12.januar 2024 vart foreininga Resistans stifta på landlege Atløy like vest for Askvoll sentrum i Askvoll kommune i Sunnfjord. Samfunnsdebattant og 2.-kandidat for Noregsdemokratane Nikolai Vilnes står bak foreininga, og er leiar der. Med seg har han nestleiar Ole Kistrup Vilnes, organisatorisk nestleiar Hanne Merete Bjerkvik, sekretær og kasserar Hege Fossum, og styremedlemmene Monika Øvreberg og Ronny Espenes. Dei skildrar seg sjølv som eit bidrag for å oppnå eit meir rettferdig og folkestyrt samfunn.
Dei fleste som har prøvd å køyre ei sak i retten, veit at utfalla er meir eller mindre vilkårlege. Om dette skuldast inkompetanse eller vond vilje frå dommarane, er eit ope spørsmål, men mange saker antydar sterk inhabilitet frå dommaren si side. Spesielt varslarsaker har eit legendarisk dårleg utfall, slik nettstaden Monsens revelje har mange døme på – den norske rettsstaten er i dette tilfellet arbeidsgjevarvennleg. Dette gjeld derimot ikkje berre varslarsaker. Eg skal varsamt opne det enorme kvefsebolet som barnevernsaker utgjer – der fleire av dei har blitt sendt til menneskerettsdomstolen i Strasbourg, og der dei fornærma har vunne sakene mot Noreg. Rettstryggleiken til folket er absolutt i fare. Resistans er ein av dei nye aktørane som vil gjere eit ærleg forsøk på å få ordna opp i noko av denne grove uretten.
Som dei sjølve skriv på nettsida:
«Resistans er etablert som et bidrag for å oppnå et mer rettferdig og folkestyrt samfunn. Foreningen har som formål å motarbeide korrupsjon og maktmisbruk fra offentlige og statlige aktører.
Vårt mål er å avdekke og motvirke maktmisbruk fra offentlige og statlige aktører. Vi jobber aktivt med å granske dokumenter, saker, og avtaler for å avdekke urettferdighet og ulovligheter.»
Og vidare:
«Resistans vil jobbe innenfor en rekke områder for å bistå norske borgere i kampen mot maktmisbruk fra offentlige og statlige aktører. Styre og våre medlemmer vil jobbe for å sikre at rettighetene til enkeltmennesker og samfunnet som helhet blir ivaretatt.»
Dei vil publisere arbeid og viktige saker, gjennomgå dokument og avtalar, skaffe støtte og rettleiing til rettslege prosessar, og informere og opplyse om politikk og samfunnsspørsmål. I tillegg vil dei samarbeide med andre organisasjonar eller aktørar som støttar føremåla til foreininga.
Innsatsen deira trengst, for å seie det mildt. Folket har ingenting dei skulle ha sagt når det gjeld politiske spørsmål. Ingen vil ha vindmøller, men dei dukkar opp overalt likevel. Ingen vil ha skyhøge straum- og drivstoffprisar, men det skjer likevel. Ingen vil ha bomstasjonar, men det blir stadig fleire av dei. Og ingen vil inn i EU, men vi er der allereie gjennom ein EØS-avtale ingen ville ha – og den som prøvde å åtvare oss mot EØS-avtalen på 1990-talet, vart sperra inne på psykiatrisk avdeling (Synnøve Fjellbakk Taftø). Resistans vil ha eit meir folkestyrt samfunn. No blir vi styrt av nokon som mildt sagt ikkje vil oss vel.
Alle som vil, kan bli medlem i Resistans. Aktivt medlemskap kostar 300 kroner i året, støttemedlem 200, og honnør og ungdom under 18 år 150 kroner. Medlemskap føreset at ein godtek og følgjer dei etiske retningslinjene til foreininga.
Den som vil kontakte Resistans, kan gjere det ved å ta kontakt på deira fysiske adresse: Herlandsvegen 595, 6985 Atløy. Dei kan òg kontakte leiar Nikolai Vilnes på e-post: nikolai.vilnes@resistans.net
Vilnes har i tillegg si eiga Facebook-side. Han var i intervju med Linda Nordskog på Samtaleloftet 27.november 2024. I intervjuet, som varte i over to og ein halv time, vart det snakka om dagsaktuelle og særs viktige tema slik som politikk, sensur, kanselleringskultur og sosial kontroll – verktøy som blir brukt som våpen for å splitte befolkninga.
Uavhengige media er viktige for å sikre fri informasjonsflyt og bidra til ein balansert samfunnsdebatt, meiner Vilnes. Saksyndig er einig i dette. I dag bestemmer ei handfull digre mediekonsern og nyheitsbyrå kva slags informasjon folk flest skal få tilgang til, og alle andre medieaktørar blir stempla som useriøse og konspiratoriske (av nemnde mediekonsern og nyheitsbyrå, lyt eg leggje til). Som eit resultat er den offentlege debatten i Noreg særs einsidig, og dette gjeld store tema slik som covid-19-«pandemien», Ukraina-krigen og myten om den globale oppvarminga. Store delar av befolkninga framstår etter mitt syn som hjernevaska og uvetande om kva som lurer seg i skuggane.
Nikolai Vilnes er 2.-kandidat for Noregsdemokratane i Sogn og Fjordane valkrins i årets viktige Stortingsval. I nemnde Firda-artikkel blir han «konfrontert» med at Noregsdemokratane har hatt «klar sympati med Russland og deira invasjon av Ukraina». I 2023 skreiv Noregsdemokratane at krigen i Ukraina er eit resultat av vestleg krigshissing (noko som er heilt sant), og at dei difor ikkje ville yte våpenhjelp til Ukraina. Dei har no fjerna denne informasjonen frå heimesidene sine. Vilnes sa i det høvet til Firda at dei tek avstand frå krigshandlingane til Russland. Han la òg til at om Noregsdemokratane hadde støtta Russland, hadde han ikkje stilt for dei. I hans eigne ord: «[…] eg kan ikkje støtte eit land som angrip eit anna.»
(Det skal her nemnast at Noregsdemokratane fram til ganske nyleg hadde eksplisitt støtte av krigarstaten Israel i partiprogrammet sitt – dette er no fjerna. Og det er bra, for hadde Vilnes halde seg til prinsippet sitt, hadde han nok ikkje stilt for Noregsdemokratane om Israel-støtta hadde blitt verande i partiprogrammet.)
Han og Resistans skal delta på Arendalsuka torsdag 14.august saman med blant andre advokat Barbro Paulsen og politivarslar Vigdis Bollerud. Temaet for Arendalsuka er systemsvikt: kva skjer når rettstryggleiken sviktar, og kven tek ansvaret? Vilnes har etter eiga utsegn sjølv blitt råka av systemsvikt, og han skal på Arendalsuka snakke om korleis maktmisbruk og systemsvikt svekkjer tilliten til samfunnet.
Saksyndig følgjer interessert med på Resistans.
