Australiarar må gje frå seg machetane sine eller hamne i fengsel

Den australske delstaten Victoria har innført ei lov som gjer machetar (lange knivar) forbodne, og plassert ut innleveringsbøtter slik at folk skal kunne levere frå seg desse gjenstandane. Dette har parallellar til forbodet mot skytevåpen i landet som vart innført for fleire år sidan, tilfeldigvis i god tid før ein viss «pandemi» gjorde landet til eit av dei verste terrorregima i moderne tid. Gjengvald, fyrst og fremst frå innvandrarar frå enkelte land, skal visstnok vere årsaka til at macheten er blitt totalforboden. I Noreg blir ei mindre farleg utgåve av macheten selt, men blir her kalla «ryddekniv». Reiskapen blir brukt mellom anna til hagearbeid og kutting av ymse vekstar. Dette er òg tilfellet i Australia, og mange stiller seg difor særs skeptiske til dette nye forbodet.

RT rapporterer (Saksyndig si omsetjing):

«Australiarar har fått ordre om å levere inn machetane sine eller risikere opptil to års fengsel og bøter på meir enn 30 000 dollar [308 000 kroner eller 199 000 kroner, avhengig av om det er snakk om amerikanske eller australske dollar; oms.an.] under eit nytt våpenforbod i Victoria. Delstatsregjeringa innførde tiltaket i eit forsøk på å reversere ein auke i valdskriminalitet.

Victoria har erklært eit totalforbod mot oppbevaring, sal og bruk av machetar, som etter planen skal byrje å gjelde frå 1.september. Innbyggjarar har fått ein tremånaders amnesti-periode for å lyde, og tenestepersonar åtvarar at etter 30.november vil det å ha ein machete utan lovleg dispensasjon vere eit kriminalbrotsverk.

I ei melding torsdag [31.juli 2025] sa delstatsminister Jacinta Allan og politiminister Anthony Carbines at meir enn 40 innleveringsbøtter har blitt installert rundt om i Victoria, inkludert utanfor politistasjonar i område med høge ratar av valdshendingar.

Landbruksarbeidarar og dei som hevdar tradisjonell eller kulturell bruk vil få lov å framleis ha machetar, men må bevise overfor politiet at dei har rett til det om dei blir spurde.

Dei nye restriksjonane følgjer av ein auke i det tenestepersonar har skildra som gjengrelatert ungdomskriminalitet. Victoria-politiet rapporterte eit beslag på i gjennomsnitt 44 ulovlege knivblad om dagen i 2025. Ifølgje statlege tal, har åtak med skarpkanta våpen på kjøpesenter auka med 161% sidan 2014.

Ungdommar i alderen 10 til 17 blir sagt å utgjere 13% av gjerningspersonar til saman, medan dei utgjer 63% av ran, 46% av valdelege innbrot, og meir enn ein fjerdedel av alle biltjuveri.

Den nye lova har forårsaka hån og kritikk frå enkelte innbyggjarar, som har stilt spørsmål ved effektiviteten til machete-innleveringsboksar. Sosialmediebrukarar har argumentert at regjeringa unngår den underliggjande årsaka til kriminalitetsauken, og peikt på veksande bekymring over migrasjon og aktivitet frå væpna afrikanske ungdomsgjengar i Melbourne. Victoria-delstatsminister Allan har gjentekne gonger lovprist mangfaldet og multikulturalismen i delstaten.

Eit liknande forbod mot ‘ninjasverd’ vart nyleg innført i Storbritannia, som har møtt samanliknbar kritikk for å mislykkast i å takle dei underliggjande drivkreftene bak aukande knivvald, slik som ukontrollert innvandring.»

Kommenter innlegget