i ein mannsalder i eit bufellesskap med personar med lettare utviklingshemming og ein god del autisme. Ho heitte Oda. Den andre dama var vesentleg yngre, truleg i siste halvdel av 20-åra. Ho hadde tynt, skulderlangt blondt hår og briller, so vel som kviser som ho prøvde fånyttes å skjule med den beste sminke som moderne kjemi kunne oppdrive. Ho heitte Iina. Ho hadde finske røter, noko som var grunnen til at der var to i-ar i namnet. Ho jobba med utviklingshemma barn på eit dagsenter. Den tredje dama var frå Brasil og i slutten av 30-åra med svart, krøllete hår. Ho heitte Janeira, avleia frå det portugisiske ordet for januar. Ho var noko so uvanleg som ein stygg brasilianar, noko som var eit eklatant brot på «regelen» om at alle brasilianske damer var smellvakre. Ho jobba i eit bufellesskap midt ute i ingenmannsland. Dei tre var sannsynlegvis dei største idiotane Karl nokosinne hadde møtt.

Læraren deira var ein mildt eksentrisk vernepleiar ved namn Thorleif. Han var i midten av 60-åra, nesten uuthaldeleg nær pensjon.

«Tilbake då eg jobba på Lokkevågheimen her i byen på 70-talet, vart det rekna som fullstendig akseptabelt å ta tomsingane ut og spyle dei med ein slange, sjølv midt på vinteren.» Stemma hans fylde kvar ei krå av det gamle, historiske rommet. – «Det var andre tider då, og ei dramatisk annleis forståing av kva mental retardasjon var. Det var ikkje før ganske nyleg at tilstanden vart forstått som ei slags kognitiv svekking akkurat som senil demens. Faktisk, det einaste som skil mental retardasjon frå demens, er kva alder det oppstår i. All permanent kognitiv svekking som oppstår i utviklingsperioden, blir rekna som mental retardasjon; dersom det oppstår etter at utviklingsperioden er over, blir det rekna som demens. Dette er det den tyske psykiateren Rudolf Grünenbauer seier.»

Definisjonen gav fullstendig meining, og det var den klaraste og mest eintydige definisjonen av psykisk utviklingshemming som Karl hadde høyrt i sine elleve år i etaten. Det var berre eit ørlite problem. Rudolf Grünenbauer eksisterte ikkje. Karl brukte ein heil ettermiddag på å prøve å finne informasjon om fyren på nettet. Han fann ingenting. Sjølv hans eige namn var å finne på nettet, men ikkje denne «berømte» tyske psykiateren frå fyrste halvdel av 1900-talet. Han hadde inga aning om kor Thorleif hadde funne det namnet. Han hadde aldri våga å spørje han om det, sidan den halvgamle karen snakka med slik ein sjølvtillit og autoritet.

«No skal de gå saman i gruppene dykkar og snakke om skilnaden mellom dei som lid av psykisk utviklingshemming og dei som lid av demens,» sa Thorleif, før han slentra over til skrivebordet ved tavla. Nemnde tavle var smekkfull i setningar skrive i gammalmodig, knapt nok leseleg lykkeskrift.

Oda, Tiina og Janeira byrja å snakke. Dei snakka mykje, men sa lite. Karl trekte seg straks frå diskusjonen mentalt sett. I staden fokuserte han på gruppearbeidet som dei var meint å samarbeide på. Arbeidet som dei hadde presentert før jul fekk A. Karl sin del om høgtfungerande psykisk utviklingshemming skilde seg oppsiktsvekkjande frå resten av tekstane, som var særs dårleg skrivne. Oda og Iina hadde begge dysleksi (iallfall var det det dei hevda), medan Janeira jo var utlending og difor ikkje forventa å skrive feilfritt norsk. Overraskande nok skreiv Janeira betre norsk enn dei to innfødde nordmennene. Karl utførde ein høgst naudsynt språkkorrektur av dei tre andre tekstane. På neste utkast hadde både Oda og Iina fullstendig ignorert rettingane hans. Han korrigerte tekstane ein andre gong før han sendte fila til Thorleif. Oda og Iina vart rasande då dei såg korrekturen til Karl. Denne gongen hadde dei tre damene bestemt seg for å skrive alt på eiga hand. Bidraga som Karl kom med hadde blitt ignorert fire måndagar på rad. Dei nekta rett og slett å ta imot tekstane hans.

Thorleif kasta eit blikk på Karl, før han nikka mot døra. Karl reiste seg og følgde den aldrande mannen ut i gangen.

«Eg veit kva dei driv med, og eg synest ikkje det er greitt,» sa Thorleif. Den melodiske stemma hans fylde gangen frå byrjing til slutt.

«Dei ignorerer meg fullstendig,» sa Karl. – «Dette er låtteleg. Og Oda gjekk til og med i fistel då eg brukte ordet ‘imaginær’. Ho sa at ho aldri hadde høyrt ordet i sitt liv. Eg vart skulda for å snakke vanskeleg.»

«Dyslektikarar har ofte problem med å prosessere ord,» sa Thorleif. – «Ein dyslektikar kan vere god til å lese, men dårleg til stave og skrive. Hjernane deira er ute av stand til å skikkeleg forstå munnleg og skriftleg input. Ein kan nesten seie at dei har ei slags utviklingsforstyrring, men det vil vere som å kalle dei dumme. Dyslektikarar går alltid amok dersom du insinuerer at dei er dumme fordi dei knapt kan stave sine eigne namn.»

«Eg trur ikkje eg kan halde fram denne galskapen særleg lenger,» sa Karl. – «Eg ser ikkje poenget, no når eg har vore sjukmeldt i nesten to månader. Det er høgst usannsynleg at eg nokosinne kjem til å jobbe med utviklingshemma igjen. Eg er ein persona non grata i etaten. Eg har til og med fått ein psykiatrisk diagnose.»

«Åh, har du?» Han gnei den skjeggete haka intrigert. – «Kan eg spørje kva slags diagnose?»

«Eg har fått påvist Asperger, og eg har òg ei angstliding. Angstlidinga er direkte forårsaka av fleire år med psykisk terror frå Tiril.»

Ei middelaldrande dame stakk hovudet ut av ei dør i nærleiken. Auga hennar var oppsperra og munnen halvopen.

«Alt i orden,» sa Thorleif med si rolege, faderlege stemme. – «Der er mange øyre i denne korridoren. Lat oss gå til ein litt meir privat stad, Karl.»

Dama stira på Karl i ei blanding av fornærming, raseri og frykt i det han gjekk forbi ho. Han kunne telje på éi hand dei gongene han hadde sett ein vilt framand glane på han på slik ein mannevond måte. Det var den typen blikk du gav nokon som hadde brote seg inn heime hjå deg og drite midt på stovegolvet.

Dei to mennene enda opp i det vesle opphaldsrommet ved døra som førde ut til trappa. Klasseromma låg i fjerde etasje av bygningen. Frå ut av vindauga kunne dei sjå den solbada, vakre hamna i tjukkaste sentrum. Eit stort cruiseskip var på veg mot kaia.

«Kven diagnostiserte deg med Asperger?» spurde Thorleif. – «Du slår meg ikkje som ein høgtfungerande autist. Du er særs intellektuell, men eg ville aldri ha gjetta at du låg på spekteret.»

«To terapeutar i den kommunale bydelspsykiatrien diagnostiserte meg,» sa Karl. – «Og angstlidinga var òg deira diagnose. I motsetnad til Asperger-diagnosen, er den diagnosen reell.»

«Vent no litt…» Thorleif såg på han med store auge. – «Seier du at dei feildiagnostiserte deg med Asperger?»

«Eg lét dei gjere det.» Han kryssa armane over brystet. – «No kan ikkje kommunen gje meg sparken. Og dersom eg bestemmer meg for å seie opp, vil eg lett bli uføretrygda. For meg er det ein vinn-vinn-situasjon.»

«Lét du dei diagnostisere deg med Asperger?» Mannen såg ut som han såg på eit spøkjelse.

«Eg lurte dei trill rundt.» Karl smilte svakt.

Thorleif lente seg mot vindauget. Sola bada håret og skjegget hans. Han rista på hovudet og bles.

«Du lurte dei…» Han såg himmelfallen ut. – «Karl… Nokon gonger skremmer du meg. Kva skal du gjere no då?»

«Eg skal møte HR-leiaren, sjefen min og einingsleiaren fyrstkomande torsdag. Eg får med meg min tillitsvalde frå fagforeininga òg. Vi skal diskutere framtida mi i kommunen. Dersom der finst ei.»

«I so fall, Karl, Lykke til.» Han klappa han på ryggen.

«Åh, og ein ting til,» sa Karl. Thorleif lytta merksamt. – «Eg trekkjer meg frå kurset. Om eg aldri ser dei stygge tryna til Oda, Iina og Janeira igjen i mitt liv, er eg berre glad til.»

Thorleif såg på han skuffa, men ikkje overraska:

«Det er synd at du trekkjer deg. Den teoretiske forståinga di av psykisk utviklingshemming og erfaringa di er mildt sagt imponerande.»

«Ja, det er det. So synd kommunen ikkje meiner det same.»

Karl forlét Folkehuset. Etter eit raskt, naudsynt ærend på Vinmonopolet rett over gata, reiste han heim og drakk seg sanselaus nok ein gong.

**

HR-leiaren var ei ganske ung dame ved namn Katinka Dahl. Ho kunne umogleg ha vore eldre enn i 20-åra ein stad. Ho var ei elegant kledd blondine med gulløyreringar og tre gullsmykke med ymse anheng. Ho var kledd i ein kvit bluse, ei gyllen dressjakke og eit skjørt i matchande gullfarge. Einingsleiaren sat og sveitta på møterommet på ein stol som skalv under den veldige vekta hans. Lesebrillene var som vanleg plasserte oppå hans nakne isse. Karl kom inn på rommet med sin tillitsvalde, ei høg, vakker brunette som nok var i siste halvdel av 30-åra. Sjefen hans frå Skuggedal bufellesskap var ei dame med bronsebrun hud, mørkebrunt, krøllete hår og mørkebrune auge. Ho sat i ein elegant, nøttebrun kjole ved sida av tjukken.

«Eg er Lene Hervik frå fagforeininga,» sa Karl sin tillitsvalde og handhelste på einingsleiaren og sjefen, men ikkje på HR-leiaren. Dei to såg ut til å kjenne kvarandre, for dei nikka til kvarandre med mykjeseiande smil. Denne Lene var like elegant kledd som Katinka, men blusen hennar var svart, medan dressjakka og skjørtet var kvite.

«Set deg, er du snill,» sa einingsleiaren, blass i trynet. Han såg ut som han berre ville få dette overstått. HR-leiaren nikka elegant og høgverdig til han. – «Greitt, no når vi alle er her, lat oss byrje. No skriv vi slutten av januar. Du, Karl, har vore sjukmeldt frå Skuggedal sidan tidleg desember. Og eg har blitt gjort merksam på at du har fått ein psykiatrisk diagnose. Vil du spesifisere kva slags diagnose vi snakkar om?»

«Asperger og angstliding med panikkanfall,» sa Karl. – «Eg vart fødd med Asperger, det er ei form for høgtfungerande autisme. Altso autisme utan psykisk utviklingshemming. Det er den mildaste forma for autisme. Og angstlidinga mi var direkte forårsaka av Tiril.»

«Ja, og vi er alle lei oss for at du vart utsett for det,» sa einingsleiaren med ei ganske so sur og utolmodig stemme. – «Vi burde ha løyst denne brysame affæren for lenge sidan.»

«Jobbar Tiril framleis på teamet?» spurde Karl.

«Ho er framleis tilsett i etaten, ja,» sa den feite mannen.

«Har ho stått overfor nokon som helst konsekvensar for handlingane sine?» spurde Karl.

«Kva slags handlingar?» spurde einingsleiaren, synleg irritert.

«At ho fekk Carina til å ta livet av seg og ektemannen?»

Heile rommet gispa. Berre Katinka såg fullstendig uberørt ut. Ho sat der elegant som ei gullglitrande dronning, til og med med eit vagt smil på dei perfekte leppene.

«Det var Carina sitt eige val!» utbraut fleskeberget. – «Det hadde ingenting å gjere med Tiril!»

«Javel?» Karl smilte lett. – «Det hadde ingenting å gjere med at ho omsider fann ut at mannen var utru med Tiril, og at det hadde pågått i årevis?»

«Det var likevel hennar val!» nærast brølte einingsleiar.

«Og hadde det heller ingenting med å gjere at du degraderte Carina til ein vanleg tilsett?»

«Eg degraderte ho sovisst ikkje!!» Stemma hans song i veggane. – «Ho valde å seie opp leiarstillinga si av eigen, fri vilje!! Og ho beheldt leiarløna!!»

«Du tvinga meg òg til å byrje i Skuggedal.»

Einingsleiar snøfta i forakt.

«Han tvinga deg ikkje, Karl,» sa HR-leiar Katinka brått. Ho snakka roleg og uanfekta, men hadde ein veremåte som antyda djup overlegenheit. – «Den avgjerda tok du sjølv. Du skreiv jo under på arbeidsavtalen då du fekk den presentert.»

«Det var anten Skuggedal, eller å bli trekt i løn kvar einaste måndag,» sa Karl.

«Ja, og difor hadde du jo eit val,» sa Katinka nærast i triumf.

«Eg kunne ha mist huset mitt.»

«Eg ser ærleg tala ikkje problemet, i og med at der jo finst andre jobbar.» Katinka såg nærast rart på han, men framleis med dette overlegne, vesle smilet.

Karl vende seg mot Lene:

«Ser du kva eg har å slite med? Er det rart at eg er so traumatisert at eg må bli behandla av psykiatrien?»

Lene berre såg på han, ho sa ikkje eit steinsens ord.

«No er det nok, Karl!!» brølte einingsleiar og slo neven i bordet. Sjefen til Karl og Lene skvatt, men Katinka sat der like roleg. – «Det er heva over ein kvar tvil at du er ein veldig sjuk mann som treng profesjonell hjelp!! Og det å skulde oss for situasjonen er ikkje ein veldig fin ting å gjere!» Han lente seg tilbake på den jamrande stolen og fjerna brillene frå toppen av hovudet. Han klødde seg i auga, før han sette brillene tilbake igjen på hovudet. – «Ver so snill og fortel oss kva du vil.»

«Eg vil ha min gamle jobb tilbake,» sa han. – «100%-stillinga i Skuggedal er berre eit vikariat. Eg har inga interesse i å halde fram i det gudsforlatne helvetesholet av psykopatar. Eg vil ha mi gamle, faste stilling tilbake.»

«Det er umogleg,» sa einingsleiar bryskt. – «Nokon er tilsett i den stillinga no. Og teamet har blitt gjenstand for omorganisering. Vi har fått mange nye brukarar som har muslimske foreldre. Dei vil ikkje ha mannlege pleiarar heime hjå seg. So du tilbake på teamet? Umogleg.»

«Du forventar vel ikkje at eg skal jobbe meg i hel i det helvetesholet, vel?» spurde Karl.

«Skuggedal er ikkje eit helveteshol!» sa sjefen hans med eit perpleks smil i sitt biletvakre ansikt. – «Det er ein perfekt arbeidsplass, den beste i etaten. Naturlegvis kan det jo vere utfordrande å samarbeide med kollegaene dine dersom du er autistisk.»

«Dei er dei største rævhola eg har møtt. Dei burde ha fått sparken for tenesteforsømming.»

Den vakre dama himla med auga og rista på hovudet med eit smil.

«Vil du gje deg med å lyge oss opp i trynet?!» brølte einingsleiar og slo den feite griseneven i bordet. Hans dumme, vesle kommune-laptop gjorde eit hopp. – «Du vil anten halde fram å vere sjukmeldt, eller gå tilbake til å jobbe i Skuggedal!» Eit nifst glis dukka opp i ballongtrynet hans. – «Eller du kan bruke retten din som tilsett til å seie opp sjølv…»

«Du har rett på ung uføretrygd dersom du har Asperger-diagnose,» sa HR-leiar Katinka. Stemma hennar bar eit overflatisk skin av omtanke, men auga hennar var fullstendig uttrykkslause. Og dette overlegne fliret var der framleis òg.

«Hmm, eg visste heile tida at de ville ha meg vekk,» sa Karl. Einingsleiar bles i raseri. Sjefen hans himla nok ein gong med auga. – «De kjenner dykk audmjuka fordi de har late dykk intimidere av psykopaten Tiril. Kvifor har de ikkje tvinga ho til å seie opp og gå over på trygd? Ho er kronisk sjuk, både i ledda og i hovudet.»

Rommet gispa.

«Det er generelt ikkje greitt å kalle andre for psykopatar,» sa Katinka like roleg.

«De burde ha gjeve Tiril sparken. Då ville ikkje all denne driten ha skjedd.»

«Karl, du er ikkje i nokon posisjon til å seie til dine overordna kva dei skal gjere!!» brølte einingsleiar og slo nok ein gong neven i bordet. – «I alle andre jobbar ville du ha blitt avskjediga på flekken for slik skandaløs åtferd!! Slik ulydigheit!! Slik illojalitet!! Slik arroganse!! Slik infernalsk frekkheit!!» Han knep seg i naseryggen mellom auga. – «No er vi her at det er anten Skuggedal eller ingenting. Du bestemmer.» Eit sleskt, lite smil. – «Eg er sikker på at ein klok og særs intelligent mann som du veit kva du vil.»

Karl såg på fagforeinings-Lene.

«Kva føreslår du at eg gjer?» spurde han.

«Øh, eg veit ikkje,» sa ho og vrei på seg. Ho vende blikket mot Katinka som sat og småflirte for seg sjølv. – «Dette er ein veldig vanskeleg situasjon. Kva ønskjer du sjølv å gjere?»

«Eg veit ikkje. Tusen takk for alle dine gode råd.»

Lene vende seg med raude kjakar mot Katinka, som trekte elegant på skuldrene.

«Vel, dersom ingen har noko meir på hjartet, erklærer eg dette møtet for over,» sa Katinka.

«Eg vil ha referat frå møtet,» sa Karl.

«Det skal eg naturlegvis ordne, Karl,» sa den gullglitrande blondina.

Karl, sjefen til Karl og einingsleiar reiste seg og forlét rommet – einingsleiar med visse vanskar. Tilbake sat Lene og Katinka. Dei lytta merksamt på stega som fjerna seg. Deretter gav Katinka Lene tomlar opp:

«Perfekt, Lene!»

«Takk, kjære. Huff, alle desse utbrota til einingsleiaren er ganske ubehagelege. Eg blir litt flau på hans vegner.»

«Ja, åtferda hans er ikkje i tråd med korleis vi i kommunen ønskjer å framstå. Men uro deg ikkje. Vi har planar for han òg…» Ho tromma kort med dei lange neglene i bordet, før ho fekk eit barnleg, skøyaraktig preg over det vakre ansiktet. – «Vi må i butikken og kjøpe meir lyspærer til Chantals kontor!»

Lene lo so søtt medan auga lyste av vondskap.

Kommenter innlegget