Dokka på biletet er ikkje ei «Annabelle»-dokke.
Medan dokker kan vere vakre og fine å sjå på, reagerer mange med redsel og uhyggje, spesielt om dokkene er særs like menneske. Men kan dei òg huse forbanningar og forårsake ulykke og død? Ein 54-årig paranormal etterforskar har plutseleg og uventa døydd medan han var på turné med ei sokalla «Annabelle»-dokke i visstnok heimsøkte Gettysburg i den amerikanske delstaten Pennsylvania.
Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Dan Rivera (54) kollapsa ut av det blå under den skumle, heimsøkte ekskursjonen, der han hadde med seg den berykta dokka rundt om i landet, noko som har skapt nifse spekulasjonar om rolla til forbanninga. Brannmenn og ambulansepersonell rykte ut til hotellrommet til Rivera sundag kveld [13.juli 2025], der han vart funnen ikkje-responsiv, ifølgje rapportar.
Hendinga fann stad under Pennsylvania-delen av turneen hans, noko som har fått fans og det paranormale miljøet til å reagere kraftig på det sjokkerande tapet, der mange har trekt illevarslande samband til ryktet dokka har for å skape ulykke og død.
Tmz.com rapporterer: Adams fylke sin politilogg avslører pågåande HLR på ein mann som var på same alder som Rivera. Bortgangen til Rivera vart bekrefta av New England Society for Psychic Research, der han var leiande etterforskar. Den nøyaktige dødsårsaka er framleis uklar.
Rivera, ein fast gjest i den paranormale verda, gjorde det han elska – som var å vekkje opp nifse legender – då tragedien inntrefte. Han har bygt seg opp eit godt rykte som spøkjelsesjeger og ein følgjarskare i sosiale media som følgje av den underlege overtrua knytt til Annabelle si heimsøkte fortid.
Stoppet i Gettysburg – der verten var Ghostly Images of Gettysburg Tours i Soldiers National Orphanage – var heilt utselt alle tre dagane frå fredag til sundag.»
