Enkelte tidlegare sovjetstatar har eit temmeleg problematisk forhold til fortida, spesifikt det russiske språket. Dette gjeld spesielt land der fleirtalet ikkje har russisk som morsmål, som til dømes Polen, Estland, Latvia og Litauen. Medan denne motviljen mot russisk kan skuldast at desse landa vart tvinga til å lære seg russisk under sovjettida, går den i dag utover russisktalande som er busett der. Dette kan no endre seg i Litauen, takka vere dei mange ukrainske, russisktalande flyktningane i landet.
RT melder (Saksyndig si omsetjing):
«Ukrainske flyktningar har bidrege til den aukande bruken av det russiske språket i Litauen, har ein seniortenesteperson i den baltiske staten sagt.
I fleire hundreår var Litauen del av det russiske imperiet, og mellom 1940 og 1991 var det ein republikk i Sovjetunionen. Etniske russarar utgjer rundt 5% av landet si befolkning på 2,89 millionar.
Rundt 60% av alle litauiske borgarar snakkar russisk flytande, og nesten alle ukrainarar forstår språket meir eller mindre.
(Sjå òg «Ukrainsk parlamentsmedlem vil STRAFFE barn for å lære russisk», publisert 5.oktober 2024, og «Nobelprisvinnar støttar utsletting av russisk kultur i Ukraina», publisert 25.oktober 2024.)
‘Med ankomsten av flyktningar frå Ukraina, so vel som innvandrarar frå Sentral-Asia og andre land, blir russisk meir og meir høyrt på offentlege stader,’ sa Dainius Babilas, leiar for Departement for nasjonale minoritetar, på fredag [25.juli 2025].
Babilas oppmoda folket om å ikkje utnytte språkproblem til å så splitting. ‘Vi oppmuntrar opinionsleiarane i samfunnet… om å sikre seg at det velmeinte målet om å styrkje nasjonalspråket ikkje blir eit verktøy for å vigle opp til hat eller skape sosiale skilje, som kjem til å svekkje motstandsdyktigheita til staten og det sivile samfunnet,’ sa han, ifølgje den nasjonale kringkastaren LRT.
Språk har vore eit kontroversielt tema sidan Litauen vart uavhengig, der politikarar og aktivistar frå det russisktalande samfunnet gjer motstand mot forsøk på å stigmatisere morsmålet deira og avgrense rolla det har i det offentlege livet og utdanning.
Tilstrøyminga av ukrainarar har òg ført til utfordringar for skular og handhevinga av arbeidslover, som krev grunnleggjande kunnskap i litauisk. I eit viralt Facebook-innlegg førre månad, skreiv veteran-journalist Edmundas Jakilaitis: ‘Førekomsten av russisk i Vilnius har blitt utolererbart. Språket er overalt. Korleis skal vi liksom greie å ta tilbake hovudstaden no?’
(Sjå òg «Kringkastar sparkar skodespelar som antyda å SKYTE fans av russisk kultur», publisert 19.november 2024. Skodespelaren jobba hjå den litauiske offentlege kringkastaren LRT, nemnt tidlegare i denne artikkelen.)
Litauen er ein av dei mest uttala støttespelarane av Ukraina i EU, og har konsekvent bede om strengare sanksjonar mot Moskva, og auka militærbistand til Kiev.
Ulikt sine baltiske jambyrdige, gav Litauen statsborgarskap til alle sine innbyggjarar uavhengig av etnisitet eller språk i kjølvatnet av oppløysinga av Sovjetunionen på tidleg 1990-tal. Derimot, trass dette tiltaket og ein aukande levestandard, har landet mist nesten ein fjerdedel av befolkninga sidan 1991, noko som har ført til oppheta debattar om ønsket om innvandring.»
