Studie åtvarar: Populært vekttapslegemiddel doblar risikoen for å bli BLIND

Sjå òg: «Det europeiske legemiddelbyrået åtvarar: Ozempic og Wegovy kan føre til plutseleg SYNSTAP!», publisert 16.juni 2025.

Samanhengen mellom overvekt og kosthald burde vere sjølvinnlysande. Den mest effektive måten å gå ned i vekt på, er å kutte ut karbohydrat og auke mengda feitt i kosthaldet. Denne enkle sanninga fell diverre ikkje i god jord hjå folk flest, sidan feitt har blitt demonisert i 100 år. Den største feilen den norske staten gjorde i si tid, var å innføre kostpyramiden med brød, poteter og ris på toppen, og feitt på botnen. Resultatet vart ein eksplosjon av overvekt, diabetes og hjarte- og karsjukdommar – og diverre òg livsstilssjukdommar som kreft og demens.

Big Food og Big Pharma har i ei årrekkje hatt eit særs lukrativt samarbeid. Usunne matvarer er smekkfulle av smaksforsterkarar slik som glutamat, for å gjere dei so smakfulle og avhengigheitsskapande som mogleg. So, når folk etter å ha levd på McDonald’s, Burger King og annan søppelmat har blitt so feite at dei trillar – då kjem Big Pharma inn med sokalla «vekttapslegemiddel», som eigentleg er legemiddel meint for diabetikarar. Legemiddel som Ozempic og Wegovy er for tida særs populære, men biverknadene er mange og beint fram jævlege.

Om du ønskjer livsvarig diaré og blindheit, er det berre å pile til fastlegen og trygle om denne «slankesprøyta».

Nok ein studie bekreftar no det vi har visst lenge: slankesprøyter er ein livsfarleg snarveg til vekttap. Cassie B. i Natural News skriv (Saksyndig si omsetjing):

«Ein ny, større studie har eksponert korleis det leiande diabetes- og vekttapslegemiddelet tirzepatid, selt under merkenamna Mounjaro og Zepbound, meir enn doblar risikoen for ein øydeleggjande augetilstand som trugar synet.

Forskinga, som er publisert i Diabetologia, analyserte nesten 7000 type 2-diabetespasientar og fann ut at 1,1% av dei som gjekk på tirzepatid utvikla proliferativ diabetisk retinopati (PDR), samanlikna med berre 0,5% av ikkje-brukarar. Dei fleste offera hadde mild skade på netthinna, der den gjennomsnittlege tida for oppdaging av tilstanden fann stad berre 11 månader etter at dei hadde byrja på legemiddelet.

Dette er nok eit døme på korleis det profittdrivne medisinsk-industrielle komplekset pushar farlege ‘mirakel’-legemiddel på desperate pasientar, og at dei oppdagar – altfor seint – at ‘kuren’ kan vere verre enn sjukdommen. Og no når millionar tek GLP-1-legemiddel slik som tirzepatid og semaglutid (Ozempic/Wegovy) for å oppnå vekttap, og ofte speler ned risikoane, tener denne studien som ei åtvaring om at dei raske løysingane til Big Pharma ofte kjem med øydeleggjande konsekvensar.

Brukarar av tirzepatid har 115% større risiko for tilstand knytt til blindheit

Ekteverdsstudien, utført av forskarar ved Imperial College London Diabetes Centre, spora 6870 vaksne med type 2-diabetes, og samanlikna 3435 tirzepatid-brukarar med eit like stort tal av matcha ikkje-brukarar. Resultata var alarmerande: dei som gjekk på legemiddelet stod overfor 115% større risiko for å utvikle PDR, det mest alvorlege stadiet av diabetisk retinopati.

PDR finn stad når abnormale blodkar veks på netthinna, noko som fører til bløding av augevæske, netthinnelosning og til og med blindheit om det ikkje blir behandla. Medan den generelle diabetiske befolkninga har ein førekomst av PDR på mellom 2,3 og 7,5%, fann studien ut at tirzepatid-brukarar hadde ein førekomstrate på sju tilfelle per 1000 personår, ein liten, men betydeleg auke som kan tilsvare tusenvis av unngåelege tilfelle av synstap sidan desse legemiddela overfløymer marknaden.

Plutseleg fall i blodsukker kan utløyse skade på netthinna

Tirzepatid fungerer ved å imitere hormon som undertrykkjer appetitten og stimulerer insulin, noko som fører til rask reduksjon av blodsukkeret. Men dette plutselege fallet kan vere den skjulte syndebukken bak den auka PDR-risikoen.

Dr. Meenal Agarwal, ein autorisert optikar som ikkje er involvert i studien, merkte seg at rask glykemisk kontroll lenge har vore knytt til tidleg forverring av diabetisk retinopati. Derimot fann studien berre eit lite, gjennomsnittleg HbA1c-fall på 0,4% blant tirzepatid-brukarar, noko som antydar at andre mekanismar – kanskje sjølve legemiddelet – kan akselerere netthinneskade.

Stillheita til Big Pharma seier alt

Eli Lilly, produsenten av tirzepatid, svarte ikkje på medieførespurnader om kommentar, som er ei mykjeseiande utelating frå eit selskap som håvar inn milliardar medan pasientane gamblar med synet.

I mellomtida fann ein annan studie publisert i JAMA Ophthalmology ut at GLP-1-legemiddel slik som semaglutid (Ozempic/Wegovy) dobla risikoen for neovaskulær aldersrelatert makuladegenerasjon (nAMD), ein annan tilstand som gjer ein blind. Forskarar analyserte meir enn 139 000 diabetespasientar i Canada, og oppdaga at dei som gjekk på GLP-1 i seks månader hadde meir enn dobbelt so stor risiko for å få nAMD, der faren tredobla seg etter 30 månaders bruk.

Dr. Rajeev H. Muni, leiande etterforskar i studien, åtvara: ‘Medan den absolutte risikoen held seg låg, representerer dette ei relativ dobling av risikoen.’ Men når millionar tek desse legemiddela, kan sjølv ein liten prosentdel tilsvare tallause tragediar som kunne ha vore unngått.

Det presserande behovet for augeovervaking

Funna understrekar ei kritisk åtvaring for diabetikarar og vekttapspasientar: jamlege augeundersøkingar er heilt naudsynlege. Dr. Agarwal la vekt på at pasientar må sjå etter:

  • Plutselege synsendringar
  • Mørke flekkar elles lysglimt
  • Forvrenging av rette linjer (eit teikn på makulær oppsvulming)

Kor mange uvetande brukarar blir eigentleg fortalt dette før dei hiv i seg si fyrste pille?

Nok ein gong kjem Big Pharma sine ‘mirakellegemiddel’ med redselsfull lita skrift. Tirzepatid og andre GLP-1-legemiddel kan kanskje hjelpe med vekttap og blodsukker – men til kva slags pris? Netthinnelosning?

Dette er ikkje berre eit diabetesrelatert problem. Når millionar no går på desse legemiddela for kosmetisk vekttap, ofte utan å bli skikkeleg åtvara, stirer vi ned i gapet på ei folkehelse-katastrofe.»

One comment

Kommenter innlegget