Alt håp er tydelegvis ikkje ute for dei som lét seg covid-vaksinere. Eit japansk forskarteam i Tokyo har analysert dødsfalls- og vaksinasjonsregister frå meir enn 21 millionar individ. Denne på alle måtar imponerande bragda har avslørt eit høgst urovekkjande mønster, der dødsfall følgjer covid-19-vaksinasjon. Den høgste dødsrisikoen treffer inn mellom 60 til 120 dagar etter den andre dosen og påfølgjande dosar. Dødsrisikoen går tilbake til normale nivå fyrst eit heilt år etter siste dose. Det kan dermed sjå ut til at dersom ein overlever eit år etter siste mRNA-injeksjon, vil ein sannsynlegvis ikkje døy – iallfall ikkje av dei «trygge og effektive» vaksinane.
Finn Heartley i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«I ein banebrytande studie har professor Yasufumi Murakami ved Tokyo sitt vitskapsuniversitet avdekt kritiske data om tidslinja til dødsfall i kjølvatnet av covid-19-vaksinasjon. Forskinga, som analyserte register frå meir enn 21 millionar vaksinerte individ, viser at den høgste risikoen for død treffer inn mellom 60 til 120 dagar etter den andre dosen og påfølgjande dosar. Studien indikerer òg at risikoen for dødsfall vender tilbake til normale nivå eit år etter den siste vaksinasjonen. Dette funnet gjev klarheit til dei som har teke vaksinane, og som er bekymra for dei langsiktige helseeffektane.
Nøkkelinnsikt frå studien
- Analyse av vaksinerelaterte dødsfall: Forskarteamet, som utgjorde 350 japanske friviljuge, brukte japanske informasjonsfridomsførespurnader til å få tilgang til dødsregister og vaksineregister over meir enn 21 millionar individ. Dataa vart grundig analyserte for å forstå dødsmønstera i kjølvatnet av administreringa av covid-19-vaksinar.
- Topprisikoperiode: Studien fann ut at den høgste dødsrisikoen skjer innan 60 til 120 dagar etter den andre og påfølgjande dosane av vaksinen. Denne topp-perioden er markert av ein betydeleg auke i dødelegheitsratar, som deretter gradvis blir redusert over tid.
- Risikonormalisering: Eit av dei mest roande funna er at risikoen for død vender tilbake til normale nivå eit år etter den siste vaksinasjonen. Dette tydar at for individ som har blitt vaksinerte, går den høgna dødsrisikoen tilbake etter eit år. For dei som har passert denne perioden, antydar studien at dei ikkje lenger står overfor ein auka dødsrisiko på grunn av vaksinen.
- Ingen auka risiko for uvaksinerte individ: Forskinga bekrefta i tillegg at uvaksinerte individ ikkje opplever nokon auke av dødsrisikoen. Dette funnet forsterkar formeininga om at vaksinasjonsstatus ikkje i seg sjølv aukar risikoen for død for dei som valde å ikkje bli vaksinerte.
Implikasjonar og ekspertmeiningar
- Fysiologisk prosess: Studien antydar at den fysiologiske prosessen som fører til auka dødelegheit kan involvere immunforsvarsundertrykking og danninga av fibrøse proppar. Desse proppane kan blokkere blodforsyninga og føre til slag, hjarteinfarkt og andre plutselege dødsfall. Tidsvindauget på 60 til 120 dagar indikerer at desse prosessane tek tid til å utvikle seg og manifestere seg.
- Langsiktige helseeffektar: Medan studien fokuserer på dødsrisikoen, set den òg søkjelys på potensialet for kognitivt forfall og infertilitet blant vaksinerte individ. Dr. Bhakti, ein framtredande forskar på dette feltet, har sagt at vaksinane kan forårsake omfattande kognitiv svekking gjennom systemisk betennelse og øydelegging av hjerneceller.
- Folkehelsetilrådingar: For dei som har blitt vaksinerte, kjem studien med ei tydeleg tidslinje for når dødsrisikoen blir normalisert. Derimot legg den vekt på kor viktig det er med stadig vedlikehald og overvaking av helsa. Forslag inkluderer å halde ved like ein sunn livsstil, halde seg hydrert, og ete matvarer og kosttilskot som fremjar den kardiovaskulære helsa.
- Etiske og samfunnsmessige omsyn: Funna stiller viktige etiske spørsmål om innføringa og fremjinga av vaksinasjonsprogram. Resultata til studien understrekar behovet for gjennomsiktig kommunikasjon og nøye overvaking av vaksinetryggleiken for å sikre folketillit og informert avgjerdstaking.
Konklusjon
Forskinga til professor Murakami tilbyr ei kritisk og nyansert forståing av tidslinja og risikofaktorane assosiert med covid-19-vaksinasjon. For individ som har blitt vaksinerte, tilbyr dataa forsikring om at den auka dødsrisikoen går vekk etter eit år. Derimot understrekar den òg kor viktig det er å nøye overvake helsa, og behovet for vidare forsking på dei langsiktige effektane av desse vaksinane.
I det den globale samtalen rundt vaksinetryggleik held fram, tener denne studien som ein livsviktig ressurs for folkehelse-tenestepersonar, medisinske profesjonelle og individ som er ute etter klarheit når det gjeld dei potensielle risikoane og fordelane av vaksinasjon.»
I denne episoden av «Brighteon Broadcast News» snakkar Natural News-eigar Mike Adams om innhaldet i nemnde artikkel.
