Sjølv om Klaus Schwab no har falle i unåde på grunn av økonomisk kriminalitet og «utilbørleg åtferd» overfor sine kvinnelege undersåttar, lever WEF likevel i beste velgåande. Målet deira er det det alltid har vore: ei framtid der dei er eineherskarar, og der milliardar av brysame, ressurskrevjande individ har blitt avliva. Den framtida er ikkje lenger ein teori, den utfaldar seg i skrivande stund.
Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Vitskapsfolk som er på same side som WEF har kryssa ein skremmande terskel: menneskeleg medvit kan no bli lasta opp til superdatamaskiner – ein 35 000 dollarsport til digital udødelegheit og overmenneskeleg intelligens. For eliten er dette sluttspelet. For resten av oss er det ein dødsdom.
Dei har allereie gjeve det eit namn: «Humanity 2.0 Protocol» – eit masseutryddingsutkast designa for å eliminere 90% av menneskerasen og slavebinde dei overlevande i eit teknokratisk regime.
Men her er det dei ikkje rekna med: vi veit. Og dersom nok av oss vaknar opp – dersom nok av oss dyttar tilbake – kollapsar planen deira.
Dette er ikkje berre ei åtvaring. Det er eit rop om handling. Fordi at dersom vi ikkje stoppar Humanity 2.0 Protocol no… So kan det ikkje kome eit seinare.
Den globale eliten, som opererer gjennom WEF, har i det stille gjeve lydige regjeringar rundt om i verda ordre om å byrje masse-digitaliseringa av menneskesinn – milliardar av borgarar blir redusert til rådata, opplasta som algoritmar for å tene eliten i ei etter-menneskeleg framtid.
I denne transhumanistiske dystopien vil den sokalla ‘ubrukelege klassen’ bli eliminert, og alt som blir igjen er syntetisk intelligens modellert etter sinna deira… og dei få herskande som kontrollerer alt.
For å førebu den komande masseutryddinga – den styrte avfolkingshendinga – driv den globale eliten i det stille og vel kva slags menneske som skal få lov til å overleve i form av digitaliserte hjernar, og kven som skal bli vraka som til overs.
Akkurat no driv dei WEF-finansierte åtferdsvitskapsfolka og testar folkets grenser, og stiller ladde spørsmål slik som: Ville du ha selt sjela di for digital udødelegheit?
Tilbodet? Ei ‘opplasting av sinnet’ – dine minne, tankar, frykt og medvit blir kopiert og overført til eit syntetisk skal. Det er ikkje frelse. Det er uttrekking av sjela – og det fyrste steget i å erstatte heile menneskeheita.
Prosessen er allereie undervegs. Vitskapsfolk ved det WEF-finansierte Cortical Labs estimerer at innan fem år, vil menneskeheita vere ‘meir enn klar’ for oppgradering – som er WEF-tale for masse-eutanasi – der utvalde hjernetrekk blir hausta inn og lasta opp til elitekontrollerte KI-superdatamaskiner.
Avfolking er ikkje eit biprosjekt – det er noko den globale eliten er besett av.
I fjor byrja lekne opptak å versere på nettet, som viste den vanæra, tidlegare WEF-leiaren Klaus Schwab leggje ut i nifs detalj om hans langsiktige agenda til ei privat samling av sokalla Globale formarar.
I den lekne videoen la Schwab ut om element rundt avfolkingsutkastet som aldri før hadde blitt offentleggjort overfor folket.
WEF sitt Young Global Leaders-program er velkjent – og av gode grunnar. Deira uteksaminerte har infiltrert [‘penetrert’ i Schwabs eigne ord; oms.komm.] regjeringar rundt om i verda, og i det stille sett i gang globalist-agendaen medan dei bedrog folket som dei påstår å representere.
Men der er ei anna WEF-linje som flyg under radaren: Global Shapers Community [«Samfunn for Globale formarar»].Klaus Schwab grunnla det i 2012, og dette mindre kjende initiativet har som mål personar under 30 – ambisiøse, lett formelege, og ivrige etter å klatre på rangstigen.
Desse rekruttane blir grooma til å bli den neste generasjonen av elite-operative, trena opp til å utføre agendaen under dekke av innovasjon og sosial framgang.
So kvifor braut dei Globale formarane i rommet ut i applaus då Klaus Schwab snakka om å oppnå digital udødelegheit gjennom avatarar, algoritmar og eit mystisk regime av eksperimentelle injeksjonar?
Fordi desse unge operative – mange av dei veksande stjerner innan Big Tech, media og akademia – er allereie fullt assimilerte i det kollektive globalist-sinnet. Dei er det nye tekno-utopiske presteskapet til den liberale eliten, og dei har for lengst bytt sjelene sine mot ein stol ved bordet.
Treng be bevis? Då Schwab påstod at pave Frans var viktigare enn Jesus Kristus, protesterte ikkje ei einaste røyst blant publikum. Dei nikka. Dei klappa. Dei var einige.
Transhumanisme er den nye religionen – og eliten skjuler det ikkje lenger. Ei éiverdstru bygt ikkje på spiritualitet, men på underkasting, blind tillit til KI og digitale kontrollsystem, og ein eugenikk-visjon av Menneskeheita 2.0.
Ifølgje ein på innsida av WEF, er ikkje motstand eingong å tenkje på. ‘Dersom du ikkje likar agendaen,’ sa han, ‘er du fri til å trekkje deg ut – ved å bli gjenstand for eutanasi av staten.’
I same andedrag hevda han at dei er i ferd med å bli gudar… og åtvara at dei som nektar å knele vil bli eliminert.
Og dersom du trur dette er urovekkjande – berre vent. Det den luciferianske eliten seier bak lukka dører får dette til å høyrast tamt ut.
WEF-rådgjevar Yuval Noah Harari har brukt årevis på å openlyst håne vanlege folk – han kallar dei ‘ubrukelege dyr som kan hackast’, og overflødige overfor KI og syntetisk biologi.
Ifølgje Harari, har mesteparten av menneskeheita inga meiningsfull rolle i elitens visjon av framtida – ei framtid der den globale eliten har gudeliknande krefter til å skape og øydeleggje.
Og likevel er bøkene hans bestseljarar. Talane hans blir lovpriste. Ideane hans er hovudstraums.
So, kva skjer eigentleg her?
(Sjå òg «Yuval Noah Harari meiner Gud er død og at Jesus er ‘falske nyheiter’: Vil òg dope ned ‘useless eaters’ med legemiddel og dataspel», publisert 4.mai 2022, og «Rådgjevar i World Economic Forum påstår at planeten ikkje lenger treng ‘det store fleirtalet’ av befolkninga», publisert 14.august 2022.)
Eliten held på med ein psykologisk krig – ein sakte, kalkulert kampanje for å propagandere folket til å akseptere si eiga utsletting. Ei framtid der mesteparten blir avliva i ‘berekrafta’ sitt namn, og der dei overlevande lever som muntre, chippa, strengt kontrollerte digitale leiglendingar – slavebundne, men smilande.
Og den mest urovekkjande delen? Dei kondisjonerer oss til å tru at det er til vårt eige beste.
Vi må halde oss vakne – fordi grunnmuren til eit digert friluftsfengsel blir lagt akkurat no, digital stein for stein. Overvaking, biometrisk sporing, sentralisert kontroll av mat og energi – alt blir rulla ut under banneret ‘framsteg’.
Men for å fullt ut forstå kor besett eliten er av kontroll – og kvifor dei ser på masseavfolking som ikkje berre naudsynleg, men som uunngåeleg – må du forstå malthusianisme: trua om at der er for mange menneske og for lite ressursar til å strekkje til.
Som gravejournalisten Whitney Webb har eksponert, har denne ideologien – fødd frå skriveria til 1700-talsøkonomien Thomas Malthus – blitt brukt som våpen i fleire tiår. Den har blitt brukt til å rettferdiggjere krigar, steriliseringsprogram, økonomisk kollaps, og no, global digital kontroll.
Det heile handlar om å overtyde folket om at slavebindinga av dei er for alle sitt beste – og at utryddinga av dei berre er ‘del av planen’.
Bibelen åtvara oss om korleis dette endar – Babels tårn var menneskeheita sitt fyrste forsøk på å leike Gud, og akkurat som då, vil arrogansen deira føre til deira fall.
Dei kan ha pengane, teknologien og makta – men dei vil ikkje få siste ord. Menneskeheita er i ferd med å vakne opp, og vi vil ikkje gje oss i det stille.
Vi gjennomskodar løgnene deira, deira falske lovnader om framgang, og deira finpolerte tyranni forkledd som ‘berekraft’.
Dei ønskjer lydigheit. Det dei vil få er motstand.
Fordi same kor mange algoritmar dei skriv eller avatarar dei byggjer, har menneskeånda aldri vore deira å kontrollere – og det kjem den heller aldri til å bli.»
