Folk i krigsherja og fattige land har for lengst oppdaga det: Å reise til Vesten og søkje om asyl er ein sikker veg til permanent ferie, gratis bustad og pengar. Og takka vere visse politikarar, er det ikkje lenger eit krav at innvandrarar lærer seg språket i vertslandet – integrering blir dermed vanskeleg, om ikkje umogleg. Innvandring er eit betent tema å diskutere i dagens samfunn, og hovudstraumsmedia har instruksar frå høgste hald å halde tilbake dei negative konsekvensane, samstundes som dei overdriv det positive som ukritisk masseinnvandring av ikkje-integrerbare menneske fører med seg. Korleis stoda eigentleg er, såg vi fredag 15.august 2025, då Noregsdemokratane-leiar Geir Ugland Jacobsen og AfD-politikar Lena Kotré måtte evakuerast inn i eit parkeringshus under si førehandsvarsla «befaring» på innvandrartette Grønland i Oslo. Elles ville dei ifølgje politiet ha blitt slått i hel (!).
Snakkar ein fyrst om språk, har enkelte innvandrarar ingen som helst ønske om å lære seg språket til vertslandet – for då må dei jo ut og jobbe for føda slik som det store fleirtalet av oss andre. Ein ny studie i Austerrike antydar at visse flyktningar stryk på språkprøver med vilje for å unngå å måtte forlate den nøkterne, men behagelege tilværelsen som borgarlønt dagdrivar. Thomas Brooke på nettstaden Remix News skriv (Saksyndig si omsetjing):
«Ein ny rapport frå Den austerrikske tenesta for offentleg sysselsetjing (AMS) har skapt kontrovers etter å ha antyda at enkelte flyktningar med vilje stryk på tyske språkkurs for å unngå å bli plassert i dårleg betalte jobbar.
Funna, som er publisert i studien ‘Nye flyktningar frå Syria på den austerrikske arbeidsmarknaden’, rettar fokus på ei veksande utfordring innan integreringspolitikken, med bekymringar om at språktrening, som ein gong vart sett på som nøkkelen til sysselsetjing, er i ferd med å bli ein barriere i staden for.
I rapporten får vi ei fyrstehandsberetning frå ei syrisk kvinne som studerte medisin i heimlandet sitt og jobba som barnelege i Tyrkia, og ho kritiserte det som ho ser på som eit systemisk problem: kvalifiserte syriske kvinner blir tvinga ut i reinhaldsyrke utan å ta omsyn til deira profesjonelle ferdigheiter. Ho hevdar at som respons, so vel enkelte flyktningar å stryke med vilje på språkprøver for å unngå å bli plassert i slikt lågstatusarbeid.
Sentralt i klagen hennar er problemet med for låge lønningar, som ifølgje ho ofte ikkje eingong dekkjer grunnleggjande levekostnader, noko som gjer sosiale velferdsytingar eit meir attraktivt alternativ.
Case-studien ser ut til å bli støtta av AMS-data, som viste at to tredelar av dei som fekk innvilga opphald eller subsidiær beskyttelse, krev lese- og skriveferdigheitstrening, og 44% er fullstendig analfabet. Som rapportert av Kosmo, skriv AMS at 30% av flyktningar framleis ikkje har nokon som helst tyskspråklege kunnskapar sjølv 18 månader etter å ha blitt registrert i Austerrike. Mange var årevis i transittland før dei kom dit, og i enkelte tilfelle kan dei ikkje eingong lese på morsmålet sitt.
I juli 2025 var arbeidsløyseraten for syrarar i Austerrike på 45,4%. Wien er episenteret til problemet, der meir enn halvparten av alle arbeidsløyse innvandrarar bur i hovudstaden. I mellomtida, i andre føderale delstatar, er fleire titals tusen ufaglærte yrke framleis ledige.
AMS erkjenner at det å bevisst stryke på kurs for å unngå arbeid kan finne stad, men insisterer at dette ikkje er ein utbreidd praksis. ‘Der finst truleg isolerte tilfelle, men dette eksisterer ikkje som eit merkbart fenomen,’ seier byrået. Derimot vedgår det at det å prove bevisst stryk ‘knapt kan gjerast i praksis’. Sanksjonar er berre moglege om det tydeleg kan visast at ein person forsettleg saboterte kurset eller prøva si.
Problemet er òg nært knytt til det austerrikske velferdssystemet. Enkelte innvandrarar kan kanskje rekne seg fram til at ufaglærte jobbar betaler mindre enn den kombinerte summen av arbeidsløysetrygd og sosialstøtte. AMS nektar ikkje for at det økonomiske insentivet for å bli verande utan arbeid eksisterer.
Den austerrikske føderale regjeringa prøver å reformere systemet for å sikre at arbeid betaler betre enn velferdsytingar. Frå og med 2026 vil asylsøkjarar som skulkar obligatoriske språkkurs eller stryk på prøva, stå overfor kutt i sine velferdsutbetalingar.
I nedre og øvre Austerrike er slike tiltak allereie i bruk, med reduksjonar på opptil 50% for dei som nektar å delta.
Tidlegare denne veka [veke 33] vart realiteten til masseinnvandring i Austerrike openberr, etter at nye tal frå Den statistiske årboka for Innvandring og Integrering fann ut at kvinner frå Syria, Afghanistan og Irak som bur i Austerrike, har ein gjennomsnittleg fødselsrate som er nesten tre gonger høgare enn den til kvinner som er fødd i Austerrike.
Den nye generasjonen med ei veksande muslimsk befolkning har ein omfattande effekt på Austerrike, spesielt innan utdanning. I oktober 2024 avslørte føderale data at meir enn tre fjerdedelar av elevar på mellomtrinnet i Wien ikkje snakkar tysk heime, noko som legg press på eit utdanningssystem som er laga for eittspråkslæring.
Ei spørjeundersøking gjort på same tid av lokale lærarfagforeiningar i enkelte av Wien sine 100 obligatoriske skular, avslørte ikkje berre systemiske problem slik som språkbarrierar, men òg ekstreme hendingar, inkludert åtak på lærarar, situasjonar der foreldre til eit skulebarn bad ein lærar om å gå med ein burka, og til og med utføring av narreavrettingar.
Det har ført til at lærarar forlèt yrket sitt – opptil 20 om dagen i 2024 – og andre lærarar snakkar ut om den ‘raske islamiseringa’ av den austerrikske hovudstaden.
‘Islam endrar samfunnet vårt på måtar vi ikkje ønskjer,’ sa Christian Klar, som har vore rektor i årevis på ein mellomskule i Wien, i eit intervju med det kristne magasinet Corrigenda i fjor.»
