Kvifor Staten er moderne slaveri

Vi som tenkjer sjølv har lenge hatt mistanken om at Staten ikkje er vår venn. Det ser ein på korleis det moderne samfunnet fungerer, der Staten ikkje har andre argument enn makt og vald for at vi skal betale mesteparten av lønna i skatt, og finne oss i eit stadig meir innvikla og menneskefiendtleg lovverk som er der for å beskytte interessene til Staten, og ikkje våre interesser. Å samtykkje til denne ordninga er å gje Staten legitimitet og tillit som den på ingen måte har gjort seg fortent til. Motsatsen her blir naturlov, universelle etiske prinsipp, og ikkje minst det å våge å utfordre statleg autoritet. Dette er ein kamp som er umogleg å vinne, men altfor lett å tape, for Staten har våpena og alle ressursane.

Dette oppsummerer essensen i det Mark Passio meiner, og i ein episode av End of Slavery Summit («Toppmøte for slaveriets slutt») på Natural News-Mike Adams sitt prosjekt Brighteon University, legg han ut i detalj om dette. Jacob Thomas i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«I Dag 1, Episode 1 av End of Slavery Summit, som skal sendast 26.juli, har programvert Cory Endrulat med seg forskar og føredragshaldar Mark Passio, som nådelaust plukkar frå kvarandre den moderne staten, og argumenterer at staten er slaveri, og at du kan vere medskuldig utan å vete det. Denne episoden vil få deg til å stille spørsmålet: Kva om alt du har blitt fortalt om fridom er ei løgn? Kva om sjølve institusjonane som hevdar å beskytte rettane dine, er dei mekanismane som held deg slavebunden?

Passio, som blandar naturlovsfilosofi, okkult innsikt og barberbladskarp historisk analyse, pakkar ikkje ting inn. Det han vil fram til, er at ekte undertrykking i dag ikkje er væpna med lenkjer, dei går i dress, krev skattar og lever godt av samtykke ingen stiller spørsmål ved.

Statar opererer utifrå tvangsstøtta fiksjon om at ideen om kollektiv godkjenning (røysting, lover, sosiale kontraktar) rettferdiggjer tvang mot individet. Men kan eit system bygt på ufriviljug underkasting nokosinne bli moralsk? Episoden, som trekkjer parallellar til historisk slaveri, eksponerer korleis moderne strukturar rett og slett er dominans i ny innpakning, og at dei er avhengige av at du trur dei er ‘legitime’.

Passio kjem med åtvaringane frå 1800-tals-abolisjonistar [gruppe som ville avskaffe slaveriet i USA; oms.an.], som spådde at politisk makt ville bli den neste slagmarka for menneskefridom. Om det skjer gjennom skattelegging, løyve eller overvaking, er statens grep avhengig av di deltaking. Utfordringa hans er å anerkjenne kor umoralsk systemet er, for so å slutte å støtte oppunder det.

For dei som ikkje er kjende med arbeidet til Passio, tener hans rammeverk av naturlov, universell, unekteleg etikk med rot i sanning, som den ultimate prøven mot statleg autoritet. Ifølgje han er ikkje samtykke nøytralitet; det er samarbeid. Denne episoden diagnostiserer ikkje berre problemet; den gjev sjåarane verktøya til å trekkje tilbake samtykke og krevje tilbake handleevne, og det startar med radikal sjølveigarskap.

Om du går derifrå overtydd eller skaka, er éin ting sikkert: Du vil aldri sjå på ein røysesetel, ein lønnsslipp eller ein politibetjent på same måten igjen.»

Kommentar frå Saksyndig: Mike Adams, som fyrst og fremst er ein forretningsmann, tilbyr lesaren å kjøpe pakken med alle episodane av End of Slavery Summit for å kunne sjå heile serien når det passar, i staden for å sjå kvar enkelt episode via LiveStream. Lesaren blir naturlegvis oppfordra til å sjølv bestemme om dette er noko som er verdt å bruke tid og pengar på. Konseptet om at Staten berre eksisterer fordi vi gjev den legitimitet, er for dei aller fleste ganske vanskeleg å ta innover seg. Slike «antistatlege» haldningar er vel gjerne det makta fryktar aller mest her i Noreg. Visse personar har møtt alvorlege og uhyggjelege overgrep frå Staten for å ytre seg på likande vis, og då rykkjer politiet ut mannssterke og oppfører seg som valdelege torpedoar på Statens vegner. Enkelte idear er særs farlege, spesielt no i 2025, når den orwellianske lova Digital Services Act er på trappene. Lesaren blir som vanleg oppfordra til å gjere eigne undersøkingar, og sjølv vurdere om det er verdt å ta opp kampen mot slik ein formidabel fiende.

Kommenter innlegget