Dette er del 7 av kortromanen «I dei kommunale skugganes dal».
Karl hadde fri måndag sidan han hadde jobba i helga. For å pleie fyllesjuka gjekk han ein lang spasertur utpå ettermiddagen. I det han gjekk gjennom ein vakker, snødekt skog, fekk han ein SMS frå sjefen sin. Han flirte. Ho ville ha ein prat med han før morgondagens ettermiddagsvakt klokka to. Han byrja eigentleg ikkje på jobb før tre, so han ville få ein ekstra time med lønn for å møte opp tidleg. Det passa han utmerka.
Han kom inn på kontoret hennar presis to. Ho hadde blitt ti år eldre i fjeset sidan han såg ho sist fredag ettermiddag. Ho såg på han med noko som såg ut som frykt i sine mørkebrune auge.
«Set deg, Karl,» sa ho med ei lett skjelven stemme. Han sette seg, uklanderleg roleg som alltid. – «Dersom eg seier faren til Beatrice, ringjer det ei bjølle?»
Karl la hovudet lett på skakke.
«Kva med han?» spurde han.
«Hadde du tilfeldigvis ein samtale med faren til Beatrice no på sundag rundt eitt om ettermiddagen?» spurde ho.
«Eg møtte han sundag, ja,» svarte Karl. – «Eg hjelpte han med å reingjere utemøblane til Beatrice på verandaen.»
«Hugsar du kva du prata med faren hennar om?»
«Hmm, det kan eg ikkje hugse. Vi hadde ein lang samtale. Han hadde mykje på hjartet, som vanleg. For det meste klagar.»
Ho lente seg over bordet, sliten og dregen i trynet:
«Karl, sa du til han at personalet misbruker Beatrice? Sa du òg til han at eg kallar han ein pedofil sexturist? Svar meg. Eg meiner alvor.»
«Nei, det høyrest ikkje ut som meg.»
«Vel, det var det faren til Beatrice sa før han tok ladegrep på hagla si.»
«Hagla si?»
«Ja. Du veit at faren til Beatrice er røyrleggjar. Du veit truleg ikkje at han òg er jeger, og har våpenløyve.»
«Hmm, nei, eg visste ikkje at han eigde skytevåpen, nei.» Han tok ein slurk frå kaffien sin.
«Kanskje du burde ha visst det, før du valde å lyge til han om oss.» Ho såg på han med tårefylte auge. For fyrste gong såg det vakre ansiktet hennar menneskeleg ut.
«Kva skjedde?»
«Faren til Beatrice dukka opp i bydelsadministrasjonen med hagle. Eg var ikkje der, fordi eg var heime med sjukt barn. Men eg fekk ein telefonsamtale frå HR-leiar Katinka Dahl seinare, der ho fortalde kva som hadde skjedd.»
«Klikka fyren og drap ein haug med folk?» spurde Karl i vitskapleg nysgjerrigheit, og med ein mangel på empati som fekk sjefen hans til å krympe seg. Ho såg på han lenge, før ho svarte:
«Ja.» Ho trekte pusten. Hendene hennar skalv synleg. – «Han skaut og drap fem avdelingsleiarar.» Ei tåre trilla nedover kinnet hennar. – «Då greidde ein av dei andre leiarane å slå han ned med ei TV-kanne. Seks andre vart òg skotne på, men dei vart berre såra. Einingsleiaren vart sendt til legevakta med ei kule i magen. Han blir operert i skrivande stund.»
«Hmm, han har jo ei diger vom, so det skal godt gjerast å ikkje treffe han.» Ein ny slurk kaffi.
«Karl, ver so snill!» Stemma hennar brast og auga fløymde over av tårer. – «Korleis kan du gjere noko slikt? Fem kvinner er døde på grunn av deg!»
«På grunn av meg?» Han flirte. – «Eg var ikkje den som møtte opp med ei hagle!»
«Du manipulerte han til å gjere det!»
«Gje deg, kjerring. Fyren er ein galen psykopat. Han ville ha gjort noko liknande før eller seinare.»
«So du innrømmer at du laug til han om at vi misbrukte dottera hans?»
«Gjer det noko frå eller til?» Han trekte på skuldrene. – «Ja, eg laug til han. Dette er min måte å hemne meg på dykk.»
«Hemn?!» nærast skreik ho med eit ansikt forvridd i frykt. – «Kva har vi nokosinne gjort deg?!»
«De behandla meg som skit…?» Han la hovudet på skakke med eit perplekst smil. – «Kvifor er du overraska? Du og alle andre behandla meg som om eg var dum frå dag éin. De kjefta på meg. De snakka ned til meg. De heiste truleg flagget og feira med kake då eg vart sjukmeldt. De er ein gjeng stakkarslege feigingar som fortener å brenne i helvete.» Dama sat der og skalv og vrei på seg. – «Og so fort den bælfeite jævelen er i stand til å stå på beina, tek eg kommunen til retten for å få tilbake min gamle jobb. Eg eig den stillinga. Dette låttelege helveteshòlet er berre eit vikariat som einingsleiar tvinga meg til å ta på grunn av kurset som min eigen sjef lurte meg til å byrje på. Eg har forresten slutta på det kurset. So…» Han lente seg tilbake på stolen og viste ho fingeren. Ho gispa i sjokk og raseri. – «Dra til helvete.»
«Du er eit monster!» utbraut ho. – «Rett og slett eit monster!»
«Kommunen gjorde meg om til eit,» sa han, før han reiste seg.
«Dette møtet er ikkje over!!» skreik ho.
«Eg har ting å gjere,» sa ho. – «I motsetnad til deg, gjer eg faktisk jobben min.» Orda vart hengande i det trykkjande rommet då han forsvann ut døra.
**
Det vakre vårvêret følgde Karl inn i den stygge klossen der bydelsadministrasjonen hadde sete. Nede i fyrsteetasje møtte tillitsvalt-Lene han. Temperaturane ute låg på rekordhøge 22 grader, og det var enno berre midten av april. Dette var visstnok fyrste gong sidan 1967 at ein såg so høge temperaturar på denne tida av året. Dei to handhelste, før dei utan å seie eit ord gjekk opp trappene til tredje etasje.
«Eg var ikkje i godt humør sist eg var her,» sa Karl då dei kom opp. – «Eg var redd og usikker. No er eg ingen av delane. No er eg glad.»
«Eg ville ikkje vere so glad om eg var deg,» sa Lene, gravalvorleg. – «Du er skulda for illojalitet. Det er eit påskot dei kan bruke for å seie deg opp.»
«Vikariatet mitt i Skuggedal bufellesskap går ut i september,» sa han. – «Då vil eg ha min gamle jobb tilbake. Det krev lova at dei gjer.»
«Då vil du igjen jobbe med Tiril,» sa ho med eit lett skjelven stemme. – «Er det det du verkeleg vil?»
«Etter det helvetet eg har gått gjennom dei siste seks månadene, er ho det minste av to vonde.»
«Dei vil ikkje late deg jobbe på teamet igjen på grunn av dei muslimske foreldra som ikkje vil ha mannlege pleiarar heime hjå seg.»
«Det er kommunen sitt problem. Eg har rett etter lova å få den stillinga tilbake. Eg eig den.»
«Ja, det gjer du…» Ho sukka i det ho trykte på ringjeknappen ved døra inn til administrasjonen. – «Ja, det gjer du…» Ikkje eit fiber i kroppen hennar ville vere her med han.
HR-leiar Katinka Dahl dukka opp og sleppte dei inn. Ho såg synleg sliten ut, og var uvanleg bleik i ansiktet. Ho såg fleire år eldre ut. Ho såg ut som ho knapt hadde smakt søvn i dei vekene som hadde gått sidan skyteepisoden.
«Går det bra med deg, Katinka?» spurde Lene.
«No er vi på jobb,» sa ho stille, før ho kasta eit blikk av anten avsky eller frykt på Karl. – «Bli med meg. Dei ventar på oss.» Ho såg verken overlegen eller arrogant ut no.
Dei gjekk forbi det største møterommet. Der var kulehòl i veggane. Framleis låg det ein eim av blod i lokala. Dei kom inn på det store, solbada kontoret til einingsleiar. Han reiste seg frå den spesialbygde kontorstolen og brukte ei krykkje til å støtte seg på.
«Hallo, Karl,» sa han medan ansiktet lyste av frykt for den kloke og særs intellektuelle mannen. – «Ver venleg og set deg. Sjefen din kan ikkje kome, men ho har gyldig fråvær.»
«Og kvifor er ho ikkje her?» spurde Karl.
«Ho er langtidssjukmeldt,» sa tjukken, før han med vesentlege vanskar sette seg ved enden av bordet. HR-leiar Katinka sette seg på hans høgre side. Karl og Lene sat på hans venstreside, to stolar bortanfor han. – «So… Eg reknar med at du har lese brevet som HR-leiar her sendte deg.»
«Det har eg,» svarte Karl.
«Det har blitt oss – HR-leiar og meg – fortalt at du hadde ein samtale med faren til Beatrice,» byrja fleskeberget. Som vanleg kvilte lesebrillene hans på toppen av hans skalla hovud. – «Og at det var den samtalen som fekk han til å avleggje oss dette dramatiske besøket.»
Eit «dramatisk besøk». Det var det den idioten kalla det, og eit prima døme på kommunal underdriving.
«Eg er redd eg ikkje forstår kva du vil fram til,» sa Karl. Lene såg ut som ho ville grave seg ned. – «Antydar du at eg fekk han til å skyte og drepe fem menneske?»
«Karl, du innrømte til sjefen din at du laug for å gjere han forbanna,» sa gullglitrande og elegant kledde Katinka med ei lett skjelven stemme.
«Nei, det gjorde eg ikkje,» sa Karl. – «Ho var temmeleg hysterisk. Ho gjekk knapt an å snakke fornuft med. Om ho påstår eg sa dette, so lyg ho.»
«Vel, ho er ikkje her, so vi vil ikkje få høyre hennar versjon av historia,» sa einingsleiar med ei tydeleg utolmodig stemme. Han tok for éin gongs skuld på seg lesebrillene og las frå eit ark på bordet. – «Generelt er det aldri ein god idé at ein tilsett snakkar stygt om arbeidsgjevar eller arbeidsplassen til pårørande. Du veit aldri kva dei slit med privat, og der kan vere sterke kjensler involvert. Eg har sjølv tre døtrer, so eg veit korleis det er å elske nokon so mykje at du vil gjere alt for å beskytte dei. Dersom det verkeleg er sant at du laug til han om misbruk, so brukte du altso kjærleiken han har overfor dottera si på ein måte som var både vondsinna og manipulerande. Eg er freista til å kalle det ein psykopatisk ting å gjere.» Katinka bøygde seg over og kviskra noko i øyret hans. Han reiste hendene sine avvæpnande. – «Igjen, so vil vi ikkje få vete heilt sikkert kva som skjedde den dagen, sidan mannen jo sit i varetekt. Kanskje misforstod han deg. Kanskje forsnakka du deg. Kanskje somme av dei tilsette verkeleg misbruker Beatrice – det vil stå for deira rekning isofall. Og kanskje faren verkeleg er ein pedofil sexturist, noko vi naturlegvis ikkje har noko med.» Han trekte på skuldrene. – «Vi vil ikkje få vete det sikkert. Eg føreslår at vi legg saka død. No…» Han lente seg over bordet. – «Vikariatet ditt i Skuggedal går ut i september. Kva ønskjer du å gjere? Vil du ha vikariatet som fast stilling?»
«Eg vil ha mi gamle stilling tilbake,» sa Karl. – «Det er på teamet eg høyrer heime. Det er der eg gjorde min beste jobb. Det er der eg var profesjonell og respektert.»
«Nei, du kan ikkje få tilbake di gamle stilling,» sa tjukken og rista på hovudet. – «Det er fullstendig umogleg. Vi kan ikkje tilsetje mannlege pleiarar på teamet lenger på grunn av den religiøse trua til mange av kundane våre.»
«Eg eig den stillinga,» sa Karl. – «Etter lova skal de gje den tilbake til meg. Det er ikkje ein sjanse i helvete at eg jobbar meir i Skuggedal.»
«Nei, det rekna eg heller ikkje med,» sa mannen, før han snudde seg mot Katinka. – «Då må vi nok gå til plan B.»
Katinka, no atter ein gong overlegen og elegant, fiska nærast leikent fram nokre papir:
«Dersom du skriv under på ei overtalserklæring, vil du ha fortrinnsrett til alle stillingar du søkjer på. Då blir den normale tilsetjingsprosessen stoppa, og du er garantert den jobben. Denne overtalserklæringa gjeld i heile den kommunale helsesektoren i byen, so dette vil vere eit gyllent høve til å starte på nytt med blanke ark i ein annan etat.»
«Overtal indikerer at der er for mange tilsette i etaten, og at eg er ein av dei. Dette stemmer jo ikkje.»
«Lat oss berre seie at du er det,» skaut einingsleiar inn. – «Berre spel med oss på denne. Det er frå vår side ikkje ønskjeleg at du held fram å jobbe i Skuggedal. Det er ikkje forsvarleg. Dersom eg ikkje hadde tvinga deg til å godta vikariatet, ville ikkje fem kvinner ha blitt meiningslaust drepne. Ei heller er det trygt for deg å gå tilbake på teamet på grunn av… personalsituasjonen. Ved å erklære deg redundant – til overs – i etaten, kan du søkje på og få ein jobb ein annan stad. Som HR-leiar Katinka seier, er dette eit høve for deg å byrje på nytt med blanke ark.» Han plasserte brillene på toppen av hovudet igjen. – «Du vil behalde stillingsprosenten til di faste stilling, som er nesten 90%. Du vil ikkje lide økonomisk. Du kan kanskje få ein litt høgare stillingsprosent òg. Du går sigrande ut av dette. Korleis høyrest dette ut, Karl?»
Karl såg på Lene, som igjen såg på Katinka.
«Ta imot tilbodet,» sa Lene bestemt. Karl såg på einingsleiar med eit noko hånleg flir:
«Dette høyrest altfor smart ut til at du fann det opp.»
«Ja, det var eg som fann det opp,» sa HR-leiaren med sjølvtillit som grensa over i overmot.
«Eg har ingen referansar,» sa Karl. – «Alle leiarar eg nokosinne har hatt, har trekt seg vekk. Dei har nekta å vere referansar.»
«No, ein leiar kan ikkje nekte å vere referanse,» sa tjukken. – «Det er høgst uprofesjonelt. Men uro deg ikkje. HR-leiar Katinka og eg vil vere dine referansar. Faktisk, når du søkjer på ei stilling, berre send oss linken til søknaden til våre kommunale e-postadresser, og vi vil med glede hjelpe deg å bli tilsett.»
«Dæven…» Karl såg på einingsleiar og Katinka nesten i vantru. – «Etter all den driten de har utsett meg for, so ønskjer de faktisk å hjelpe meg?»
«Livet er ikkje lett når du har Asperger,» sa Katinka i noko som overflatisk såg ut som empati. – «Og det du har vore gjennom…» Ho la handa på sin perfekte, gullglitrande hals. – «Eg har tenkt mykje på det. Vi behandla deg særs urettferdig. Og Carina sitt sjølvmord og drap… Det var skrekkeleg.» Ho vende seg mot einingsleiaren. – «Alt dette på grunn av Tiril.»
«Lat oss ikkje snakke om Tiril no,» sa mannen alvorstyngd. Han vende seg mot Karl. – «Trass alle dei historiene vi har høyrt om deg frå Tiril, er du jo god i jobben din. Sjefen din i Skuggedal har faktisk skrytt over deg ved fleire høve. Du er ein av dei beste tilsette dei nokosinne har hatt. De jobbar jo med nokon av dei tyngste bebuarane i landet.»
«Hmm, ho sa ikkje eit ord til meg om det. Ingen der ute sa nokosinne eit godt ord til meg.»
«Vel, personalet i det bufellesskapet er ein tanke… spesielle, for å vere ærleg.» Einingsleiar såg småflau ut. – «Vel, eg har teke meg fridommen til å finne to annonsar som kan vere av interesse for deg. Alle er 100% faste stillingar, som du på grunn av fortrinnsretten er garantert å få. Den eine er i den kommunale heimesjukepleia i sentrum. Den andre er ein sjukeheim ikkje so langt frå der du bur.»
«Eg har òg gjort klar ei overtalserklæring til deg,» sa Katinka, før ho leikent landa eit stykke papir på bordet. Einingsleiar landa dei to jobbsøknadene ved sida av papiret. – «Skriv under her, og vi garanterer at du vil få ein av desse to jobbane.»
Karl snudde seg mot Lene, som igjen snudde seg mot Katinka.
«Gjer det,» sa Lene, særs ivrig etter å få denne saka ute av verda; den vakre brunetta sat formeleg der og trippa på kanten av stolen.
Med eit breitt smil i ansiktet skreiv Karl under på papiret som laug om at han var til overs i etaten.
So fort Karl og Lene var ute av døra, lente einingsleiar seg tilbake på stolen og sukka letta. Katinka sat og smilte for seg sjølv, for ho vende seg mot han med eit nærast ertent uttrykk i dei vakre, blå auga.
«Då var det overstått!» utbraut mannen. – «Endeleg vart vi kvitt den fyren! Han var eit mareritt!»
«Ja, slike som han set kommunen i eit dårleg lys,» sa Katinka. – «Noko som bringer oss over til neste punkt i dette møtet.»
«Neste punkt?» spurde han forvirra. – «Kva… kva meiner du?»
«Sidan eg fyrst har teke turen heilt ut hit, tenkte vi å slå to fluger i éin smekk.» Katinka tok opp sin dyre, gylne mobiltelefon. – «No er han klar, Charles.»
«Charles?» Mannen vart både skjelven og bleik. – «Er Ch-charles her? Etatsdirektøren?»
Katinka nikka sakte med dette overlegne smilet. I same augneblink opna døra inn til kontoret seg. Der dukka Charles opp og lukka stilt døra igjen etter seg.
«Jaaa, no når Charles er komen, kan vi byrje dette drøftingsmøtet…!» sa Katinka med noko som høyrdest ut som djup fryd i stemma si. Charles sette seg på einingsleiars venstreside.
«Drøftingsmøte?!» utbraut einingsleiar. – «Har de tenkt å seie meg opp?!»
«Roleg no, Tore,» sa Charles. – «Trekk pusten.» Han og Katinka veksla mykjeseiande blikk. Katinka tok deretter opp ei temmeleg tjukk mappe frå den lekre designerveska si. – «Vi har hatt deg under oppsikt ganske lenge no. Denne Tiril-affæren er, for å seie det rett ut, ein skamplett for etaten, om ikkje heile kommunen. Sjefen min, kommunaldirektøren, likar ikkje dette. For å underdrive kraftig.»
«Her er sakslista for drøftingsmøtet…!» sa Katinka og landa leikent og ertande eit papir framfor Tore. Han prøvde å plassere lesebrillene framfor auga, men skalv sånn på dei feite nevane at han miste brillene i golvet. Dei knuste. – «Det at du har late vere å gripe inn i ei alvorleg personalkonflikt, i tillegg til å ignorere eit overordna verneombod slik at vedkomande måtte varsle Arbeidstilsynet, har gjort til at vi her i kommunen tviler på om du er rett mann for ei einingsleiarstilling…!»
«M-men eg har jo vore einingsleiar i 20 år!» Tore såg ut som han skulle krepere. Den feite branden nærast heiv etter pusten. – «Og personalkonflikten var det jo Carina sitt ansvar å løyse!» Han snudde seg i fortviling mot Katinka. – «Og ikkje minst HR sitt ansvar!»
«Tore, kven har det overordna ansvaret for denne eininga?» spurde Charles roleg. Tore sat der og bivra. – «Det er det einingsleiaren som har. Altso du. Du valde å ikkje gripe inn i denne konflikten. Resultatet er fleire dødsfall, alle saman dyktige leiarar. Slikt kan vi naturlegvis ikkje ha noko av.»
«F-får eg sparken?!»
Katinka smilte overlegent (og ein tanke lystig) i det ho landa eit papir på bordet med den særs illevarslande overskrifta AVSKJED. Tore greidde sovidt å skimte overskrifta, og heldt seg til brystet.
«Må eg gå på dagen?! Kva med sluttpakke?! Kva med oppseiingstid?! Kva med fagforeininga?!»
«Dette har Lene, din tillitsvalde, godkjent saman med oss her i leiinga og HR,» sa Charles. – «Tore, du skal herved fråtre stillinga di med éin gong. Lever inn alle nøklar, nøkkelkort, nøkkelbrikker og liknande kommunale eigendelar. Rydd ut av kontoret ditt alle personlege eigendelar, og–»
Tore fall i golvet medan han heldt seg til brystet. Charles og Katinka sat der og såg på korleis eks-einingsleiaren vart fullstendig livlaus i ansiktet. Auga var oppsperra. Fjeset var låst i ein grimase av botnlaus frykt.
«Hmm, skal eg eller du ringje ambulanse?» spurde Charles.
«Det fiksar eg…!» sa Katinka og fiska elegant fram sin eksklusive mobiltelefon.
Og soleis enda historia om Karl sin siger i dei kommunale skugganes dal, som diverre skulle koste han meir enn han hadde trudd, og som i ettertid viste seg å vere ein uhyre sjeldan triumf i ei grå kommuneverd av endelause nederlag.
